Dei neste dagane kan ein vente klarvêr og høge temperaturar fleire stader i landet.
Likevel er det nokre tydelege vêrvinnarar på Sør-, Aust- og Vestlandet.
Dei siste dagane har det vore sol og nesten klar himmel på Nordmøre.
Foto: Toril Martha Ornell Meisingset / PrivatDette er ikkje hetebølga frå Europa
Meteorologane til Yr bekreftar på X at finvêret ikkje er siste rest frå hetebølga som har prega store delar av Europa dei siste vekene.
Per Egil Haga er vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, og forklarar kvifor det blir så varmt dei neste dagane:
– Det er eit høgtrykk som ser ut til å forsterke seg over den nordlege delen av Europa, inkludert Skandinavia.
Han forklarer at dette høgtrykket gir lite skyar og mykje sol, og at det dermed blir sommarlege temperaturar i landet.
Det blomar på Meisingset i Tingvoll.
Foto: Toril Martha Ornell Meisingset / PrivatMen det er dei som bur i Sør-, Aust- og Vest-Noreg som er dei klare vêrvinnarane i denne omgang.
– Det er i den sørlege delen av landet det blir varmast. Men det brer seg også til Vestlandet, Trøndelag og den nordlege delen. Men der det blir det ei kortare periode med varme, og kanskje ikkje så høge temperaturar.
Tenkjer ikkje på regnbyene no
Toril Meisingset har eit sommarhus på Meisingset i Tingvoll.
Sveitserhuset kjem opphaveleg frå ein gard som har vore i familien hennar i lang tid, og her har ho nytt finvêrsdagar sidan ho var lita.
I dette sommarhuset har Toril Meisingset oppheldt seg mange somrar.
Foto: Toril Martha Ornell Meisingset / Privat– Eg er hysterisk glad for finvêret!
Ho har ikkje vore nøgd med sommarvêret så langt, men brukar ikkje tida på å tenkje på vêret som har vore.
– Eg nektar å tenkje på regnbyene no, altså. Det har vore altfor mykje av dei.
Har du lagt planer for kva du skal gjere i finvêret?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Desse er vêrvinnarane
Det er fleire stader i landet som vil få høge temperaturar denne veka.
I Bergen er det meldt opp i 28 grader, i Kristiansand 26 grader og i Trondheim 28 grader.
I Nord-Noreg er det også varmt, men ikkje fullt like høge temperaturar som i sør.
Der kan ein vente 22 grader i Tromsø, 22 grader i Vadsø og heile 28 grader i Mo i Rana.
Også i Møre og Romsdal blir det fleire stadar med finvêr og strålande sol denne veka.
På søndag er det nemleg meldt heile 28 grader både i Åndalsnes, Aure og Sunndalsøra.
– Det er mogleg at det enkelte stadar inne i fjordane kan bli så høge temperaturar som 30 grader, seier meteorologen.
Det blomar på Meisingset i Tingvoll.
Foto: Toril Martha Ornell Meisingset / PrivatSjå korleis vêret er der i Noreg du er akkurat no:
Publisert 08.07.2025, kl. 21.47 Oppdatert 08.07.2025, kl. 21.47