Fekk sjokkbeskjed: Kasta ut av båten éin time etter medalje

1 week ago 14



Da blir det sidelinja på meg. Det blir rart. Men eg heiar på dei heime i Noreg, seier Jenny Rørvik til NRK.

Ho får nemleg ikkje vere med til EM i helga.

Det er veldig spennande og litt rart. Eg har sete i same båt med Jenny i to sesongar, seier Thea Helseth.

Nå har landslagssjefen bestemt å splitte duoen. Helseths nye makkar er Inger Seim Kavlie, som i utgangspunktet ror aleine i singelsculler-klassen.

Det er ei lita omvelting, seier Kavlie.

 Jenny Rørvik, Thea Helseth og Inger Kavlie

KJEMPER OM PLASSAR: Jenny Rørvik (til venstre), Thea Helseth (i midten) og Inger Kavlie (til høgre).

Foto: NRK

Landslagssjefen: – Beintøff

Tidlegare i april leverte alle tre gode resultat i verdscupen:

  • Helseth/Rørvik enda på andreplass i dobbeltsculler.
  • Kavlie blei nummer tre i singelsculler, Noregs første pallplass i singelsculler for kvinner nokosinne.

Ingen av dei har vore på pallen tidlegare. Ein time seinare fekk dei den overraskande beskjeden om at mannskapet blir endra.

Den er beintøff å få, det er vi klare over. Så ligg det ein tanke bak at vi skal finne båten som vi trur går best i OL, seier landslagssjef Fredrik Bekken.

Fredrik Bekken

SJEF: Fredrik Bekken er landslagssjef for roarane.

Foto: NRK

Trioen er nå i italienske Varese i forkant av europameisterskapen førstkommande helg. Men Rørvik reiser snart heim til Noreg, og ser meisterskapen frå heimlandet.

Det er ein vanskeleg situasjon for alle å stå i. Det er ekstremt mykje kjensler involverte, vi prøver å passe på kvarandre og trene så bra som mogleg, seier Thea Helseth.

Vil kjempe om OL-medaljar

Landslagssjef Bekken meiner endringa kan gjere at Noreg får ein betre båt, som styrker Noregs medaljesjansar i OL.

Det ønsker han å finne ut.

Grunnen til at vi splitter er at vi ønsker å sjå om vi har ein annan båt, ein dobbeltsculler som kan ro enda fortare. Det er ikkje for å øydelegge det vi har. Vi vil sjå alle kombinasjonar og sjå kva vi kan stille med i OL som kan gjere det så godt som mogleg, seier Bekken.

Det gjer altså at Jenny Rørvik blir send heim før EM har starta, og ein set to roarar i same båt som ikkje har rodd saman før.

Olympiatoppens samling før OL og Paralympics i Paris 2024

BLIR HEIME UNDER EM: Jenny Rørvik.

Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

Når alle har tatt medalje i to ulike klassar, så plutseleg splitter dei opp, er det litt overraskande. Men ein vil jo ha den raskaste kombinasjonen, så det er forståeleg at dei vil prøve. Alle har vist god fart på vatnet, seier Thea Helseth.

Men kven som ror i OL er framleis ikkje avklart. Noreg har éin båt som er kvalifisert, men kven som skal sitte oppi når OL-elden er tent blir ikkje avgjord før seinare i sesongen.

– Ein må prøve å halde motivasjonen oppe og trene bra. Det er usikkert kva det endelege uttaket blir, seier Rørvik.

Dette er ein heilt vanleg prosedyre, men vi kan ikkje la uttaket vare for lenge. Dei skal få ro i treningsarbeidet, seier Bekken.

PS! Du kan sjå EM i roing på NRK1 15.00 laurdag og 13.25 søndag.

Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28

Publisert 25.04.2024, kl. 05.18

Read Entire Article