Etterlyser eigar av ulovleg trehytta: – Dei ligg nok i grava

10 hours ago 2



«Varsel om ulovleg hytte», står det på eit laminert papir spikra fast i eit tre langs turvegen Løvstien i Bergen.

Rett bak står ei falleferdig hytte eit par meter opp i eit tre. No vil Bergen kommune gjerne ha kontakt med eigaren.

– Dei ligg nok i grava, tenkjer eg. I alle fall nokre av dei. Det er jo eit mysterium korleis dei har klart å koma seg opp der for lenge sia, seier Øyvind Halvorsen.

Han er på tur langs stien saman med hunden Lissi.

et fuglehus i et tre

Bergen kommune meiner hytta er i dårleg forfatning og leiter etter eigaren.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / nrk

Kan falle ned og skada folk

Bymiljøetaten i Bergen reiste ut på synfaring tidlegare i oktober, etter ei bekymringsmelding frå ein turgåar.

– Varslaren var redd for at nokon kunne skada seg. Vår vurdering er at hytta er i dårleg forfatning og at plankar kan falle ned og skada andre, seier Kamilla Berven Bischof, som er leiar for juridisk seksjon i etaten.

Bergensavisen omtalte saken først.

en kvinne som står på en gate

Kamilla Berven Bischof, leiar for juridisk seksjon i Bymiljøetaten i Bergen, forstår at lappane kan verka byråkratisk.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Bischof seier ho forstår at nokon kanskje syns det er litt merkeleg ressursbruk.

– Eg har forståing for at det å henga opp lappar sånn som dette kan verka litt vel byråkratisk, men bymiljøetaten brukar ikkje veldig mykje ressursar på denne saka.

Bischof understrekar at dei er opptatt av tryggleiken for byens innbyggarar.

– Det er eit område med mange turgåarar, både vaksne og born. Det kan vera freistande å begynna å klatra og ta seg opp til trehytta, og me er redd for at nokon kan skada seg, seier ho.

– Kan ikkje begripe det

Arthur Lillefosse har gått tur i området i mange år. Han har lagt merke til hytta fleire gonger.

– Eg synest ungar må få lov til å leke i naturen. Det får vera opp til bymiljøetaten om dei vil riva den, men eg synest det er ein overreaksjon. Vi var ungar før også, og klatra i trær, nå blir kanskje ungar litt overbeskytta.

en mann som står på en vei

Arthur Lillefosse går ofte på tur forbi hytta. Han meiner kommunen overreagerer.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Sigrid Fjeld, som også er turgåar, meiner at bymiljøetaten burde løyst saka i det stille.

– Eg kan ikkje begripa det. Den kan henge der, og om den ikkje kan det, kan dei ta den ned, og ikkje bruke tid og pengar på å finne ut kven som har gjort det. Det er ikkje rett å bruke ressursar på det.

– Ikkje verdas mest straffbare forhold

Bischof trur ikkje at hyttebyggaren kjem til å melda seg.

– Basert på alderen på hytta og at den ikkje ser så godt vedlikehalden ut, så er det kanskje ikkje så veldig sannsynleg. Men me får ofte inn tips som kan bidra til å løysa saka.

Bischof seier dei ikkje vil bøtelegga til dei som eventuelt står bak.

– Nei, dette er ikkje verdas mest straffbare forhold, for å seia det slik. Men me vil ikkje fjerna hytta før me har prøvd å få tak i dei som har bygd ho, i tilfelle det er noko i hytta nokon skulle vera redd for, forklarar ho.

Publisert 28.10.2025, kl. 19.13 Oppdatert 28.10.2025, kl. 19.50

Read Entire Article