Tore Renbergs diktsamling rommar 101 dikt skrive på ulike dialektar og frå ulike tider.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Sjåinga og lyttinga er to komplementære språkfascinasjonselement som er lett å leggje merke til i Tore Renbergs «Øie=Viise, 1720 og andre dikt». I titteldiktet vert det til og med skildra – forsynt med enderim og alt – korleis ein «Mand» lyftar auge ut or hovudet sitt, slik at ein kan sjå rett inn i skallen hans. Ja, det må ha vore litt av eit syn!
Hovudinspirasjonskjelda for dikta er altså språk. Dei 101 dikta er like mykje språkportrett, skrift- og målføreprøver, som dei er portrett av enkeltpersonar frå notid og fjern og nær fortid. Rekkja av språkformer i denne diktkatalogen er lang. Her kryssar ein abrupt mellom dikt skrive på hallingdals-, valle-, trønder- og stavangerdialekt, slang, mellomnorsk, dansk med og utan norvagismar, landsmål og bokmål og så bortetter. Historisk og synkront finst eit rikt og forvirrande språkleg materiale som Renberg har late seg begeistre og fengsle av i «Øie=Viise, 1720 og andre dikt.»
At eit slikt språkleg formmangfald representerer eit rungande apropos til det glatte språket chatbotar og KI-modellane spyr ut, er nokså klart, og i første avdeling får me døme på ein platt maskingenerert tekst som mellom anna er frekk nok til å be oss handle: «Bekreft at du ikke er en robot». Og det som følgjer etter denne teksten, skal vere språk av eit heilt anna og saftigare kaliber.
Dei 101 dikta er høvesdikt, skrivne i samband med særlege anledningar: Fødsel, bursdag, død, innviingar, gravferder, fest, avrettingar, kjærleik. Og anten det er lenge før eller nær opp til vår tidsrekning, høyrer ein om det som ligg desse folka nærast på hjarta. Altså alt frå, som det heiter i prologdiktet: «græsselig toill thill grimmeste død».
Om språket er historisk, verkar det som det som opptar folk, ikkje vert så merkte av kor dei er plasserte i historia. Her kan ein lese om romaren Cicero som i år 43 f.v.t. – eitt år etter keisaren Cæsars død – reflekterer over tid og aldring, om Barbro Bielland som blei brent på bålet for hekseri i Sandvigå i Stavanger i 1623, eller «Knut Malmefjords tale, 1985» i høve at han blei nitti år.
Diktet har, som alle tekstane i boka, dobbel tittel, ved sida av den nemnde tittel står eit substantiv, «lettheten». Jubilanten Malmfjord verkar å ta lett på det meste, og kanskje er det litt søkt av underteikna å påstå at Milan Kunderas roman «Tilværelsens uutholdelige letthet» som kom på norsk i 1984, kling med som ein fjern bakgrunn for diktet. Kanskje. Kanskje ikkje.
Og her finst nokså språkråe tekstar, til dømes monologen som skal lyfte den unge Torkild inn i vaksenlivet ved å fortelje guten eitt og anna sanningsord om korleis damene er: «For det edet nesta med damer / Di e sinnsygt hårsåre skjønnedu / Sei ein ting feil så hardu drededepåleggen / Då kandu se langt ittefittå foråseidetsånn».
Mellom tekstane og personane i dikta finst ingen direkte forbindelse, dei kjem frå ulike tider og stader og står stort sett for seg sjølv, mutters aleine i historias einsemd.
Forfattaren har ordna og forma heile dette forvirrande språklandskapet nokså strengt, ti dikt i ti nummererte bolkar. I tillegg til at kvar tekst er datert med årstal, har kvar tekst oppgitt høvet, slik som: «endekampen», «raseriet», «trolldommen».
Diktboka er avslutningsvis forsynt med ei rekke kommentarar og merknader som kan legge føringar på korleis tekstane skal lesast og forståast. Me får t.d. vite kor og når forfattaren kom på ideen med å skrive desse tekstane. Forfattaren siterer her Holberg som ønskte seg strengare normeringar. Renberg skriv at han i boka dyrkar anarkiet i språkformene.
I «Kommentarer til enkeltdikt» kjem Renberg også med eit utfall når han skriv «Mange tusen år med faste former kan heller ikke ta feil». Somme kan nok ha meint at dei faste formene har utspelt den estetiske rolla si fordi dei ikkje lenger er gyldige for den aktuelle historiske situasjonen menneska står i. Og så har nye former tatt over for dei gamle. Og dei gamle formene har kan hende endra seg, eller fornya seg. I dag handlar det kanskje meir om korleis ein evnar å inkorporere også desse formene i eit godt dikt, gyldig for tida me lever i.
Publisert:
Publisert: 13. oktober 2025 13:13