Presentasjonen av den nye hovudtrenaren skjer på Brann Stadion frå klokka 20.30, ifølgje nettsida til Bergensklubben.
Freyr Alexandersson landa på Bergen lufthamn søndag kveld.
Islendingen trena sist den belgiske toppklubben Kortrijk. Han har blant anna vore landslagssjef for dei islandske fotballkvinnene tidlegare, ifølgje NTB.
Jonathan Hartmann, som har jobba tett med Alexandersson tidlegare, blir assistenten hans, melder fotballklubben.
Islendingen overtar roret etter Eirik Horneland, som ønska seg til franske St. Etienne etter å ha leia Brann til sølv i serien i fjor.
2.-plassen gir i sommar kvalifisering om spel i Champions League kommande sesong.
Publisert 13.01.2025, kl. 20.06 Oppdatert 13.01.2025, kl. 20.27