Bakgrunnen for søksmålet var at Elon Musk meinte han blei lurt då OpenAI gjekk i ei meir kommersiell retning.
Opphaveleg var OpenAI ein ideell organisasjon i 2015 av blant andre Sam Altmann. Målet med organisasjonen var å utvikle kunstig intelligens på ein trygg måte som skulle komme alle menneske til gode.
OpenAI står blant anna bak ChatGPT.
Musk bidrog med 38 millionar dollar til prosjektet dei første åra.
Sett på som avgjerande
Avgjerda kom etter elleve dagar med vitneforklaringar og prosedyrar, der truverdet til både Musk og Altmann blei angripe.
Juryen brukte to timar på å samrøystes komme fram til at søksmålet måtte bli avvist. Dei meiner selskapet ikkje er erstatningspliktige fordi Musk leverte søksmålet for seint.
Dei meiner Musk hadde tre år på seg til å saksøke, utan at han gjorde det.
Avgjerda fekk støtte frå dommaren i saka, Yvonne Gonzales Rogers.
– Det er omfattande bevis som underbygger avgjerda til juryen, og det var difor eg var klar til å avvise saka på staden, sa ho, ifølge Reuters.
Utelukkar ikkje anke
Søksmålet blei sett på som avgjerande for framtida til OpenAI.
Selskapet avviste skuldingane frå Musk, og hevda milliardæren prøvde å stikke kjeppar i hjula for ein konkurrent.
Musk oppretta eit eige KI-selskap i 2023, xAI, som blant anna står bak samtaleroboten Grok.
Advokaten til Musk, Steven Molo, utelukkar ikkje at klienten kan komme til å anke avgjerda, skriv CNBC.
Advokatane til OpenAI seier dei kjenner seg sikre på at dei har ei god sak dersom det skulle komme ein anke.
Gjer seg klar til børsnotering
I dag blir KI brukt til ei rekke formål, som utdanning, forsking, journalistikk og til å stille medisinske diagnosar.
Mange er uroa for at teknologien skal erstatte menneske i arbeidslivet.
Det har vore demonstrasjonar utanfor rettsbygninga medan rettsaka har gått føre seg i Oakland.
Foto: JOSH EDELSON / AFP,NTBTeknologiselskap har investert milliardar av dollar i selskap som driv med kunstig intelligens.
I rettssaka vitna ein direktør i Microsoft at dei hadde brukt over 100 milliardar dollar på eit partnarskap med OpenAI.
OpenAI forbereder seg no på ei mogeleg børsnotering som kan verdsette selskapet til 1000 milliardar dollar, skriv Reuters.
Publisert 18.05.2026, kl. 20.11 Oppdatert 18.05.2026, kl. 20.52














English (US)