Oppdatert:11 sekunder siden
Til Agder fylkeskommune
v/ Fylkesordførar Arne Thomassen og øvrige fylkestingsrepresentantar
Innleiing
Foreldreutvala (FAU) ved skule og oppvekst på Byremo ønskjer med dette å uttrykkje sterk uro og motstand mot det føreslåtte vedtaket om å leggja ned Byremo tannklinikk, som del av fylkeskommunen si omstrukturering av den offentlege tannhelsetenesta i Agder.
Les også:
Reagerer på forslag: - Holder oss på pinebenken
Konsekvensar for born og familiar i vårt distrikt
Byremo tannklinikk har i ei årrekkje vore eit viktig og velfungerande helsetilbod for born og unge i vårt område. Ei nedlegging vil medføra vesentlege ulemper, både for elevane og deira føresette:
• Lang reiseveg til Evje/ Mandal tannhelsesenter vil føra til tap av verdifull undervisningstid for elevane.
• Mange føresette vil måtte ta fri frå arbeid for å følgja borna til behandling, noko som skapar praktiske og økonomiske utfordringar.
• Dette rammar særleg barnefamiliar i distrikta, og bidreg til ei ytterlegare svekking av tenestetilbodet utanfor sentrale strøk.
Ei nedlegging vil medføra vesentlege ulemper, både for elevane og deira føresette.
Les også:
Ordførerne i Lister kan faktisk sørge for at tannklinikkene består
Åpen
Kostnadseffektiv drift og lokal forankring
Det er kjent at Byremo tannklinikk vert driven kostnadseffektivt, og i fleire tilfelle meir økonomisk gunstig enn større einingar. Klinikken har god kapasitetsutnytting og høg grad av pasienttilfredsheit. Nedlegginga framstår difor som lite gjennomtenkt, både økonomisk og samfunnsmessig.
Les også:
Endrer anbefaling om tannklinikker
Mangelfull saksutgreiing
FAU stiller spørsmål ved kvaliteten på saksutgreiinga som ligg til grunn for vedtaket på Byremo. Fleire vesentlege forhold – mellom anna konsekvensar for born, undervisning, føresette og lokalsamfunn – verkar å vera utilstrekkeleg belyst eller utelatne.
Oppmoding om handling
På vegner av foreldra ved skulane ber FAU om at saka vert utsett, og at det vert gjennomført ei grundig og heilskapleg konsekvensanalyse før endeleg vedtak vert fatta. Vi ber om at fylkeskommunen tek kontakt med lokale aktørar, inkludert skulane og FAU, for å sikra ei breiare forståing av situasjonen.
Vi takkar for at det vert tid til å møte oss representantar for utvala og lytte til våre synspunkt.i den vidare prosessen.
Med vanleg helsing for utvala
Harald Leland, Erik Haugen, Jan Fredrik Kirkedam
Vi var på vegne av Foreldreutvala for Byremo barneskule, Byremo videregåande skule, Byremo ungdomsskole, Hægebostad og Eiken grunnskole, Barnehagane Konsmo og Byremo, Konsmo skole.
I tillegg kjem oppvekst frå Åseral også.
Les også:
Eldre i distriktene må ikke glemmes i tannhelsepolitikken
Åpen