Hendinga skal ha skjedd 13. februar i år, stadfestar politiet.
Ein pasient på ein psykiatrisk klinikk i Helse Førde, skal ha angripe ein person som var på besøk hos vedkommande.
Vedkommande er i nær relasjon til den mistenkte.
Stine Mari Vårdal, straffesaksansvarleg i Sunnfjord, seier til NRK at dei ser på saka som eit drapsforsøk.
– Eg kan ikkje kommentere korleis hendinga skjedde sidan vi er midt i etterforskinga.
Har ikkje avhøyrt den mistenkte
Den mistenkte er tidlegare dømt til tvungen psykisk helsevern etter fleire kriminelle hendingar. Desse hendingane går nokre år tilbake i tid og omfattar mellom anna skadeverk.
– Kva er det som gjer at de meiner at det var eit drapsforsøk?
– I det ligg potensialet av kva som kunne blitt utfallet av saka.
Etter forholda går det bra med fornærma, ifølge Vårdal.
Vedkommande har ikkje fått nokre alvorlege fysiske skader etter hendinga.
Politiet etterforskar saka og har avhøyrt tre vitne, inkludert den fornærma.
Den mistenkte er enno ikkje blitt avhøyrt, men det er planlagt avhøyr.
Helseføretaket er ikkje under etterforsking, trass i at hendinga skjedde på ein psykiatrisk klinikk.
– Vi har ikkje opplysningar som tilseier at Helse Førde har gjort noko klanderverdig, seier Vårdal hos politiet.
Påtale: Ei spesiell sak
Også Helseføretaket stadfestar hendinga og melde saka vidare til politiet, som rykte ut.
Kommunikasjonssjef i Helse Førde Terje Ulvedal, seier at dei ikkje kan kommentere saka ytterlegare.
Ei årsak er mellom anna at saka er under etterforsking hos politiet.
- Vi har starta ei hendingsanalyse for å sjå kva vi kan lære av det som skjedde, og har også varsla Statens helsetilsyn, seier Ulvedal.
Pasienten er dømd til tvungen psykisk helsevern etter fleire kriminelle hendingar.
Kva som skjer vidare med pasienten i høve den nye saka, kan ikkje Vårdal hos politiet svare på.
Ho viser til Bjørn Larsen, påtaleansvarleg i saka.
– Det er ei spesiell type sak, seier Larsen til NRK.
Han seier at saka er under etterforsking og at han ikkje kan kommentere den.
Når saka er ferdig etterforska, skal han kome med sitt forslag om kva som bør skje vidare.
Publisert 04.03.2025, kl. 14.34 Oppdatert 04.03.2025, kl. 14.59