– Vi ser glade menneske som gler seg til festival, så høyrer vi den kjipe lyden som betyr at billetten som blir skanna er falsk eller allereie har blitt brukt.
Det fortel festivalsjef for Slottsfjell Peter Eikeland.
– Kvart år må vi avvise folk i døra.
Denne helga brakar det laus for ei rekke festivalar i Noreg. Blant desse er Slottsfjell i Tønsberg.
– Vi har allereie tatt imot ei rekke e-postar frå ungdom som har oppdaga at dei har kjøpt falsk billett.
Lite hjelp å få
Festivalsjefen seier at det er lite dei kan gjere for å hjelpe dersom ein har vore uheldig.
– Vi formidlar at ein berre kan kjøpe gyldige billettar gjennom Ticketmaster.
Han seier at dei ikkje kan gjere noko anna enn å komme med tydelege råd.
Fleire som har gledd seg til festival kjem seg ikkje inn døra, seier Slottsfjell-festivalsjef Peter Eikeland.
Foto: H. Philip Hofgaard– Festivalen er utseld for i år og vi kan derfor heller ikkje tilby dei ny billett.
Eikeland seier at det at festivalen er utseld, kan bidra til å auke talet på falske billettar i omløp.
– Da blir etterspørselen større og det er meir freistande å kjøpe billettar ein finn andre stader.
Eikeland har foreløpig ikkje tal på kor mange falske billettar som har blitt registrerte.
Kvart år innser fleire festivaldeltakarar at dei har blitt svindla.
Foto: NRK / Caroline Bækkelund HaugeSer ei betring
– Før hadde vi mange tilfelle med falske billettar og fleire opplevde å måtte snu der dei stod klare for festival. Dei siste åra har det vore færre tilfelle.
Carl Frithjof Tidemand-Johannessen som er salssjef for festivalen Vinjerock fortel at dei har jobba målretta mot problemet.
Salssjef for Vinjerock Carl Frithjof Tidemand-Johannessen fortel at dei har færre problem enn før med falske billettar.
Foto: Privat– Vi ser færre tilfelle nå som Ticketmaster har ei trygg moglegheit for vidaresal av billettar gjennom dei.
Han seier at dei som før blei svindla, nå handlar billettar på ein tryggare måte.
Festivalen, som er i gang om ei veke, har foreløpig ikkje fått førespurnader om falske billettar.
Gode råd
Forbrukarrådet får kvart år førespurnader frå folk som har blitt svindla.
– Vi opplever ein del svindel med sal på finn.no, da gjerne at billettane er falske eller at seljar ikkje overleverer billettane som avtalt etter at betalinga er gjord.
Det seier Maren Van Buren Struksnæs som er kommunikasjonsrådgivar for Forbrukarrådet.
Maren Van Buren Struksnæs anbefaler å kjøpe festivalbillettar med kredittkort og å vere obs dersom billettane blir selde til høg pris.
Foto: ForbrukerrådetHo understrekar at det ikkje er lov å selje billettar for meir enn dei kosta originalt.
– Ser du billettar seld til blodpris, bør du styre unna. Det same gjeld dersom seljar ikkje er open om personalia eller på anna vis oppfører seg mistenkeleg.
Ho anbefaler også å kjøpe billettar med kredittkort.
– Da er du sikra ved eventuell konkurs eller svindel. Klag til seljar først og ta så kontakt med banken din.
Dersom ein oppdagar i døra at billetten er falsk, har ein ikkje krav på å komme inn på festivalen.
– Du bør politimelde svindelen, men det hjelper deg ikkje med å sleppe inn når du først står i døra. Har du kjøpt ein falsk billett er det ikkje ansvaret til arrangøren, understrekar Struksnæs.
Publisert 11.07.2025, kl. 10.40