FN: Nærare 70 prosent av drepne i Gaza var kvinner og born

2 weeks ago 7



Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 8.11.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 368 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Fredag fordømer FN talet på sivile som har blitt drepne i den israelske krigføringa i Gaza.

Det gjer dei etter ei ny rapport som viser at kvinner og barn utgjorde nær 70 prosent av dei tusenvis av dødsfalla dei har klart å verifisere.

– Vi trur dette er representativt for det totale talet på drepne, og det stemmer med opplysningane frå myndigheitene i Gaza, seier OHCHRs talsperson Ravina Shamdasani.

Israel har ikkje kommentert funna i rapporten endå.

Publisert liste over namn på drepne

Palestinske helsemyndigheiter publiserte 16. september ei liste med namn og identitetsnummer på rundt 34.500 personar som vart drepne i løpet av dei seks fyrste månadene av krigen, skriv NTB.

Lista som er òg publisert av Al Jazeera og Le Monde, er på 649 sider og sortert etter alder.

Dei 214 fyrste sidene inneheldt namn på drepne born.

Døde utenfor sykehuset

Ein gut sørgjer, medan han sit ved dei tildekte kroppane til born som vart drepne i eit nattleg israelske bombeåtak, på Ahli Arab-sjukehuset i Gaza by den 2. oktober 2024.

Foto: Omar Al-Qattaa / AFP

FNs menneskerettskontor (OHCHR) har no gått gjennom lista og verifisert identiteten til 8.119 av ofra.

Dei meiner at nær 70 prosent av dei var born og kvinner.

Det yngste var ti månader gamle Noura Walid Abdelsalam Shahine.

Det eldste offeret var 101 år gamle Ahmad Ibrahim Al-Tahraoui.

FN krev at identiteten til ofra blir bekrefta av minst tre uavhengige kjelder.

Verifisering er svært vanskeleg sidan store delar av Gaza er øydelagt, 90 prosent av innbyggjarane er drivne på flukt, og dei israelske åtaka held fram.

– Ein dyster og dramatisk lesnad

Catharina Bu, leiar i FN-sambandet, seier til NRK at den nye rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar er ein dyster og dramatisk lesnad.

– I over eitt år nå har vi sett, i sanntid, drap på sivile og brot på folkeretten i Gaza. Desse brota kan utgjere krigsbrotsverk.

Bu meiner at verdssamfunnet må ta grep og sikre rettferd for desse alvorlege folkerettsbrota.

Catharina Bu

Catharina Bu, leiar i FN-sambandet.

Foto: Inge Lie

Ho ber òg om at Israel må oppfylle forpliktingane sine.

Bu meiner at Noreg har eit enormt ansvar:

– Vi må handle for å forhindre råskapsbrotsverk, og sikre at moglege mål om Gazas fullstendige øydelegging ikkje blir ei verkelegheit.

Har ikkje kommentert rapporten

Israel kommenterte ikkje umiddelbart funna i rapporten.

Det israelske forsvaret (IDF) starta offensiven setter terroråtaket 7. oktober 2023 der Hamas drap omlag 1.200 israelarar og bortførte 250 gislar.

IDF har uttala at dei prøver å unngå å skade sivile i Gaza.

Nasser-sykehuset

Sørgjande samlast ved sidan av kroppane til palestinarar frå Zouro åtak, på Nasser-sjukehuset i Khan Younis, i sørlege Gaza-stripa, 30. juni 2024.

Foto: Kamel Hamdan / Reuters

Ifølgje Israel har omlag ein sivil blitt drepen for kvar krigar.

IDF seier at dette er fordi Hamas bruker sivile som skjold.

Hamas har nekta for å bruke sivile og sivil infrastruktur, inkludert sjukehus, som menneskelege skjold.

Publisert 08.11.2024, kl. 12.31 Oppdatert 08.11.2024, kl. 13.52

Read Entire Article