Israels statsminister Benjamin Netanyahu talte fredag kveld til FNs generalforsamling i New York.
– Etter eg høyrde løgnene og all baksnakkinga om landet mitt på denne scena, bestemte eg meg for å kome hit å rette opp i fakta, sa han.
Nyheitsbyrået AFP melde at fleire av delegatane forlét salen då Netanyahu snakka.
Ifølgje TV 2 har den norske delegasjonen og utanriksminister Espen Barth Eide blitt sittande i salen.
Netanyahu utsette å reise til New York etter eskaleringa i Libanon den siste veka.
Han seier dei vil halde fram med åtak i Libanon «til dei har nådd måla sine».