EM-kometen blei grisetakla av rasande bror: – Det blei ein del krangling

19 hours ago 3



– Eg gjekk inn med begge føtene, seier Sondre Gaupset til NRK og ler.

Når NRK møter familien Gaupset heime i Molde får det fram minner frå oppveksten – der det meste handla om fotball.

Saman med søster, bror, mamma og pappa har Signe Gaupset fått kopla av etter gjennombrotet for Noreg under EM.

To klassemål mot Island i debuten frå start fekk nasjonen til å måpe. Og prestasjonen førte til eit unisont krav om at 20-åringen også måtte starte i kvartfinalen mot Italia.

Kravet blei innfridd. Men Noreg tapte og rauk ut av meisterskapen.

En gruppe mennesker som står på et kjøkken

FAMILIE: Signe Gaupset har slappa av saman med familien i Molde etter EM. Frå venstre veslesøster Selma, mamma Ingunn, pappa Ketil, Signe og storebror Sondre Gaupset.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Skulle ikkje blande seg

På vegen fram mot toppen blei ho «herda» av å spele med gutane i oppveksten. Til ein viss irritasjon for storebroren.

– Ho var veslesøster, jente og to år mindre. Og skulle ikkje blande seg i mine saker, seier Sondre.

– Det blei ein del krangling, ja, seier Signe Gaupset.

Og under ei turnering på Lillehammer kom «oppgjeret» mellom dei to søskena då dei spelte for moderklubben Rival.

– Vi hadde to lag, men mangla spelarar. Så då måtte Signe steppe inn på det eine laget. Vi møtte kvarandre i åttedelsfinalen. Og då blei ho klipt ned, for å seie det mildt. Eg måtte vise kven som var best og eldst, ler storebror Sondre.

– Eg blei skamtakla av Sondre, supplerer Signe smilande heime på kjøkkenet i Molde.

Lagbilde av Rival guttelag

SAMAN MED GUTANE: Signe Gaupset måtte spele på lag med gutane fordi klubben ikkje hadde jentelag. Her etter ein turneringssiger i Danmark.

Foto: Privat / NRK

– Raskare og sterkare

Men den røffe behandlinga har skapt eit av Noregs største fotballhåp.

Brann og Bergen er truleg berre eit førebels stopp på reisa mot større klubbar i utlandet.

Sidan moderklubben Rival ikkje hadde jentelag, måtte Signe Gaupset spele med gutane i oppveksten.

Det var viktig for min del. Det er eit anna tempo frå ein er liten av. Gutane trykker jo til. Og eg har tolt mykje forskjellig. Eg trur det er grunnen til at eg har kome dit eg er i dag.

Signe Gaupset

TALENT: Signe Gaupset la gutane bak seg då ho spelte for moderklubben Rival i Molde.

Foto: Privat / NRK

– Vi var ein gjeng med kompisar som spelte fotball heile tida fordi det var utruleg gøy. Vi «pusha» kvarandre heile vegen.

Sakna du eit jentelag?

Eigentleg ikkje, for det var så høg kvalitet. Eg treivst godt saman med dei. Dei spelte fotball heile tida på skulen. Så då blei eg med. Eg fann på ting saman med dei. Då var det jo stort sett fotball, så eg sakna jo eigentleg aldri noko jentelag, seier Gaupset.

Då ho var 15 år starta ho likevel på kvinnelaget til Molde i 2. divisjon. Samtidig trente ho fast med gutar 16-laget til Molde-akademiet.

Dei er raskare og sterkare. Og så handlar det om at du må ta smartare og raskare val. Eg syntest det var gøy å utfordre seg på den måten, ein måtte vere skikkeleg «» for å kunne prestere, fortel Gaupset.

Signe Gaupset

GJENNOMBROT: Signe Gaupset kunne juble over to mål mot Island i EM.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Vil til Meisterligaen

Fleire av gutespelarane som Gaupset vaks opp med har også spelt på aldersbestemte landslag, blant andre Gustav Nyheim og Andreas Myklebust (utlånt til Træff) som begge er i A-stallen til Molde.

No er Signe Gaupset også med i det ypparste selskapet både for klubb- og landslag.

Etter rolege dagar i Romsdal er landslagsspelaren klar for haustsesongen for Brann i Toppserien. Der har ho har kontrakt fram til sommaren 2027.

Etter EM har pågangen frå klubbar i utlandet berre vakse.

Ja, det har vore mykje trykk. Men eg har agentar som tek seg av det. Dermed kan eg fokusere fullt og heilt på fotballen og prestere så godt som mogeleg der eg skal, seier Gaupset.

  • en person som holder en ball og står på et dekk

    Roar Jonny Strøm / NRK

    Slik klarer 20-åringen å stenge presset ute

    Gaupset har fått mykje merksemd, både i Noreg og internasjonalt, etter EM-prestasjonane.

    Sveip til høgre og sjå korleis ho klarer å kople heilt av.

  • Gaupset står ved siden av Bernabeu bygget i lego

    Roar Jonny Strøm / NRK

    1. Byggje lego

    – Det er veldig roande å kunne sitje og fikle med småting. No har eg bygd stadionet til Real Madrid, og det var eit ganske stort prosjekt. Veldig godt å ikkje tenkje for mykje – berre byggje.

  • en person som sitter ved et bord med et stort puslespill

    Roar Jonny Strøm / NRK

    2. Pusle

    – No har eg fått pusla det lettaste. Det er berre det å fylle mellom igjen. Og då tek det litt tid, seier Gaupset om eit puslespel ho har hatt liggande på kjøkenbordet i Bergen sidan januar.

  • en person som holder en krydder

    Roar Jonny Strøm / NRK

    3. Lage mat

    – Eg har blitt glad i det å lage mat, både åleine og saman med lagvenninner. Då tenkjer vi på andre ting.

  • en person som holder et måleri ho lagde som barn

    Roar Jonny Strøm / NRK

    4. Male

    – Eg har blitt glad i å måle sånn «Paint by Number». Då får du måling og ferdig motiv, og så skal du eigentleg berre fargeleggje, seier Gaupset, og viser fram eit måleri ho laga som barn.

  • en person som sitter i en stol og leser en bok

    Roar Jonny Strøm / NRK

    5. Lese

    – Ein er jo mykje på mobilen i løpet av dagen, og eg har funne ut at det er godt av og til å berre lese ei bok,» seier 20-åringen, og legg til at favoritten er romanserien «De sju søstre».

Agent Tore Pedersen opplyser til NRK at det er mange klubbar som er interessert. Og at dei har sagt nei til mange.

– Det er gode lag det er snakk om, seier Pedersen vidare til NRK.

Enn så lenge held Signe Gaupset fram ferien på Nordvestlandet før Toppserien startar opp igjen laurdag 9. august. Då møter Brann LSK Kvinner på bortebane.

– Eg har lyst til å spele i Meisterligaen kvart år og vinne turneringa. Draumen er å spele i dei store ligaene og mot dei beste laga. Samtidig tek eg det veldig roleg, eg trivst veldig godt i Brann. Å bytte klubb må følast riktig. Men samtidig er eg førebudd på at det kan skje når som helst, på ein måte, seier ho.

Er det greit å jogge i baris? 01:18

Publisert 30.07.2025, kl. 05.31

Read Entire Article