Fann 47.000 filmar av pasientar heime hos Arne Bye – hevdar han aldri såg på dei

2 weeks ago 16



– Eg tenkte eg skulle sjå på dei i forbindelse med nokre klagesaker som dukka opp hos Helsetilsynet, men det makta eg ikkje.

Det seier Arne Bye når han forklarar seg i retten om kvifor han har filma dei gynekologiske undersøkingane.

Det er ingen tvil om at gjekk over streken då eg begynte å filme. Det er uetisk og uakseptabelt. Det er det ikkje noko grunn til å stille noko spørsmål til.

Tiltalte filma med opptil tolv kamera under gynekologiske undersøkingar på legekontoret.

En skisse av legekontoret og tilhørende undersøkelsesrom i Frosta kommune. Den tiltalte legen har tegnet inn kryss hvor han hadde plassert kamera inne på begge rommene. Det er tre kryss på kontoret og to kryss på undersøkelsesrommet (GU-rommet).

Under eit politiavhøyr teikna tiltalte kvar han hadde plassert fem av kameraa på legekontoret og det tilhøyrande undersøkingsrommet.

Foto: politiet

Tvangsmessig nødvendigheit for at eg skulle fungere

Tiltalte forklarar at han filma for å dokumentere kva han faktisk gjorde under undersøkingane han gjennomførte.

– Nokon gonger brukte eg det som ei forklaring ovanfor meg sjølv at det var kjekt å ha dokumentasjon for å sjekke at eg faktisk hadde gjort ting som eg ønska å gjere dei, seier Bye.

Den tidlegare kommuneoverlegen forklarar i retten at han var redd for ting han hadde oversett på undersøkingane.

– Det blei ei tvangsmessig nødvendigheit for at eg skulle fungere.

Et kamera som politiet har tatt beslag i fra den tidlegere kommuneoverlegen i Frosta.

Eit kamera politiet fann heime hos Arne Bye. Det er svart teip over den delen av kameraet som lyser når det er på og filmar.

Foto: politiet

Og dersom eit av dei tolv kameraa slutta å fungere seier tiltalte at kvelden var øydelagd.

– Eg makta nesten ikkje å reise heim. Eg blei frykteleg sliten av det, men eg hadde så mange arbeidsoppgåver og det var måten min å fokusere på å ta alle opptaka.

Så forklarar tiltalte at trangentrongenta video etter kvart tok overhand.

– Det tok ein altfor stor del av konsentrasjonen min. Nokon gonger mista eg heilt oversikta over kameraa.

Minst 5500 timar med video

Politiet har gjort beslag i fleire kamera, fleire harddiskar og minnekort i bustaden til tiltalte.

– Varigheita på videofilene var på til saman minst 5500 timar, sa aktor Eli Reberg Nessimo første dag i retten.

Fleire av videofilene viser at den tidlegare kommuneoverlegen plasserer og justerer på kameraa inne på legekontoret og undersøkingsrommet.

– Det er svart teip over den delen av kameraet som lyser, forklarte Nessimo.

Det er funne video av 77 av dei 94 fornærma.

Bye er ikkje tiltalt for å ha filma pasientane sine, men det er ein viktig del av bevismateriellet i saka, påpeika aktor Richard Haugen Lyng tysdag.

– Me har videoopptak av sjølve overgrepet. I så måte har me ein ganske spesiell bevissituasjon i saka, ved at store delar av tiltalen er belyst med videomateriell.

I tillegg til videoopptaka fann politiet over 387.000 biletfiler i bustaden til tiltalte.

Publisert 07.11.2024, kl. 09.11 Oppdatert 07.11.2024, kl. 09.26

Read Entire Article