EUs utanrikssjef: – Nær full krig

1 week ago 8



– Eg kan seie at vi nesten er i ein fullskala-krig, seier Borrell.

Ifølge libanesiske helsestyresmakter blei rundt 500 menneske drepne og over 1600 såra i dei israelske angrepa mot Libanon måndag.

Det er ikkje opplyst kor mange av offera som var sivile, men minst 35 av dei drepne skal vere born.

Lebanese children, that fled with their family from their village in southern Lebanon

Libanesiske born flyktar frå kampane saman med familien. Dei er på veg frå ein landsby i Sør-Libanon til tilfluktsrom på ein skule lenger nord.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / AFP

Måndagen blir omtalt som den dødelegaste dagen sidan 2006. Då blei rundt dobbelt så mange drepne i ein krig mellom Israel og Hizbollah som varte i 34 dagar.

– Viss ikkje dette er ein krigssituasjon, veit eg ikkje kva ein skal kalle det, seier Borrell.

EUs utenrikspolitiske sjef Josep Borrell fra en pressekonferanse høsten 2024

Utanrikssjef i EU, Josep Borrell.

Foto: Reuters/ NTB

FN sin fredsbevarande styrke i Sør-Libanon, Unifil er uroa for sivile i området, melder Reuters.

Måndag bad Det israelske forsvaret (IDF) sivile i Libanon om å evakuere. Tusenvis av familiar har flykta frå heimane sine. På vegane var det nesten endelause køar av bilar.

Styresmaktene har varsla at dei vil stengje fleire skular i Beirut og Sør-Libanon for å bruke dei som tilfluktsrom.

1600 Hizbollah-mål

IDF hevdar dei trefte 1600 Hizbollah-mål i Sør-Libanon og Bekaa måndag.

Dei seier vidare at Hizbollah er ansvarleg for at Israel lanserte Operasjon «Northern Arrows» og angreip mål i Libanon.

– Hizbollah er ansvarleg for situasjonen som har oppstått. Hizbollah sin plan er å gjere Sør-Libanon til ein arena for angrepa sine på Israel, seier IDF-talsmann Daniel Hagari.

IDF hevdar at Hizbollah lagrar våpen i heimane til sivile og bruker dei til å verne lokalsamfunn i Israel.

Ber om hastemøte i FNs tryggingsråd

Den franske utanriksministeren, Jean-Noel Barrot ber om eit hastemøte i FNs tryggingsråd for å diskutere angrepa i Libanon.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap), som deltek på hovudforsamlinga i FN i New York denne veka, seier at dei er alarmerte av hendingane i Libanon.

– Dette er nøyaktig det vi har frykta skulle skje. No er det er mange som ber partane om å dempe seg, sa Eide til NRK måndag kveld.

Folk flykter fra hjemmene sine i Sør-Libanon. Tett trafikk i en gate i den libanesiske byen Sidon 23. september 2024

Folk flyktar frå heimane sine i Sør-Libanon. Tett trafikk i ei gate i den libanesiske byen Sidon 23. september 2024.

Foto: Mahmoud ZAYYAT / AFP/NTB

Guterres uroa

FNs generalsekretær, António Guterres seier han er svært uroa for situasjonen i grenseområda mellom Israel og Libanon.

– Generalsekretæren er forskrekka over den eskalerande situasjonen, og det store talet sivile offer, blant dei kvinner og born. Det same gjeld situasjonen for tusenvis av fordrivne menneske i dei mest intense israelske bombeangrepa sidan oktober i fjor, seier ein talsperson for Guterres.

Podkast frå NRKs utanriksredaksjon:

Publisert 24.09.2024, kl. 06.48 Oppdatert 24.09.2024, kl. 06.58

Read Entire Article