Etterforskar utbrot av salmonella

3 hours ago 2



Mattilsynet etterforskar eit større nasjonalt utbrot av bakterien salmonella saman med Folkehelseintituttet og Veterinærinstituttet.

Det skriv dei i ei pressemelding.

23 personar busett i fleire fylke skal vere smitta.

Mattilsynet mistenker at økologiske alfalfaspirer kan vere kjelda.

– Kast økologiske alfalfaspirer dersom du har kjøp dette i løpet av dei siste tre vekene, skriv dei.

Karina Kaupang, fagdirektør i Mattilsynet, seier dette også gjeld blandingsprodukt som inneheld alfalfaspirer.

– Som sandwichar, baguetter, salatar, wraps og liknande. I det pågåande nasjonale utbrotet er det mange som har spist alfalfaspirer.

Vanlege symptom på salmonella er diare, magesmerte, kvalme og feber.

Publisert 28.11.2024, kl. 17.45 Oppdatert 28.11.2024, kl. 17.54

Read Entire Article