Fleire unge går i kyrkja: – Det er forbløffande

8 hours ago 3



– Det var ein slags meiningslause. Eg tenkte veldig naturvitskapeleg, og følte at alt gjekk til ingenting. Eg følte at livet ikkje hadde noko hensikt.

Det seier 20 år gamle Johannes Kjosavik om den perioden i livet der han ikkje definerte seg som kristen.

NRK har møtt han og fleire av venane hans i Vereide kyrkje, som ligg eit steinkast ifrå Nordfjordeid folkehøgskule.

Ifølgje Johannes er det eit fåtal av dei 120 elevane på skulen som ikkje er religiøse.

Noko av det han setter mest pris på med religion, er fellesskapet han har i trua saman med andre.

Johannes Kjosavik, Daniel Meyer, Johan Aarsland i Vereide Kyrkje

Kompisgjengen diskuterer alle slags tema, men dei understrekar at det vanlegvis ikkje skjer i ei tom kyrkje.

Foto: Håkon Kummermo

– Forbløffande tal

Ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), vart det arrangert færre gudstenester i 2024, men antal deltakarar har gjennomsnittleg auka frå 77 til 80.

Kyrkjerådsleiar, Harald Hegstad, seier at det er forbløffande gode tal, og gledeleg for Den norske kyrkje.

– Me er vant til ein søkkande trend. No ser det ut til å flate ut, og kanskje gå oppover. Det kan vere på grunn av den usikre tida me er i no.

Harald Hegstad

Harald Hegstad seier det er gledeleg for Den norske kyrkje at fleire er interessert i kyrkja.

Foto: Thomas Fure / Thomas Fure / NTB

I tillegg til det generelle auke er det ein annan bølgje på gong, som dei ikkje har observert før. Altså at unge vaksne melder seg inn i kyrkja.

Kvar femte innmelding i Den norske kyrkje består av folk i alderen mellom 25–34 år.

Til saman var det 750 nye medlem i denne demografien i 2024. Det er ei tredobling i samanlikning med 2015.

– Dei unge er meir sensitive for endringar som skjer i samfunnet. Dei eldre blir kanskje ikkje råka i like stor grad, seier Hegstad.

– Treffer noko hjå unge menn

Kyrkjer, og trussamfunn over heile Noreg merkar ei auke iblant unge generelt. Nokon av dei har spesielt lagt merke til at det gjeld unge menn.

  • Biskopen i Borg, Kari Alsvåg

    Den Norske Kirke

    Kari Alsvåg

    Biskopen i Borg bispedøme har ansvar for blant anna kyrkjene i Follo, Fredrikstad, og Romerike. Prestane i desse området melder at dei har merka ei markant auke i besøkstal det siste året, spesielt blant unge menn.

  • Kapellan i Nidarosdomen, Marie Farstad

    Privat

    Marie Farstad

    Farstad er kapellan i Nidarosdomen i Trondheim. Ho har observert ein «tydeleg merkbar» auke i besøkande på søndagar når dei har høgmesse, og at auke iblant unge menn er mest tydeleg. Kapellanen seier at kvar høgmesse på søndagar i snitt har 286 besøkande

  • Einar Helgaas under innspeling av podkasten «MANNSpodden»

    Cameron Aanestad

    Einar Helgaas

    Einar Helgaas er leiar for Region Vest i den kristne organisasjonen «Plassen.» Han driv i tillegg ein podkast som heiter «MANNSpodden», som forsøker å jakte på mannens identitet.

    Hans organisasjon merkar eit tydeleg auke iblant unge menn som møter opp. Dei er i prosessen av å finne ut kvifor dette skjer no.

  • Tor Erling Fagermoen

    Geir Arne Johansen

    Tor Erling Fagermoen

    Frikirkens Synodeleiiar Tor Erling Fagermoen seier dei har dobla i antal besøkande det siste året. Kvar søndag arrangerer dei generasjonsgudsteneste som har 300 gjester i gjennomsnitt.

  • Roald Zeiffert

    Privat

    Roald Zeiffert

    Det eg ser er ein generell vekst. Fleire kristne vidaregåande internatskular har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra. Dei fleste bibelskular er i vekst, og fleire store festivalar som Get Focused i Sandefjord og Impuls i Stavanger har vakse.

Denne trenden har religionsforskaren, Lars Laird Iversen, bete seg merke i.

– Det er fleire i forskarmiljøet som har sett koplinga mellom unge menn, og ei ny interesse for religion og kristendom, men vi veit ikkje kvifor enda.

Religionssosiolog Lars Laird Iversen

Religionssosiolog Lars Laird Iversen

Foto: MF Vitenskapelege Høgskule

– Det er interessant at me kan sjå fleire unge menn som er interessert i religion. Det er noko me ikkje har sett før.

No er det fleire søknadar inne for å forske vidare på dette fenomenet.

– Det har jo vore populært med sjølvutvikling og optimalisering. At unge menn prøver å bli den beste versjonen av seg sjølv. Det kan vere ein av grunnane.

Johannes Kjosavik ber

Johannes ber til Gud. Nokon gonger gjør han det heime, andre gonger gjør han det i kyrkja.

Foto: Håkon Kummermo

For Johannes handlar det ikkje om sjølvrealisering eller optimalisering. For han handlar det om meininga med livet.

– Eg trur fleire har begynt å leite etter svar. Tidlegare har folk hatt ein tryggleik i at verda berre blir betre og betre. No ser det kanskje ikkje sånn ut lenger.

Publisert 17.03.2025, kl. 14.00

Read Entire Article