Facebook og Instagram trur ørstanamn handlar om misbruk av barn

1 week ago 15



– Det blir forbunde med tabu. Eg har ikkje turt snakka så høgt om det.

Det fortel 25 år gamle Sivert Rabben Aam frå Volda.

Aam blir nemleg oppfatta som ei forkorting for eit uttrykk som er forbunde med seksualisering av barn.

Uttrykket betyr «mindreårige som blir tiltrekt av vaksne».

Filtera som skal luke ut upassande søk trur rett og slett at ein søker på slikt innhald. Eit varselbilde kjem opp og søket kan ikkje gjennomførast.

Melding ein får opp når ein søkjer på "Aam" på Instagram.

Denne meldinga får ein frå Instagram viss ein søkjer på etternamnet Aam.

Foto: Utklipp frå Instagram

– Ekkelt

Ifølgje SSB har 353 personar Aam til mellomnamn eller etternamn her i landet. Dei fleste bur i Ørsta og Volda på Sunnmøre, og dei er nødvendigvis ikkje så lette å søke opp på Instagram og Facebook.

Ein av dei 353 er nettopp Sivert.

– Det er jo ei byrde. Det blir alltid eit samtaleemne viss nokon har søkt meg opp på Facebook.

Sivert Rabben Aam på jobbreise i Bangkok

Sivert Rabben Aam jobbar som ingeniør og reiser mykje i jobben. Her er han på jobb i Singapore.

Foto: Privat

Sivert er ganske ny i jobben som ingeniør i Kongsberg Maritime og det blir ein del jobbreiser til utlandet. Han har fått fleire tilbakemeldingar frå nye kollegaer som har prøvd søke han opp for å bli venn på Facebook.

– Det er ekkelt, og eg prøver vitse det vekk.

Han fortel at det har blitt ei byrde. Han er redd folk som ikkje kjenner han så godt kan mistenke at han har blitt rapportert inn fordi han har gjort ulovlege ting på nett.

NRK har vore i kontakt med fleire som heiter Aam og som synest det er belastande at dette blir forbunde med etternamnet deira.

Heller ikkje på Instagram slepp Aamane unna.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ikkje overraska

Ståle Lindblad kan det meste om digitalisering, kunstig intelligens og sosiale medium. Eksperten er ikkje overraska over at dette skjer.

 Ståle Lindblad i Areca.

Ståle Lindblad er ekspert på digitalisering, kunstig intelligens og sosiale medium.

Foto: Susanne Lindblad / Areca

– Dette illustrerer dei utfordringane dei ulike plattformene har når dei skal moderere innhald.

Lindblad fortel at Facebook og Instagram tar hand om enorme mengder data kvar dag.

Han seier dei stenger millionar av falske kontoar og slettar millionar av postar kvar veke, og då må dei bruke algoritmar.

Når etternamnet blir kopla til ulovleg innhald, så blir det naturlegvis stoppa, meiner Lindblad.

Han trur problemet til Aamane kan løysast, men det å få snakke med menneska bak dei store plattformene er ikkje lett.

– Det er den store utfordringa. Det er ikkje lett å kome i kontakt med eit menneske.

Det er Meta som eig Facebook og Instagram. NRK har i fleire dagar prøvd å kome i kontakt med Meta, utan hell.

– Skam på slekta

Sivert Rabben Aam har ikkje turt spørje andre i slekta om meldinga som kjem opp når ein søkjer på Aam. Han har trudd det berre var han som hadde problem med Facebook. Det har han trudd inntil eit søskenbarn torde ta opp temaet for litt sidan.

No håper han det kan vere mogleg å få ordna opp.

– Faren min har alltid sagt eg ikkje skal gjere skam på slekta mi. Og det å få eit slikt stempel kvar gong namnet på slekta blir søkt opp, det er jo ei slags skam på slekta det.

Publisert 23.04.2024, kl. 16.45

Read Entire Article