Fagermo gav LSK-profil klar beskjed på første dag: – Det må dei tole

4 days ago 10



– Eg seier det ikkje for å smiske, men når eg ser den benken LSK hadde mot Viking ... Fleire av dei hadde spelt seg inn på mange eliteserielag. Eg skjønner at eg legg press på meg sjølv ved å seie det, men eg meiner at denne gruppa er for god til å ligge der ho ligg.

Dag-Eilev Fagermo har aldri vore redd for å seie det han meiner.

Og nå står han overfor hans kanskje tøffaste oppgåve som fotballtrenar så langt: Berge eit kriseramma LSK frå nedrykk.

David Nielsen fekk berre fire kampar og éin månad i sjefsstolen på Åråsen. Lokalavisa Romerikes Blad kallar tilsettinga av Fagermo for LSK-styrets «siste desperate forsøk på å berge plassen».

Onsdag leidde han si aller første LSK-trening, og han har allereie presentert ein konkret plan for korleis gultrøyene skal overleve som eliteserielag.

Fjernar fridag

LSK ligg heilt sist på tabellen når seks kampar står att, men det er berre to poeng opp til trygg plass.

Og Fagermo har allereie tatt grep.

Dei siste månadene har LSK-spelarane som regel hatt fri eller eigentrening på fredagar, men det har Fagermo sett ein stopp for.

Omtrent det første grepet han tok som LSK-trenar var å gi beskjed om at spelarane skal møte på feltet på fredagar.

– Eg må innrømme at eg aldri har skjønt kvifor det er fri på fredag når ein speler søndag. Men eg er sikkert gammaldags. Men eg treng jo det i dag. I morgon har eg lagt inn to økter òg, sjølv om den andre økta blir berre taktisk. Og éi økt på fredag og éin laurdag. Det er fordi eg må få kontinuitet i dei tinga som eg driv med her, seier Fagermo til NRK.

Fagermo

VIL TOPPE: Dag-Eilev Fagermo kjem til å prioritere dei 14–15 beste på trening ut året.

Foto: Javad Parsa / NTB

Gav LSK-profil klar beskjed

I Vålerenga foryngde Fagermo troppen og enda opp med ein av dei yngre troppane i Eliteserien.

I LSK får han ein av dei eldste.

Det gjer at Fagermo truleg kan vere enda meir nådelaus i tilbakemeldinga si til spelarane, trur han sjølv.

– Eg blir hardare, kanskje. Og tøffare med dei eldre, det må dei jo tole. Så kan du spørje kor mykje kjærleik dei treng når ligg der dei ligg på tabellen. Eg skjønner jo det òg, men det er jo spelarar her som vi må forvente stepper opp, altså.

Lillestrøms høgreback Eric Larsson fekk klar beskjed av Fagermo allereie på første dag.

– Det er som eg sa til Eric Larsson i dag. «Du var jo knallgod i Malmö. Det kan ikkje vere så vanskeleg å knallgod i Lillestrøm, vel?» Det same med Ruben Gabrielsen, Thomas Lehne Olsen. Dei må jo stille opp, understrekar han.

lsk

FØRSTE ØKT: LSK-spelarane fekk sitt første møte med Dag-Eilev Fagermo onsdag. Eric Larsson (til venstre) fekk klar beskjed frå den nye trenaren sin om at det er forventa at dei rutinerte stiller opp.

Foto: Javad Parsa / NTB

Han seier det viktigaste framover blir klare prioriteringar. Det har han også informert om til spelarane, det er ikkje alle han vil ha like mykje tid til framover.

– Eg er glad i utvikling, ikkje kapital, som de veit. Men nå må eg prioritere dei 14 -15 som kjem til å spele, for å få ein viss kontinuitet ut året. Eg må prioritere dei same prinsippa både offensivt og defensivt, for å få dei resultata vi treng, seier han.

– Vil ha positive menneske

Fagermo seier at han har sett mykje eliteseriefotball mens han har vore arbeidsledig. Og særleg mykje av Lillestrøm dei to siste døgna.

– Eg veit korleis Lillestrøm slepp inn mål, eg veit kvifor dei ikkje skårar mål. Da må eg ta tak i ting eg meiner kan trigga dei, seier Fagermo, som legg til at «angrep er det beste forsvar».

Derfor har han gitt klar beskjed til spelarane om at dei må ha ei offensiv haldning.

– Vi må spisse på trening. Dei beste må drillast mest. Vi må ha eit høgt press. Det kan ikkje gjerast sånn som mot Viking, synest eg.

Det er to ting han vil vere opptatt av som leiar ut året:

– Eg vil ha folk som vil noko her, som stiller krav til seg sjølv. Det begynner med meg. Eg må sørge for at treningsøktene og videomøte, alt eg gjer, er maksimalt gjennomarbeidd. Vi forventar tilbake at spelarane kjem utkvilte og skjerpa. Dei må ha den mentaliteten, og så vil eg ha positive menneske. Negative menneske skaper energi, men han blir ikkje noko betre.

Fagermo

TOK GREP: Dag-Eilev Fagermo vil gi LSK-spelarane mindre fri framover.

Foto: Javad Parsa / NTB

Han seier det tok lang tid som arbeidsledig før han sakna trenaryrket, men saknet har i stor grad auka dei siste vekene.

Og da LSK-sportssjef Simon Mesfin ringde han måndag kveld og tilbaud han jobben, var svaret enkelt.

Fagermo er dessutan trygg på at han er ein betre trenar nå enn da han fekk sparken i Vålerenga. Han har evaluert seg sjølv og veit om fleire ting han ikkje vil gjere om igjen, utan at han ønsker å utdjupe kva han vil endre på.

Byter ikkje kaptein

David Nielsen endra LSKs kaptein etter kort tid i klubben og gav bindet frå Gjermund Åsen til Ruben Gabrielsen. Fagermo kjem ikkje til å gjere noko med den biten.

– Det kjem eg ikkje til å endre på. Er det ikkje Ruben som er kaptein, da? Det blir berre tull å gå inn og endre på. Både kaptein og kapteinsteam skal få vere som det har vore. Det er nok endringar, seier han.

Fagermo er sjølvsikker og svarer kontant «ja» på spørsmål om han kjem til å klare oppgåva med å berge plassen for gultrøyene.

Nå er det opp til han å leve opp til det.

– Viss det kjem fire tap på rad nå, da har ikkje eg gjort ein god nok jobb. Det er det eine. Men da er også Lillestrøm faktisk så dårleg som tabellen tilseier.

  • Første test kjem allereie på søndag, når Molde kjem til Åråsen for å spele kvartfinale i cupen. Neste seriekamp er borte mot Fredrikstad 20. oktober.

Publisert 02.10.2024, kl. 14.02 Oppdatert 02.10.2024, kl. 14.10

Read Entire Article