Eksplosiv bilbrann i Ålesund – bileigar Ole Henrik Eidsvik fekk sjokk

1 week ago 8



Tysdag kveld fekk mange naboar på Aspøya i Ålesund seg eit sjokk då ein frykta to gassflasker skulle eksplodere.

– Vi kan ikkje huske at vi har hatt ei liknande hending i vårt ansvarsområde tidlegare, seier Helge Johan Berg, overordna vakt ved Ålesund brannvesen.

Det heile starta med ein eksplosiv bilbrann i nabolaget. Like etter oppdaga brannvesenet to gassflasker med den høgeksplosive gassen acetylen inne i bilen. Acetylen er ein brenngass som saman med oksygen blir brukt til sveising.

Tirsdag kveld var det en eksplosjon i Ålesund.

Brannvesenet kjølte ned bilen med gassflaskene tysdag kveld.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Etterforskar saka

Politiet henta inn ein skarpskyttar som skaut hol på flaskene, for å unngå at dei eksploderte i varmen frå bilbrannen. To personar blei sende til sjukehus og bebuarane i fire hus blei evakuerte i fleire timar som følgje av eksplosjonsfaren.

Ifølgje vakthavande jurist i politiet, Sander Brink, er det oppretta sak og dei etterforskar saka.

Han seier det ikkje er noko som tilseier at det er ei kriminell hending, men det er tidleg i etterforskinga og dei skal gjere fleire avhøyr.

Eigaren av bilen: – Fekk sjokk

Ole Henrik Eidsvik eig bilen. Han fortel at han hadde sett den hos ein venn som skulle sjå på eit problem med motoren.

Bilen blei parkert på ei av øyane i Ålesund for nesten to månader sidan ifølgje Eidsvik. Då politiet ringde tysdag og fortalde om bilbrannen på Aspøya fekk han sjokk.

– Det fyrste eg tenkte var at det måtte vere ein feil. Politiet lurte på om eg hadde gassflasker i bilen og det visste eg ingenting om. Eg blei lyn forbanna då eg høyrde at bilen var brukt utan at eg hadde blitt spurt.

– Det var surrealistisk å bli blanda inn i evakuering og eksplosjonsfare. Eg såg jo at det var min bil og blei mildt sagt sjokka.

Ole Henrik Eidsvik opplevde å bli ringt av politiet når bilen hans sto i brann tirsdag. I bilen hadde det blitt oppbevart to flasker med eksplosiv gass uten at Eidsvik viste om det.

Ole Henrik Eidsvik eig bilen som brann tysdag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ole Henrik Eidsvik seier bilen berre blir brukt som reservebil, men no er den heilt øydelagt.

– Tapet må eg berre ta. Eg tviler på at forsikringsselskapet dekkjer dette. Bilen står registrert på meg, så eg veit ikkje kva som skjer vidare og om politiet finn ut kven som har køyrt bilen.

NRK har vore i kontakt med kompisen som skulle sjå på bilen, men han vil ikkje uttale seg så lenge saka er under etterforsking.

Eksplosjon Ålesund

Naudetatane rykte ut tysdag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / Frederik Ringnes

– Frakta skal gå føre seg utan unødig opphald

Helge Johan Berg i Ålesund brannvesen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Helge Johan Berg ved Ålesund brannvesen seier dei ikkje kjenner detaljane i hendinga tysdag. Han fortel det er forskrift om transport av farleg gods regulerer kva som er lov og ikkje.

– Det er opning for å frakte mindre mengde brannfarleg gass i køyretøy, men føresetnaden er at det skal sikrast forsvarleg. Frakta skal gå føre seg utan unødig opphald, og stoffet skal låstast når ein kjem fram.

Publisert 25.09.2024, kl. 16.52 Oppdatert 25.09.2024, kl. 17.20

Read Entire Article