Får ikkje selt leilegheita: – Det er litt bittert

2 weeks ago 15



– Slik det er no med høge renter, så er det best å få selje før vi kjøper noko nytt, seier Mari Sundgot Saunes.

Ho bur i ein firemannsbustad i Fosnavåg på Sunnmøre med sambuar Lars Erik Bøe og sonen på tre år. No har familien lyst å flytte til Ulsteinvik, ein halvtime unna, der ho jobbar og kjem ifrå.

Men det har vist seg å bli vanskeleg. Ingen vil kjøpe huset deira.

– Bustaden har tre soverom, er nær sentrum, fjell, sjø og barnehage, så ein skulle tru det var attraktivt for mange forskjellige. Men det ser ikkje slik ut akkurat no i alle fall, seier Saunes.

Mari Sundgot Saunes

Mari Sundgot Saunes her avbilda i heimbygda Ulsteinvik dit ho og familien har lyst å flytte til for å kjøpe seg ein einebustad, men først må dei få selt husværet i Fosnavåg, 30 minutt unna.

Foto: Arne Flatin / NRK

Bufast

Sjeføkonom Nejra Macic i Prognosesenteret seier at det ikkje er noko nytt at det er store regionale skilnader på kor lett det er å få selje bustaden sin.

I dei store byane og i områda rundt er det oftast kamp om å få kjøpe bustadane, medan det er motsett mange stader i distrikta.

– Det er rett og slett etterspørsel som er lågare enn tilbodssida, som forklarar kvifor det kan ta litt tid å få selje bustaden sin, seier ho.

Dette gjer også at folk i distrikta blir mindre mobile.

Sjeføkonom Nejra Macic (31) i Prognosesenteret.

Sjeføkonom Nejra Macic (31) i Prognosesenteret.

Foto: Kilian Munch / Prognosesenteret AS

– For eit par år sidan dukka det opp eit nytt ord. Bufast. Det var etter at oljeprisen fall og arbeidsløysa steig ganske mykje på sørvestlandet, spesielt i Stavanger, forklarar Macic.

Dette førte til at bustadprisane fall og folk fekk ikkje selt utan å tape pengar. Då valde mange å bli buande, sjølv om dei først hadde tenkt å flytte.

– Det kan skje andre stader i landet igjen. Folk ventar og ventar til dei får den prisen dei meiner dei fortener. Det kan hindre mobiliteten i arbeidsmarknaden.

– Vanskeleg

Rolf Røtnes er fagdirektør i Samfunnsøkonomisk analyse, og han slår også fast at det er ein større risiko ved å kjøpe bustad i distrikta enn i dei store byane – dersom du ein gong skal flytte.

– Du kjøper kanskje din første bustad, så skal du oppgradere litt eller flytte. Då må ein ha med seg eigenkapital vidare inn i den bustadkarrieren, seier han.

Problema oppstår når du bur i eit område der bustadprisane ikkje veks like mykje som andre stader.

– Då er ein mykje meir sårbare for dei vala ein tek. Det er ein slags innlåsningseffekt vi får her. Det er vanskelegare å bevege seg i bustadmarknaden om du bur i eit distrikt med relativt låg prisutvikling.

Rolf Røtnes hos Samfunnsøkonomisk Analyse AS.

Rolf Røtnes er fagdirektør i Samfunnsøkonomisk analyse, og prosjektleiar for rapporten «Tilgang på boliger i distrikta og rekruttering av arbeidskraft» frå 2020.

Foto: Samfunnsøkonomisk Analyse AS

Taper pengar

I Fosnavåg vurderer Mari Sundgot Saunes og Lars Erik Bøe no å gå enda meir ned i pris for å kunne gjennomføre draumen om å flytte til Ulsteinvik.

Dei har alt gått ned 150.000 kroner.

– Slik det er no, når utgifter til meklar og slikt er betalt, så sel vi med tap allereie til denne prisen, seier Mari Sundgot Saunes.

Mari Sundgot Saunes og Lars Erik Bøe.

Mari Sundgot Saunes og Lars Erik Bøe har ikkje gitt opp håpet om å få selje firemannsbustaden og kjøpe seg einebustad i Ulsteinvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

Paret har også vurdert å leige ut, men med dagens rentekostnader vil ikkje det dekke utgiftene dei har på lånet. Dermed vil dei tape pengar på det også.

– Det er litt bittert å sjå på at alt går på første visning og langt over takst andre stader, seier ho.

Publisert 16.09.2024, kl. 10.30 Oppdatert 16.09.2024, kl. 10.37

Read Entire Article