FILM: Filmen om Gunnar «Kjakan» Sønstebys dramatiske krigshistorie blir litt for mykje historietime og litt for lite emosjonelt drama.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
NR. 24
Kinopremiere: 30.10.2024. Med: Sjur Vatne Brean, Erik Hivju. Sjanger: Krigsfilm / Drama / Spenning. Regi: John Andreas Andersen. Manus: Erlend Loe, etter et originalmanus av Espen Lauritzen von Ibenfeldt. Nasjonalitet: Norge, 2024. Aldersgrense : 12 år. Lengde: 1 time, 51 minutt.
Gunnar «Kjakan» Sønsteby (1918–2012) var ein sann norsk helt. Først blei han aktiv motstandsmann under krigen, som leiar av Oslo-gjengen. Sønsteby skulle sidan bli tidenes høgast dekorerte norske borgar.
Men så brukte han i tillegg resten av sitt lange liv på å fortelja og formidla frå krigens gru. For å bidra til at også nye generasjonar skal forstå kva krig er. For å kjempa mot gløymsla. For å unngå at me hamnar i same situasjon igjen.
Her startar filmen «Nr. 24». Den gamle Sønsteby, framstilt med stor autoritet av Erik Hivju, er på besøk på Rjukan – staden der han blei fødd og vaks opp. Der møter han skuleungdommar på fabrikken som også skulle gå inn i norsk krigshistorie. Han er der for å fortelja kva som skjedde.
Så flyttar også filmen seg tilbake i historia. Me møter den unge Sønsteby, truverdig framstilt av Sjur Vatne Brean – som også liknar forbløffande på den unge Sønsteby.
Først møter me den unge revisoren før krigen, deretter når krigen bryt ut. Sønsteby blir raskt ein sentral del av den norske motstandskampen, med alt det inneber av farar og moralske dilemma. Han blir nesten tatt av tyskarane fleire gonger. Han må sjølv ta stilling til å ta livet av nordmenn som jobbar for tyskarane.
Filmen vekslar slik mellom notid og fortid, mellom Sønstebys historietime på Rjukan og scener frå krigen. Formmessig er det nesten som ein illustrert dokumentarfilm, der Sønstebys forteljarstemme tidvis også ligg over det me ser spela seg ut på lerretet, flott både filma og spelt. Her er ikkje noko å utsetja på det filmtekniske.
Grepet fungerer godt pedagogisk. Me lærer verkeleg noko om kor dramatisk krigen var. Om den menneskelege kostnaden ved å kjempa – både under og etter krigen. Dette er garantert ein film som vil bli vist for mange norske skuleelevar og rekruttar nå når Sønsteby sjølv har gått ut av tida og ikkje kan koma på besøk i eigen person.
Samtidig har det pedagogiske historietimeformatet visse kostnader. Historia er i seg sjølv dramatisk, men samtidig manglar noko av den dramatiske nerven som skaper ein verkeleg god film. Me kjem liksom aldri heilt under huda på karakterane. Det blir for mykje av ei faktaforteljing om eit krigsdrama, for lite av eit emosjonelt eller eksistensielt drama.
Akkurat på den fronten er haustens andre krigsfilm – Erik Poppes «Quislings siste dagar» – betre. Den treff både i magen og i hovudet.
Publisert:
Publisert: 30. oktober 2024 21:19