Ein grøn liberalar ropar på EU-omkamp

2 hours ago 4



Alle tok feil, skriv Kjetil Alstadheim om EU-frontane i 1994. Men enkelte tok meir feil enn andre, inkludert den unge Kjetil.

Kjetil Alstadheim ropar på EU-omkamp i ny bok. Foto: Astrid Waller/Aschehoug
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Kjetil Alstadheim:

Alle tok feil

Om EU-landet Norge

276 sider

Aschehoug

 4 out of 6

I 1994, då Norge sist røysta om medlemskap i EU, var Kjetil Alstadheim 26 år. Han hadde vore dagleg leiar i Natur og Ungdom og gått over til å bli journalist i Klassekampen. Begge stader fekk han utløp for ein ihuga motstand mot EU, og han såg på dei som hadde gått frå nei til ja som ein «patetisk gjeng».

I dag er Alstadheim, mangeårig profilert politisk kommentator i Dagens Næringsliv og nå politisk redaktør i Aftenposten, for lengst blitt medlem av denne gjengen. Og han vil gjerne ha omkamp, tretti år etter at fleirtalet av nordmenn sa nei takk. 

Alstadheim tek utgangspunkt i dei viktigaste argumenta i 1994, slik dei vart formulerte i den avsluttande partileiardebatten før folkerøystinga, og han konkluderer med det som vart tittelen på boka: «Alle tok feil».

Vanskeleg å spå

Vonde tunger vil nok seia at denne tittelen er lokkemat meir enn eit dekkande uttrykk for innhaldet i boka. Det blir temmeleg fort klart for lesaren at enkelte tok meir feil enn andre, slik forfattaren ser det. Lista over nei-sida sine feil er lang: Sverige og Finland er framleis sjølvstendige nasjonar, Brexit viser at det var mogleg å melda seg ut av EU likevel, EU har ikkje utvikla seg til ein føderalstat, og har heller ikkje blitt ein stadig mektigare rikmannsklubb. Og så vidare.

Ja-sida sine feil var færre, men kanskje vel så politisk viktige. Statsminister Gro Harlem Brundtland la for eksempel stor vekt på at Norge hadde reservasjonsrett innanfor EØS-avtalen. Etter tretti år er denne retten ennå ikkje teken i bruk, fordi det politiske fleirtalet meiner at risikoen for konflikt med EU er for stor. Men den største feilen ja-sida gjorde, var ifølgje Alstadheim å svartmala den økonomiske framtida for eit Norge utanfor EU. Det har gått bra med både økonomi og næringsliv, rett nok takka vere EØS-avtalen som mange nei-folk var imot, slår han fast.

Tilbakeblikket på debatten i 1994 stadfestar elles det gamle ordet om at det er vanskeleg å spå, spesielt om framtida. Norge, Europa og verda har endra seg mykje sidan den gongen, og det er då også ein del av forklaringa på at Alstadheim har endra syn. Ein stor del av sidene går med til å argumentera kvifor det nå er på tide med ein ny EU-debatt. Alstadheim har ikkje tapt si ungdommelege, utolmodige sjel, og fnyser av den mektige firarbanden Arbeidarpartiet, Høgre, LO og NHO, som nøler med å reisa ei sak som svært gjerne kan enda med eit nytt nederlag.

Vedums store feilgrep

For den som har lese Dagens Næringsliv og Aftenposten regelmessig dei siste tiåra vil det vera lite nytt i denne delen av boka. Meir interessante er Alstadheim sine refleksjonar omkring det nye politiske landskapet som ein eventuell ny EU-strid vil bli utkjempa i. Frp har gått frå ja til nei, Venstre og MDG har gått motsett veg. Forfattaren har eit visst håp om at SV med tida vil slå inn på same veg. Alstadheim har eit viktig poeng når han peikar på at Senterpartiet under Trygve Slagsvold Vedum kan ha gjort ein strategisk feil ved å gjera miljøsaka til ein kulturkrig mellom by og land, og dermed splitta alliansen mellom bygdefolk og byradikalarar som tidlegare har vore avgjerande for at nei-sida vann. 

Alstadheim vedgår til slutt at han ennå har litt tvil i seg. Dersom EU skulle «gå i illiberal retning» og svikta sine grunnleggjande demokratiske og liberale verdiar, kan det henda at han igjen kan skifta syn. Her kunne det vore spennande om han hadde gått djupare i dialogen mellom Kjetil (26) og Kjetil (56). Hadde den unge Kjetil kanskje litt rett i at EU-konstruksjonen representerer ei fjernstyring som er ein del av forklaringa på sinnet og politikarforakta som ligg under framveksten av store høgrepopulistiske parti i Frankrike, Tyskland og andre europeiske land? 

Kjetil Alstadheim skriv som vanleg godt, og mindre sarkastisk enn det som elles er  varemerket hans. Rett nok viser dyret i openberringa klørne sine eit par gonger, men stort sett unngår han å karikera meiningsmotstandarane sine. Likevel vil nok EU-motstandarar også her finna eksempel på den betrevitande tonen hos ja-folket, framstillinga av seg sjølv som einaste talsmenn for fornuft og nyansert tilnærming, som alltid har irritert dei så grenselaust, og som truleg har gjort meir skade enn gagn for tilhengarane. 

Publisert:

Publisert: 22. oktober 2024 18:52

Read Entire Article