Fem dømde etter mafiaparagrafen - etablerte hasjplantasje i gamal løe

1 month ago 17



I slutten av januar avdekte politiet ein stor cannabisplantasje i ei bygd i Ørsta på Sunnmøre.

I ei løe beslagla politiet over 300 cannabisplantar og over 20 kilo cannabis. Ifølge tiltalen skal dei involverte ha vore i gang med å produsere om lag 9,6 kilo cannabis då politiet avdekte plantasjen.

Politiet har opplyst at dette er eit av dei største beslaga som er gjort på mange år i Møre og Romsdal politidistrikt. Ifølge dei har stoffet ein gateverdi på fleire millionar kroner.

No er seks menn dømde til lange fengselsstraffer. Dei må også gje frå seg heile produksjonsutstyret: mellom anna fleire lampar, vifter, luftmålararar, gjødsel og tørkehyller.

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

Politiadvokat Magne Grimstvedt Kvalvik.

– Dommen er grundig og god og argumentasjon med tanke på skuldspørsmål og straffeutmåling er stort sett i tråd med påtalemakta sitt syn, seier politiadvokat Magne Grimstvedt Kvalvik.

Han seier dei førebels ikkje har tatt stilling til anke.

Dette er dei seks tiltalte:

Dette er dei seks mennene som blei tiltalte i samband med saka.

Dømde etter mafiaparagrafen

Dei seks dømde er alle i 30- og 40 åra, nokre frå Sunnmøre og fleire frå Litauen.

Alle er dømt for grove narkotikalovbrot og for forsøk på narkotikalovbrot.

Med unntak av ein mann i 40-åra frå Sunnmøre er alle også dømde etter «mafiaparagrafen» i Straffelova (79 c). Den opnar opp for å gi organiserte grupper av kriminelle strengare straff.

Advokat Øyvind Bergøy Pedersen representerer ein av dei som blei dømde til fengsle i tre år. Han har denne kommentaren:

– Dommen er som venta og heilt i samsvar med mine tilrådingar til retten, seier han.

Pedersen meiner hans klient skal ha ein klar reduksjon i straffa fordi han har tilstått. Han meiner dommen er noko streng, sett i samanheng med korleis Høgsterett dømmer organisert kriminalitet, og seier dei no vurderer ankespørsmålet.

Meiner produksjonen var profesjonell

Politiet har meint at produksjonen var profesjonell og at dei involverte var ein del av ei organisert kriminell gruppe.

Retten konkluderer med at det er bevist utover ein kvar tvil at produksjonen og forsøket på produksjon av cannabis er gjort som eit samarbeid mellom fem av mennene og at dette har vore organisert.

Retten meiner også at det er fleire enn desse fem som har vore involvert, og viser til omfattande korrespondanse med andre og lydfiler som er sendt mellom nokre av dei tiltalte og andre.

Unntaket er mannen i 40-åra frå Sunnmøre (tiltalt 2). Mannen var tiltalt for å ha deltatt i organisert kriminalitet, men påtalemakta tok vekk dette punktet under rettssaka.

Fann bilde av plantasje også i Molde

Under rettssaka blei også ein cannabisplantasje i Molde ein del av saka. Det er ikkje tatt ut tiltale knytt til denne saka, men retten har vurdert det slik at denne har hatt betydning for vurderinga av om det har gått føre seg organisert kriminalitet.

Gjennom bilde og videoar som er funne på telefonane til nokre av mennene, meiner retten av det er bevist at fleire av dei tiltalte var involvert også i denne plantasjen. Kommunikasjon mellom nokre av dei involverte har også vore med på å knyte dei til plantasjen i Molde.

Beslag gjort at politiet av narkotikaproduksjon i Ørsta på Sunnmøre.

På tørkerommet fant politiet rundt 25,6 kilo med tørka materiale.

Foto: Politiet

Publisert 17.10.2024, kl. 14.54 Oppdatert 17.10.2024, kl. 16.57

Read Entire Article