«Eit politisk Eurovision-teater er nett det me treng no»

1 month ago 19



Timinga kunne knapt vore betre.

I ei tid med krig og fred-krangling for ope kamera, i ei tid der Europa vert sett på prøve, treff Det Norske Teatret blink med fram­syninga «Europavisjonar».

Syng for Europa

Ein kan elska eller hata Eurovision Song Contest, song­konkurransen som vart stifta for å bidra til forsoning i Europa etter andre verds­krigen. Ein konkurranse som ikkje skulle vera politisk, men som sjølvsagt er det likevel.

Mens verda brenn, mens verds­leiarar kranglar i ovale kontor, så seier Det Norske Teatret: Lat oss stoppa opp litt her no. Lat oss sjå tilbake. Lat oss synga det.

I framsyninga «Europavisjonar» får stats­leiarar synga ut sine visjonar for Europa medan historia frå Berlinmurens fall og fram til i dag spelar seg ut. Så kan publikum stemma på den visjonen dei likar best.

Enkelt, komplekst, genialt og pinleg, nett slik Eurovision er.

Artister står og synger på en scene og holder hender med hendene i været

GLASNOST? Muren er riven, i midten syng Mikhail Gorbatsjov (Heidi Gjermundsen Broch i raudt) og Ronald Reagan (Pål Christian Eggen) «Unite, unite, Europe» saman med eit fritt tysk folk. Slik startar «Europavisjonar». Sidan vert det mørkare.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Syng, Stoltenberg. Syng!

Regissør Simen Formo Hay har imponert før, ikkje minst med den grandiose framsyninga «Døden på Oslo S» på Økern­senteret i Oslo.

No har han skapt noko heilt anna.

Noko djupt, noko inngripande, noko politisk. Ikkje perfekt, det skal ikkje Eurovision vera, men noko heilt for seg sjølv.

Forma til «Europavisjonar» liknar ein grand prix-festkveld og spelar seg ut som det. I salen er stemninga høg, det glitrar i paljettar, det er jubel og dans.

Denne ESC-festen går over fleire år.

Han startar i 1989, i opnings­nummeret syng Ronald Reagan (Pål Christian Eggen) og Mikhail Gorbatsjov (Heidi Gjermundsen Broch) duetten «Drøym saman» på melodien til den italienske vinnarlåten frå 1990 («Insieme: 1992») medan dei under­teiknar ein nedrustingsavtale.

Så kjem historiske hendingar på rekke og rad: Danninga av EU, Oslo-avtalen, krig på Balkan, finans­krisa, Putin som strammar grepet, Brexit.

Kvar av dei 16 hendingane er følgd av ESC-songar med nye norske tekstar, framført av leiarar som Tony Blair, Jens Stoltenberg, Angela Merkel, Silvio Berlusconi, Marine Le Pen, Recep Tayyip Erdoğan og Vladimir Putin.

Er det rart det vert fest?

En lettkledd kvinnelig sanger med fire backup-dansere framfører et forrykende sang- og dansenummer

DRITLEI: «EU, eg er ferdig!» syng Recep Tayyip Erdoğan (Ingeborg Sundrehagen Raustøl, i midten) til melodien «Mata Hari», Aserbajdsjan sitt bidrag i ESC-finalen i 2021. Ein frisk Erdoğan, det her.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Ampert i Green room

«Europavisjonar» er ein historie­time pakka inn i paljettar og under­haldning.

Forma er kjent, melodiane òg. Saman med Oda Radoor og Johan Hveem Maurud har regissør Hay gjort smarte låtval og skrive tekstar som er både platte og djupe på ein gong.

Koreografien er full av fart, kostyma glitrande og morosame, det er fullt trøkk og ein haug med overraskingar heile vegen.

  • En kvinne under et sangnummer på en scene, iført knallrød kjole som flagrer i en vindmaskin

    VI KLARAR DET: Angela Merkel (Heidi Gjermundsen Broch) syng svenske Loreen si vinnarlåt frå 2012, «Euphoria». Teksten er no «Vi klarar det» og handlar om flyktningkrisa i 2015.

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • En mannlig skuespiller på en teaterscene med hevet knyttneve synger fra en talerstol

    INVADER NO: Pål Christian Eggen som Vladimir Putin på München-konferansen i 2017. Låta er «Demokrati? Elles takk», meir kjent som finske Käärijä sitt ESC-bidrag for Finland i 2023: «Cha Cha Cha».

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • En mann i cowboyhatt og dress filmes av en TV-fotograf mens han flørter med publikum

    DOLLARGLIS: Ronald Reagan (Pål Christian Eggen) syng om eit forent Europa med blendakvitt glis.

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • En kvinnelig artist står på scenen og rocker.

    GLITZ OG GLAM: Cårejånni Enderuds kostyme tek Eurovision-potensialet heilt ut med herleg overdådige antrekk.

    Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret

Til saman er låtane del av ei større meining, ei større forteljing. Etterkvart som historia skrid fram og låtane vert framførte, ser ein korleis Europa-håpet smått slår sprekkar.

Europa skapar kaos for seg sjølv. I Green room vert det etter kvart ampert i alt glitteret. Så kjem krig. Så skal me stemma.

Det store spørsmålet framsyninga stiller, er: Kor skal Europa no?

Ein genistrek

«Europavisjonar» knyter seg tett til nyare hendingar.

Krangelen i Det ovale kontor dagen før premiera er til dømes skriven inn i manus.

Kva enn Trump finn på framover, vil det nok bli handtert på Det Norske Teatret.

  • En skuespiller utkledd som Donald Trump på en teaterscene

    PÅ PLASS: Joda, Trump er med, spelt av Natalie Bjerke Roland. Frå venstre etter gitaristen: Ellen Birgitte Winther, Hallvard Holmen, Rafid Arsalan Islam, Carl Martin Eggesbø, gitarist.

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • Fire kvinner under et sang- og dansenummer. De har rød leppestift og dype utringninger

    UNDER ANGREP: Ukraina sitt bidrag i «Eurovisjonar» er låten «Spire ein revolusjon» på melodien «Shum», som var Ukraina sitt ESC-bidrag i 2021.

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • En mann opptrer i prangende kostyme på en scene med backup-dansere

    BRITISK OPTIMISME: Ein Tony Blair i storform og proppa med tru på samtida. Carl Martin Eggesbø som Blair syng låta «Shopping, bilar og sydentur» på melodien «Oh ah … just a little bit», som var Storbritannia sitt ESC-bidrag i 1996.

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
  • Tre personer opptrer et sang- og dansenummer foran et publikum på en teaterscene

    STOR STEMNING: Det blir god kok på Det Norske Teatret med «Europavisjonar».

    Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Den som kjenner sorg over korleis verda dagleg vert meir utrygg når ein ser til Washington, kan få utløp for desse kjenslene i teateret. I «Europavisjonar» kan me le med Europa og gråta med Europa og samstundes sjå kvifor ting er som dei er. Kanskje til og med skjønna litt meir.

Og det er det som er det geniale her: Kombinasjonen av paljettar, håp og sorg pakka inn i noko kjent.

«Europavisjonar» er like perfekt og uperfekt som ein ESC-finale: Ikkje alle syng like bra, nokre nummer er artigare enn andre.

Men framsyninga plasserer publikum midt i verda slik ho spelar seg ut for oss no. Midt i alt som er. Det er uperfekt, rørande og genialt.

«Douze points» frå meg.

Publisert 03.03.2025, kl. 15.04

Read Entire Article