Fleire produserer vin i Noreg – trur det kan få same vekst som sider

21 hours ago 2



– Det er jo litt moro å gjere noko anna enn det alle andre gjer, seier vinbonde Ingar Husabø.

Mellom høge fjell og djupe fjordar på Leikanger i Sogn, dyrkar han og broren Øyvind Husabø vindurar.

Sjølv om dei driv på hobbybasis, er vinen dei lagar av druene blant den beste i landet.

Etter berre nokre få år med drudyrkning, vann brørne gull på Norsk Vinskue 2025.

– Det viser at vekstforholda er bra, og at vi gjer mykje rett. Det er jo artig.

Til Sogn Avis seier brørne at prisen kom som ein overrasking.

menn i en hage

Brødrane fekk både gull og bronse under Norsk Vinskue 2025-

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Mens norsk siderproduksjon har skote til vers dei siste ti åra, begynner vinproduksjonen å komme etter.

Ifølge Åge Wedøe, leiar i foreininga Norske Druedyrkarar, har det blitt 20.000 fleire drueplantar kvart år dei siste to-tre åra.

– Vi vil oppleve noko tilsvarande vekst i vin som i sider også, det er ganske sikkert, seier Wedøe.

Like varmt i Drammen som i Champagne

Totalt sett er det 150.000 drueplantar over heile landet, og om lag 200 medlem i Norsk duredyrkarforeininga.

Mellom 40–50 av dei har komme til det siste året.

Wedøe peiker på endring i klima og temperatur som ein viktig grunnen til at vinproduksjonen har blitt meir populær.

– No er det like varmt i Drammen som det var i Champagne for 100 år sidan, og dei lagde fantastisk champagne.

Bernt Bucher Johannesen, dagleg leiar i næringsorganisasjonen Hanen, har og merka ein auke i interessa for norsk vin. Også han trur vin har stort potensial.

Eg trur at om fem år har ein komme langt i kvalitet og kunnskap at vi har veldig gode vinar på vinmonopolet og gardsutsala.

I tillegg til Sogn, blir det dyrka vin i Rogaland, Sørlandet, Austlandet med Vestfold i spissen.

en mann og kvinne som går gjennom en åker med planter

Vingarden til Husabø-brørne.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Ambisjonane er definitivt på plass

Trass auka interesse blant bøndene, finst det berre éin norsk vin på Vinmonopolet i dag. I tillegg finst det nokre mindre parti som er tilgjengeleg lokalt.

Anne Enggrav, fagansvarleg mat og drikke på Vinmonopolet, seier at det likevel har vore ein nesten eksplosiv satsing bland bøndene.

Ifølge henne har talet på aktørar som kan levere kommersielle kvanta av vin auka frå to-tre til nå nærmar seg 40.

– Ambisjonane er definitivt på plass, også må vi nok vente litt før vi får sjå det i marknaden.

Jordbruk må settast i gang og drueplantar må plantast før kvanta blir stort nok. I tillegg har Noreg lite tradisjon for å dyrke vin, i motsetning til sider som er ein større del av kulturarven.

– Det er mykje kunnskap som må på plass, og erfaring som må opparbeide seg.

Vil bli betre

Bøndene på Leikanger jobbar stadig for å bli betre, trass gullmedaljen.

– Vi må jo ikkje stagnere etter andre året, det er litt kjedeleg, seier Ingar Husabø.

Også dei merker at fleire bønder satsar større.

– Før var det kanskje mykje meir hobbybasis, men vi seier jo nå at det er fleire som satsar stort. Det er jo litt artig, da.

en mann med hatt

Øyvind Husabø ønsker å dyrke endå betre vin i framtida.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Publisert 14.09.2025, kl. 18.21

Read Entire Article