Palestinsk aktivist lauslaten i USA: – Vi sender ein tydeleg beskjed

5 hours ago 3



Den palestinske studenten Mohsen Mahdawi er sett fri etter ordre frå ein dommar i delstaten Vermont, ifølge CBS News.

Han kom gåande ut frå tinghuset Burlington i Vermont medan han viste fredsteikn med begge henda.

Mahdawi blei pågripen av ICE 16. april medan han var på intervju for å få statsborgarskap i delstaten Vermont.

Han var ikkje sikte for å ha gjort noko kriminelt.

Advokaten hans sa då at dette var ein direkte konsekvens av rolla hans i demonstrasjonane på skuleområdet på Columbia i april i fjor.

Dommar Geoffrey Crawford beordra onsdag at Mahdawi, som har hatt lovleg opphald i USA i ti år, må settast fri. Han har sidan pågripinga sete i varetekt i byen St. Albans i Vermont.

https://potion.felles.ds.nrk.no/program/5819eb7f-df36-41ac-99eb-7fdf3691ac73

Palestina-aktivist Mohsen Mahdawi blei lauslaten etter å ha sete i varetekt i to veker.

Foto: APT

Advokatane til Mahdawi hevda at Trump-administrasjonen vil deportere han fordi han leia pro-palestinske protestar på Columbia-universitetet under Israel-Hamas-krigen. Dette er i strid med rettane hans etter det første grunnlovstillegget, skriv CBS.

– Ja, du trur kanskje eg er fri, men fridomen min heng saman med fridomen til mange andre studentar, sa Mahdawi utanfor tinghuset rett etter han blei sloppen fri.

en gruppe mennesker som holder skilt

Folk samla seg utanfor tinghuset i Burlington i Vermont der det var venta at Mohsen Mahdawi skulle bli lauslaten

Foto: Kristopher Radder / AP / NTB

Der held han ein appell til dei frammøtte. Under talen fekk han dei frammøtte til å rope «the people united, will never be defeated», som er eit slagord mykje brukt under protestar mot Israel si krigføring i Israel.

– Vi sender ein tydeleg beskjed også. Om vi trur på at rettferd er unngåeleg treng vi ikkje vere redd for nokon. Vår kamp er ein kamp for kjærleik, demokrati og menneska, seier Mahdawi utanfor tinghuset.

en gruppe mennesker som holder skilt

Saka til Mohsen har ført til protestar i USA. Her i New York by.

Foto: Jeenah Moon / Reuters / NTB

Saka til Mohsen har provosert studentar og andre som ikkje ynskjer at USA skal støtte Israel i krigføringa si på Gaza med fleire protestar der dei har kravd at Mahdawi må bli sloppen fri.

Desse protestane har føytt seg inn i ei rekkje av store universitetsprotestar som har kritisert både Biden og Trump-administrasjonane for handteringa av krigen mellom Israel og Hamas.

I 2023 såg USA dei største protestane på universiteta sidan 7. oktober 2023. Studentar sette opp store teltleirar og protesterte i gatene. Dåverande president Joe Biden fordømte det han kalla antisemittiske protestar.

Også i april i 2024 blei personar arresterte av amerikansk politi etter demonstrasjonar, også på Columbia-universitetet.

Valde å ta opp kampen

Pågripinga av Mahdawi skjedde samstundes som universitet over heile USA blei oppmoda om å slå ned på antisemittisme.

Tidlegare denne månaden skreiv Wall Street Journal at Trump-administrasjonen kravde at Columbia-universitetet innretta seg etter føderale reglar til korleis dei skal handtere antisemittisme. Samstundes heng den føderale finansieringa til universitet i ein tynn tråd.

Harvard-universitetet valde tidlegare denne månaden å ta opp kampen mot Trump-administrasjonen. Då fekk universitetet krav om å slutte å anerkjenne og støtte studentgrupper som støttar Palestina, som for eksempel Harvard Palestine Solidarity Committee, Harvard Graduates Students 4 Palestine og Students for Justice in Palestine.

En gruppe mennesker som går

Mohsen Mahdawi var aktiv under protestane på Columbia University mot krigføringa på Gaza. Biletet er frå protestane 12. oktober 2023.

Foto: Yuki Iwamura / AP / NTB

I eit tidlegare intervju med CBS News, slo den palestinske studenten ned på antisemittisme skuldar.

– Eg vil at folk skal vite at medkjensla mi strakte seg utover det palestinske folket. Medkjensla mi gjeld også det jødiske folket og israelarane, sa han.

Publisert 30.04.2025, kl. 20.01

Read Entire Article