– Ei bok eg burde ha likt

14 hours ago 1



BOK: Skjelettet til ei sjøku er dessverre ikkje nok til å binde saman dei ulike delane av Iida
Turpeinens debutroman.

Finske Iida Turpeinen har fått debutromanen omsett til fleire språk. Foto: Susanna Kekkonen/Gyldendal

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

 3 out of 6

Turpeinen, Iida: Sjøkuer og andre utryddelser. Roman. 291 sider. Omsett av Mikael Holmberg. Gyldendal.

Frå då eg byrja å lese denne romanen hadde eg ei kjensle av at dette er ei bok eg burde ha likt, ei bok som skal gi lesaren nye perspektiv og bruke kunsten til å provosere fram debatt, refleksjon og ettertanke.

Maja Lunde lukkast med dette då ho gav ut Bienes historie i 2015. Romanen klarte å rette søkelyset mot kor viktige pollinerande insekt er for økosystemet vårt og kor øydeleggande det er for planeten at dei er i ferd med å forsvinne. Problemet med Sjøkuer og andre utryddelser er at Iida Turpeinen har vore for ambisiøs. Ho har skrive Livets historie, og ho har på langt nær lukkast like godt som Lunde.

Romanen startar med at Vitkus Bering i 1741 set saman eit mannskap som skal segle austover for å finne uoppdaga landområde. Med på ekskursjonen er vitskapsmannen Georg Wilhelm Steller. Prosjektet endar, for å seie det forsiktig, ikkje så veldig bra. Store delar av mannskapet døyr og resten strandar på ei aude øy og må livnære seg av det dei finn der. Det er på denne øya Steller oppdagar sjøkua. Og det er òg på denne øya, i løpet av opphaldet, at sjøkua må ofre eksistensen sin for å brødfø mannskapet.

Eg vart engasjert i historia om ekskursjonen, oppdaginga av sjøkua og Steller sitt liv. Derfor var det trist å oppdage at Turpeinen raskt hoppa til historia om guvernøren i Alaska og så til vitskapsmannen von Nordmann før me endar opp hos John Grönvall. Handlinga i romanen er flyktig, og han er krydra med så mange namn og (utrydda) dyreartar at det er vanskeleg å få oversikt.

Turpeinen klarer å vise korleis liv utviklar seg over millionar av år, men kan forsvinne og bli utrydda på ein augneblink. Gjennom heile kapittel om utviklinga av liv på jorda klarer ho å skape ein kontrast til sjømennene si framferd mot sjøkyrne og korleis denne skapningen i løpet av kort tid slutta å eksistere. Me blir stadig minna på at vår påverknad har potensial til å skade andre artar, at menneske kan vere ein eksistensiell trugsel.

Til tider føler eg at eg sit og les ei vitskapsbok ispedd nokre karakterar. Karakterane får me aldri tid til å bli kjent med, og nokre gonger berre kjeder eg meg.

Sjøkuer og andre utryddelser er ei heilt unik bok, men det er umogleg å sjå bort frå at Turpeinen har mislukkast når ho har prøvd å bruke sjøkua som raud tråd for å belyse korleis menneske utryddar andre dyreartar.

Publisert:

Publisert: 14. januar 2025 09:41

Read Entire Article