Europameisteren får lommepengar av foreldra: Starta innsamlingsaksjon for «livsopphaldet»

2 days ago 15



– Det er ikkje noko luksusliv vi lever. Ein tar imot alt det ein kan få, seier Eitrem til NRK.

På dei første fire verdscuprundane har det blitt to verdscupsigrar, éin andreplass, to tredjeplassar – og dessutan to tredjeplassar på lagtempo. I EM kom høgdepunktet i karrieren til nå med EM-gull.

Til saman har det gitt han 13.400 amerikanske dollar i premiepengar – noko som svarer til rundt 149.000 norske kroner.

Eitrem er den av dei norske løparane som har gått inn mest premiepengar i verdscup og EM denne sesongen, nesten like mykje som dei andre til saman. Likevel har støttespelarane hans sett seg nøydde til å ta grep.

«Bidraga vil gå til å dekke nødvendig utstyr og livsopphaldet», skriv Christoffer Fagerli Rukke, som starta innsamlinga, i beskrivinga.

– Det er jo ikkje ein nødspleis i den forstand, men samtidig også ein nødvendig spleis for Sander. Den ville vore like kjærkommen eller meir kjærkommen for andre. Det er for dei som lèt seg inspirere og vil støtte Sander, seier Rukke til NRK.

Overtalte Eitrem til å få starte innsamling

Samanlikna med fleire andre vinteridrettar, er premiepengane i skøytesporten ganske beskjedne. I alpint er det i Kitzbühel dei gjævaste premiepengane er. Der fekk eksempelvis Adrian Smiseth Sejersted 13.000 sveitsiske franc for sjetteplassen i super-G-rennet, rett i overkant av 160.000 norske kroner.

– Det er ikkje veldig mykje pengar i skøytesporten, så alt det eg får inn, det set eg veldig stor pris på. Og det kjem til å bli brukt til den vidare satsinga mi, seier Eitrem.

– Det hadde vore veldig herleg om ein kunne leve av premiepengar. Men eg håpar jo på at dei gode resultata våre kan hjelpe meg og knytte til å få sponsorar. Fokuset vårt må vere å berre gå fort på skøyter og så håpe at folk får litt meir auge opp for skøyter og er interesserte i å bidra litt, seier han vidare.

Initiativtakar Rukke gjennomførte sjølv ein innsamlingsaksjon da han satsa som skøyteløpar. Da var det for å samle inn pengar slik at han kunne fortsette satsinga, etter å ha hamna utanfor landslaget.

– Det var noko eg gjorde éin gong i karrieren. Det er jo også litt kjensla rundt det at du føler at du tigg pengar. Derfor tenkte eg at eg veit at det er mange som heiar på Sander, og som eg veit kan bidra noko. Så fekk eg overtalt han til å få lov til at eg lagar han, og så donere pengar til han, seier Rukke.

Christoffer Fagerli Rukke Hege Bøkko

MERITTERT: Christoffer Fagerli Rukke har tatt ei rekke NM-gull. Her etter gullet i sprint-NM i 2009, saman med vinnar av kvinneklassen, Hege Bøkko.

Foto: NTB

Får hjelp heimanfrå: – Framleis nøydde til å spytte inn

For å få satsinga til å gå rundt, er Eitrem avhengig av støtte heimanfrå.

– Eg blir jo mindre og mindre avhengig av mamma og pappas støtte, men dei er framleis nøydde til å spytte inn veldig mykje i det eg held på med. Eit mål hadde i alle fall vore å ikkje vere avhengig av dei lenger. Men sånn som det er nå, så er eg framleis det, seier 23-åringen.

Rukke, som også er storebror til landslagsløpar Henrik Fagerli Rukke, seier han kjenner seg igjen i situasjonen.

– Eg veit jo det at det har vore krevjande. Eg kjenner meg igjen i det eg òg. Det er foreldre som må ofre mykje og støtte mykje til satsing og jobbe, og at inntekt går hovudsakleg mykje til satsinga, seier Rukke.

Han fortset:

– Eg var jo litt spent på om vi kunne få negative reaksjonar i form av at dette jo er ein som drar inn nokre premiepengar, om ikkje anna. For det er mange skøyteløparar og idrettsutøvarar som trenar masse og legg ned mykje tid utan å få ei krone i nokre premiepengar. Men eg har berre fått veldig mykje gode tilbakemeldingar, seier Rukke – som også hjelper Eitrem med sponsorjakt.

I mars ventar eit VM i enkeltdistansar på heimebane på Hamar som det store høgdepunktet for dei norske løparane.

Publisert 17.02.2025, kl. 22.04

Read Entire Article