– Eg veit korleis det er å vere gal

1 week ago 13



Sturle Kvilekval er godt kjent med det meste av rusmiddel. 

I nærmare 20 år var Fjorden Baby-vokalisten avhengig av harde narkotiske stoff og alkohol. 

NYTT ALBUM: Etter ni år er Fjorden Baby ute med nytt album. Det handlar om rockelivet, og korleis det kunne gått forferdeleg gale. Foto: Robert Reinlund / TV 2

No fortel han om skuggesida ved rockestjernelivet han så gjerne ville leve, og om bakgrunnen for det nye albumet som ingen i bandet trudde dei ville få lage. 

– Eg trur det er riktig av meg å fortelje dette no. Folk skjønte eg var på dødens rand i fleire år. Det heldt på å gå skikkeleg gale med meg. 

 Robert Reinlund / TV 2
ROCKEBYEN: «Noe sånt har du ikkje bare godt av», syng Sturle på albumet som handlar om livet han har levd. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Draumen om eit «rockeliv»

Vokalisten frå Loddefjord i Bergen blei tidleg introdusert for både alkohol og narkotika. 

Han hadde lenge hatt ein fascinasjon med rockestjernelivet, og han drøymde om å bli eit ikon. 

 Robert Reinlund / TV 2
SAMAN IGJEN: Fjorden Baby var inaktive i fleire år. For berre nokre år sidan hadde dei ikkje trudd dei skulle gi ut musikk saman igjen. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Då bandet slo igjennom, omfamna han for alvor alt som han meinte høyrde med til rockelivet. 

– Vi fekk alt gratis fordi vi spelte i band. Vi fekk alkohol, folk på byen ville gi oss ei stripe med kokain eller ecstasy, kva som helst, seier Sturle. 

Men rockedraumen kosta. Sturle hamna stadig meir på køyret. 

 Robert Reinlund / TV 2
RUSPROBLEM: Sturle Kvilekval var avhengig av alkohol og narkotika i nesten 20 år. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Bandet kollapsa, det var umogleg å samarbeide.

– Det blei verre for meg utan bandet i ryggen. Eg gjekk berre og rava rundt for meg sjølv i byen, seier Sturle. 

Treng du nokon å snakke med?

  • Mental Helse sin hjelpetelefon: 116 123 (døgnopen)
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40 (døgnopen)
  • Rusinfo: 915 08 588.
  • Sidetmedord-chat (døgnopen)
  • Kors På Halsen: 800 333 21 (Chat er open alle dagar 14-22, telefon er open kvardagar 16-22)

I dei verste periodane levde han i ein slags alternativ verkelegheit inne i sitt eige hovud. 

Hallusinasjonar og forfølgelsesvanvidd blei ein del av kvardagen. 

– Eg trudde at eg levde i eit «Truman-show», og at plateselskapet Sony overvaka alt eg gjorde og lagde film om det, seier Sturle. 

 Robert Reinlund / TV 2
BEKMØRKT: Sturle Kvilekval var langt nede på grunn av psykisk sjukdom og rusavhengigheit. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Det var heilt kaos i hovudet mitt. Eg var skikkeleg gal. 

Og så, i september 2018, toppa det seg. 

MUSIKKVIDEOAR: Utdrag frå musikkvideoane «Strøm på telefonen» og «Ka è dette? - Action The Man feat. Obijan», fra 2017 og 2018. Foto: Marcelo Riffo / Jan E. Bertelsen / WangLAde$h

Overlevde

«Det var nære på noen gonger», syng Sturle i tittelsporet på Fjorden Baby sitt splitter nye album, Rockebyen. 

Like ved øvingslokalet blir vokalisten dagleg minna på kor nære på det faktisk var. 

I 2018 blei han plukka opp av fjorden etter eit sjølvmordsforsøk

– Det var for intenst oppe i hovudet mitt. Eg ville berre døy. 

Trass psykosen, hugsar han hendinga. Nokre dagar tidlegare hadde han bestemt seg for å stoppe rusbruken tvert. 

 Robert Reinlund / TV 2
NÆRE PÅ: I 2018 blei Sturle plukka opp av fjorden etter eit sjølvmordsforsøk. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Han hallusinerte, hadde spasmar i kroppen og sov ikkje på dagevis. 

Han hugsar det var dårleg vêr, og at han trudde det var han som gjorde at det lyna og tora. 

Og han hugsar at han svømte mot land. 

– Eg merka at eg overlevde, så eg ropte etter hjelp. Då stod det ein politibil på kaia. Om det var tilfeldig, veit eg ikkje. 

 Robert Reinlund / TV 2
INNLAGD: Etter hendinga i 2018, var Sturle Kvilekval innlagd på psykiatrisk avdeling i tre månader. Han fekk ingen varige mein. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Fann kjærleiken

Vegen ut av det destruktive rockelivet har vore lang. 

Sturle var innlagd på psykiatrisk avdeling fleire gongar. Kvar gong han kom ut, gjekk han rett tilbake til rusen. Han visste ikkje korleis han skulle leve eit anna liv. 

– Eg romantiserte ein destruktiv livsstil i mange år. Det heldt på å øydelegge meg. No er eg ferdig med det. 

No har han vore rusfri i fire år. 

– Kva var det som gjorde at du klarte det denne gongen? 

– Eg fann kjærleiken. Ho redda livet mitt. Og så kom bandet saman igjen. No har eg fått eit heilt nytt syn på livet. 

 Robert Reinlund / TV 2
IKKJE GITT: Kjetil Grimsby Harr seier det var vondt å sjå kor ille det sto til med kompisen. På det mørkaste var han redd for livet til Sturle. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Det var ingen i bandet som hadde trudd at dei skulle komme tilbake til der dei er i dag. 

– Det var ikkje gitt at han skulle overleve den kombinasjonen med psykisk sjukdom og rus som var ganske heavy. Det hadde vi nok med oss, seier Kjetil Grimsby Haarr.

Bassisten har sjølv måtta følge kompisen til Sandviken sjukehus for å bli innlagd. Det var vondt å sjå kor sjuk han var. 

– No er vi veldig glad for å ha han tilbake i denne verda. Han er så fin og trygg i seg sjølv. Han er ein god pappa og ein strålande bandkamerat. 

 Robert Reinlund / TV 2
PAUSE: Bergensbandet starta i 2005, men har hatt ein lengre pause. No slepp dei nytt album. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– Er håp

«Det var altfor digg så blei eg til en skygge», syng Sturle på albumet som kom ut fredag. 

Det er det einaste albumet han har laga nykter. 

– Det handlar om rockebyen, rockedraumen og det livet eg har levd. 

Han føler det er på tide å fortelje kor gale det heldt på å gå med han, og at det finst håp. 

– For folk som verkeleg er gale og ser mørkt på ting, så finst det faktisk ein veg ut. Men det er individuelt, det finst inga oppskrift.

 Robert Reinlund / TV 2
LIVET SMILER: Sturle seier det er godt å ha hovudet tilbake. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Han seier han først og fremst vil musikken deira skal spreie positivitet og glede. Likevel trur han songane kan virke avskrekkande.

– Ingen vil leve det livet eg har levd. Når du ser kor langt ute eg var, kor gal eg var og kor farleg det var for meg. Det er ikkje noko liv. 

– Du brukar ordet gal. Kva legg du i det? 

– Eg var komplett gal. Eg veit korleis det er å vere gal, for eg var gal. No er eg frisk, seier Sturle.

For fem år sidan var det vanskeleg å tru at han skulle komme seg dit han er i dag: Frisk, rusfri og med ny musikk på trappene. 

– No er vi tilbake, sterkare enn nokon gong.

Trommeslager i Fjorden Baby, Jan Eivind Bertelsen, er tilsett i TV 2. 

 Robert Reinlund / TV 2
FJORDEN BABY: Jan Henning Buen, Jan Eivind Bertelsen, Kjetil Grimsby Haarr, Nam Phuong Nguyen og Sturle Kvilekval. Foto: Robert Reinlund / TV 2
Read Entire Article