Putins kamp mot Vesten går på fleire frontar. Siste slag stod i Moldova denne helga

1 month ago 18



LEIAR: Russland kamp mot våre vestlege verdiar går føre seg på fleire frontar. Siste slag stod i Moldova denne helga.

Moldovas president Maia Sandu fekk eit knapt fleirtal for å halda fram mot EU-medlemskap. Sjølv må ho ut i ein andre runde i presidentvalet. Foto: Vladislav Culiomza / Reuters / NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconLeder

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Det var berre så vidt det heldt. Då alle stemmene var talde opp, viste resultatet at 50,39 prosent av moldovarane hadde sagt ja til å halda fram prosessen mot å bli EU-medlem. 49,61 prosent sa nei.

Den EU-vennlege presidenten Maia Sandu trakk eit slags lettens sukk. Det same gjorde Ursula von der Leyen, president i Europakommisjonen. Men begge hadde nok håpa og trudd på eit klarare ja-resultat – slik meiningsmålingane viste. Begge var like klare på at det knappe ja-fleirtalet er eit resultat av ytre påverknad og skitent spel.

På X skreiv Sandu at kriminelle grupper, støtta av utanlandske krefter fiendtleg innstilt til Moldovas nasjonale interesser, hadde påverka valet med millionar av euro, løgner og propaganda.

Von der Leyen hengde i sin gratuasjonstweet bjella på katten: «Trass i Russlands hybride taktikkar, viser Moldova at det er uavhengig, sterkt og ønsker ei europeisk framtid.»

Det kan kanskje kjennast litt fjernt å bry seg om ei EU-avstemming i eitt av Europas fattigaste land, ganske så langt borte. Men det som skjer i Moldova nå, går inn i eit storpolitisk spel som potensielt kan ha store konsekvensar også for Norge.

Foto: Peter Hermes Furian / Shutterstock

Moldova grensar mot Ukraina – og dels mot den prorussiske utbrytar­republikken Transnistria. I Ukraina har altså Putins Russland gått inn med militære styrkar for å utvida sitt eige territorium. Men fullskalainvasjonen av Ukraina er berre ei brikke i Putins store plan, nemleg å gjera seg sjølv større og svekka Vesten og våre liberale, demokratiske verdiar.

Det går føre seg nærmast ein sivilasjonskamp i verda akkurat nå. Putin har gått til åtak på det han ser som Vestens dominans, på det han ser som ein unipolar verdsorden der USA leiar an.

Han bruker militære våpen i Ukraina. Andre stader bruker han hybride taktikkar for å destabilisera, skapa uro og splid i sivilsamfunnet. Kor godt han lukkast, i Ukraina, i Moldova, i USA eller andre stader, vil ha direkte konsekvensar for kven han deretter rettar blikket mot. Moldova fryktar å bli neste land om Ukraina fell. Nervøsiteten er tydeleg i dei baltiske statane. Men i dette spelet kan også fredelege Norge bli meir involvert.

Nettopp derfor det er så viktig – også for oss – at Russland ikkje vinn i Ukraina og ikkje klarer å påverka val verken i små eller store statar i russisk retning. Nettopp derfor er det viktig at rike Norge er med å bidra til Ukrainas motstandskamp. Og nettopp derfor er det viktig at Ukraina og Moldova får stå fritt til å orientera seg vestover, mot Europa, utan russisk innblanding. Og at EU står støtt i det som var heile unionens utgangspunkt, nemleg å hindra krig og sikra demokratiet i Europa.

Publisert:

Publisert: 22. oktober 2024 20:00

Read Entire Article