Det har vore stille lenge om Evje Fengsel og endringane der. Eg var mest redd for at det hadde runne ut i sanden.
Men så her om kvelden var det innslag både lokalt og på Dagsrevyen.
Stor åpningsseremoni med ordførar, minister og leiarar i kriminalomsorgen.
Fire plassar var i bruk. Vi fekk bilete frå eit moderne fengsel tilpassa ungdomar, som det ikkje fins gode løysingar for i dag.
Det handler om å halde dei unge borte frå kriminalitet, men også om å skjerme samfunnet mot notorisk kriminelle.
Det er heller ikkje greit å ha dei i eit vanleg fengsel, der dei fort kan bli påverka og rekruttert av vaksne lovbrytarar.
Det skal sjølvsagt også handle om å få ungdomane inn på eit betre spor, slik at dei kan bli gagns menneske.
Det har vore opp og ned med fengselsdrifta på Evje. Først var det vanleg fengsel. Men brått stod dei med altfor få tilsette og fekk for lite pengar til drift. Så vart ikkje det nokon suksess.
Så kom Kvinnefengselet, men heller ikkje det fekk gode nok vilkår økonomisk. Dei stakkars kvinnene som var der, og hadde begynt å kjenne seg trygge, vart flytta til Mandal Fengsel.
For ei skalting og valting av lagnader, og dårleg styring av økonomi!
For n’te gong er det ombygd og pussa opp til ny bruk, denne gongen altså til ungdomsfengsel.
For n’te gong er det ombygd og pussa opp til ny bruk, denne gongen altså til ungdomsfengsel.
Ordførar Haraldstad kom med eit hjartesukk, då han vart intervjua. Han håpa at det nå var slutt på omstillingar, rot og uvisse.
Eg vil minne om at hadde det ikkje vore for Kjell Ingolf Ropstad, i si tid, saman med Frp som hadde justisministeren, hadde det ikkje blitt fengsel på Evje. Der var alle slag innvendingar. Fyrst og framst;vi hadde jo ikkje kompetansen. Heller ikkje var vår videregåande skule god nok, og slett ikkje var helsevesenet i kommunen rusta til å gjere sin del av jobben.
Men det har ikkje stått på nokon av desse tinga. Alt dette ordna seg.
Dessutan har vi mange som har jobba frivillig for å gjere kvardagen for dei innsette betre.Vil nemne Sanitetsforeninga og Røde Kors.
La oss nå få ro!
Synd at Kjell Ingolf ikkje stiller til val. Han jobba verkeleg for landsdelen, og for heimkommunen sin.
Eg ser med gru på ei endring i politikken etter valet. Ikkje fordi eg er så nøgd med dei som styrer nå, men eg stoler heller ikkje på ei eventuell borgarleg regjering. Det verkar som dei då må gå ting etter i saumane igjen, og så kjem omstillingane.
Men dei har fengselet her på Evje hatt nok av…….
På innsiden av Norges største ungdomsfengsel
Nye fengselsplassar på Evje
Åpen