Folk sender inn bilde frå nettet som bevis i forsikringssaker

3 weeks ago 21



Folk er kreative når dei prøver å få seg nokre ufortente kroner frå forsikringsselskapa.

Det er særleg etter ein ferietur, eit innbrot i huset eller hytta at folk ifølgje forsikringsbransjen tar seg fridommar.

Da kan det vere til dømes veldig mykje designvarer som var med på den Syden-turen, og det viser seg at det ikkje stemmer etter kvart.

Stine Neverdal
Kommunikasjonssjef
Finans Norge Forsikringsdrift

Det er ein aukande trend av digital svindel, seier kommunikasjonssjef i Finans Noreg Forsikringsdrift, Stine Neverdal.

Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon

Det seier kommunikasjonssjef i Finans Noreg Forsikringsdrift, Stine Neverdal.

Også Storebrand får merke den aukande svindelen.

Andreas Jacobsen er leiar for utgreiing i selskapet, og jobbar med å avsløre forsikringssvindel.

Han seier at dei ser fleire svindelforsøk med digitale metodar, spesielt for innbuforsikring.

Ein sender inn bilde henta frå internett, som eit eksempel på at ein skade skal ha skjedd. Vi har funne bilde på nettet som er identiske med det kunden har sendt inn til oss. Eksempelvis skadde TV-ar, der skjermen er knust.

Svindel med digitale metodar inneber at svindlaren sender inn forfalska dokumentasjon. Dette kan gjerast ved å sende inn ein kvittering eller et bilde som er manipulert, eller skaffa ved hjelp av program på internett.

Ein kunde sendte inn dette bildet.

Ein kunde sendte inn dette bildet.

Forsikringsselskapet fant denne videoen på youtube, med eit stillbilde som illustrerer ein øydelagt TV.

Forsikringsselskapet fant denne videoen på youtube, med det same stillbildet som illustrerer ein øydelagt TV.

Det er når kundane skal dokumentere kva som er øydelagt eller kva dei har mista at dei sender inn falske bilde, seier Jacobsen.

Han seier heile bransjen opplever at det blir gjort forsøk på svindel av innbu- og reiseforsikringa.

Det å bruke feilaktig dokumentasjon eller å forfalske dokumentasjon er alvorleg. Da undergrev ein den tilliten det skal vere mellom forsikringskunde og selskapet.

Han seier dei som selskap er heilt avhengige av å kunne stole på kundane og stole på at dokumentasjonen er rett.

svindelbilder

Kunde sende dette bildet til forsikringsselskapet som seinare fann det igjen på nettet.

Foto: STOREBRAND FORSIKRING / NRK

Det er den digitale svindelen som aukar mest, seier Neverdal i Finans Noreg forsikringsdrift.

Så langt i år har det vorte avslørt forsikringssvindel for 230 millionar kroner, som er ein auke frå same periode i fjor.

Fjoråret vart til slutt eit rekordår for forsikringssvindel, der det til slutt vart rapport svindel for 491 millionar kroner.

Fleire unge svindlar

Det er fleire menn enn kvinner som svindlar selskapa, og ifølge Finans Noreg forsikringsdrift er talet på svindlarar under 29 år aukande.

– Det å svindle på forsikringa betyr at dei stel frå fellesskapen, seier Neverdal i Finans Noreg forsikringsdrift.

Forsikringsselskapa melder sakene og i dei alvorlegaste tilfella risikerer folk fengsel.

Storebrand seier dei nyleg hadde ei sak der kunden vart dømt for bedrageri i sju saker. Vedkommande skal ha prøvd å svindle fleire selskap for nærare 100.000 kroner.

Vedkommande innrømte forsikringssvindelen.

Også bilforsikringa prøver folk seg på.

Leiar for utgreiing i Gjensidige Forsikring Noreg, Vera Sønsthagen seier ein kunde melde om ei utforkøyring og samanstøyt med eit tre på grunn av eit rådyr.

– Vi stussa på at bilen hadde skader to stader i fronten og sjekka styreeininga i bilen.

Bil som ble brukt i forsikrigssvindel

Eigaren av bilen blei dømd for å ha køyrt bilen i treet med vilje.

Foto: Gjendige/privat

Dei fann ut at bilen hadde stått stille for så å akselerere fram mot samanstøyten, to gonger. I dommen frå Buskerud tingrett, som NRK har sett, heiter det også at eigaren laug og om at han ikkje hadde skadar på bilen frå tidlegare.

Vedkommande erkjente seg ikkje skuldig, og heldt på forklaringa si. Kunden vart likevel dømd for forsikringssvindel i Buskerud tingrett.

– Forsikring er jo et fellesskap der vi alle må forhalde oss til de same retningslinjene for kva som er dekket og ikkje. Det er derfor viktig for alle våre ærlege kundar at vi gjør det vi kan for å førebyggje forsikringssvindel, men også at vi avdekker og greier ut forsikringssvindel, seier Sønsthagen.

– Dyrtid er årsaka

Forsikringsselskapa vi har snakka med trur dårlegare råd kan vere noko av grunnen til at fleire prøver seg på forsikringssvindel.

Vera Sønsthagen i Gjensidige forsikring

Vera Sønsthagen i Gjensidige forsikring trur dårleg økonomi er årsaka til svindelen.

Foto: Gjensidige

– Vi har jo lenge frykta at det at det blir dårlegare økonomiske tider for mange privatpersonar, gjer at fleire utnyttar eit reelt skadetilfelle, eller i verste fall diktar skadar som eigentleg aldri har skjedd.

Det seier leiar for utgreiing i Gjensidige Forsikring Noreg, Vera Sønsthagen.

Ho legg vekt på at dei aller fleste er ærlege, men at dei få det gjeld, utnyttar eit tillitsbasert system.

– Det at nokre få utnyttar og misbruker det, det er det viktig at vi har system som forhindrar, så langt vi klarer det.

Publisert 11.09.2024, kl. 04.30

Read Entire Article