Energiministeren fremma omstridt direktiv i regjeringskonferanse

5 hours ago 5



Kva har de no lagt på bordet?

– Vi har lagt fram tre direktiv frå 2018: Fornybardirektivet. Bygningsdirektivet, og Energieeffektiviseringsdirektivet. Dette er direktiv som er viktig for norsk næringsliv.

Det seier energiminister Terje Aasland (Ap), som kjem rett frå Arbeidarpartiets regjeringskonferanse i dag.

EUs fjerde energimarkandspakke har der vore tema. Denne består av fire direktiv. Arbeidarpartiet legg fram nokre av desse no, men skyv fram dei mest omdiskuterte til etter valet.

– Det handlar altså ikkje om straumprisar, Acer, eller å gi frå seg noko som helst form for nasjonal sjølvsråderett, seier Aasland.

Dei andre direktiva i energipakken treng dei meir tid til å behandle, forklarar han.

– Det er ikkje aktuelt å behandle dette før valet.

Eg kan ikkje kommentera dei interne prosessane i regjeringa, anna enn at me har hatt ei grundig vurdering av desse sakene i dag.

Dette har vore ein verkebyll for regjeringa Støre. Arbeidarpartiet har ville innføre delar av pakken, medan Senterpartiet har sagt nei.

Dette kan ende med regjeringskrise.

Satt på spissen meiner Senterpartiet at pakka representerer eit veiskille der dei må bøye av og akseptere utviklinga mot tettare europeisk kraftsamarbeid, eller gå ut av regjeringa. Arbeidarpartiet på si side meiner at dette er udramatisk med tanke på å avgi makt til Brussel.

– Korleis vurderer du situasjonen foir regjeringa, gitt dei signala som du og andre har oppfatta frå Senterpartiet?

– No har vi hatt ei grundig regjering i dag, og vi har drøfta ulike synspunkt og standpunkter og vi har no ein videre prosess på dette.

Sp-toppar kalla in til hastemøtet

Senterpartiets sentralstyre er kalla inn til digitalt møte i ettermiddag eller kveld for å drøfte striden i regjeringa, etter det NRK erfarer.

Det er ikkje lagt opp til noko vedtak i møtet, som er kome i stand for at sentralstyret skal få ei orientering om situasjonen.

Dette er striden

Det er snakk om å innføra tre direktiv: Fornybardirektivet, bygningsdirektivet og direktivet om energieffektivisering. Det siste blir sett til side til etter valet.

Publisert 23.01.2025, kl. 16.42 Oppdatert 23.01.2025, kl. 16.53

Read Entire Article