Dyrkar hasj heime – heilt lovleg

2 hours ago 2



GRØNE FINGRAR: Dirk Rehahn har arbeidd for cannabislegalisering lenge, no kan han dyrke fritt i eigen heim. Foto: Espen Moe Breivik

Dirk Rehahn treng ikkje lenger kjøpe på gata. På denne måten vil Tyskland ta jobben frå dei kriminelle.

Berlin, Tysklandmandag 14. oktober kl. 22:42

– Det gir meg ei spesiell glede å produsere noko som eg kan nyte sjølv. Akkurat som heimebrygging av øl eller vin, seier Dirk.

I kjellaren i Berlin dyrkar han hasj til eige bruk.

Herifrå sel han også sett til heimedyrkarar. Telt, lampar og kolfilter. Dette har blitt ein fulltidsjobb, etter at Tyskland delvis lovleggjorde cannabis i år.

I VEKST: Telefonen ringjer frå kundar av Dirks Growshop. Fleire ynskjer hjelp til å etablere anlegg heime. Foto: Espen Moe Breivik / VG

Heime eller på cannabisklubbar

Den nye lova i Tyskland gjer at personar over 18 år kan dyrke opp til tre plantar i sin eigen heim og ha med seg 25 gram på offentleg stad. Ikkje-kommersielt sal er lov gjennom medlemsbaserte klubbar.

Legaliseringa har som mål å få bukt med ein svart marknad som berre har blitt større og større.

– For kvart gram som er dyrka heime hos nokon er det eit gram mindre til organisert kriminalitet, seier Dirk.

Den opphavlege planen i Tyskland var full legalisering, men EU-reglar hindrar dette foreløpig. Dirk er optimistisk og trur fleire vil følgje etter Tyskland.

– Ein dealer bryr seg ikkje om alder

På spørsmål om dette ikkje normaliserer rus blant barn og unge svarer han:

– Eg ynskjer også å beskytte barna mine frå å øydeleggje livet sitt med rus, men ein dealer bryr seg lite om aldersgrenser eller misbruk. Han sel til kven som helst.

Rusaktivisten har tidlegare vore i fengsel for å ha hjelpt folk å dyrke, før dette var lov. Der fekk han seg ein augeopnar.

– Til og med der fekk eg tilbod om å kjøpe, ikkje ein gong i fengsel klarer ein å halde narkotikaen unna. Då skjønte eg at det å forby noko som folk ynskjer å bruke er umogeleg.

Dette seier folk på gata om legaliseringa

Men pipa kan få ein anna lyd

Den tyske modellen får kritikk frå politiet, som meiner reglane er ineffektive og upraktiske. Legeforeininga meiner aldersgrensa er for låg.

Lovendringa står i fare dersom dei konservative partia vinn valet neste år. Dei ynskjer eit forbod igjen.

- Billigare på den svarte marknaden

I ein park midt i Berlin møter VG ein gjeng med studentar, som er positive til den nye politikken. Nokon av dei er også aktive brukarar.

- Folk har dårlege erfaringar med det ein får kjøpt på gata. Det gav meg hjartebank og paranoia. Det skjer ikkje med det som er heimedyrka, seier Anni.

Ho har med seg ein pose med heimedyrka cannabis, som ho no ikkje treng å gøyme bort.

Men om legaliseringa vil ta knekken på den svarte marknaden tvilar ho på.

– Det er framleis enklare og billegare der. Men det er betre at det er regulert og at ein kan vite kva ein får i seg, seier ho.

Meiner det vil fungere

Ifølgje ein tysk forskar har den ulovlege marknaden allereie blitt mindre.

– Vi veit ikkje i kva grad, men eg forventar at nedgangen er minst 25 til 35 prosent, om ikkje ei halvering, seier professor Bernd Werse.

Bilde av Bernd WerseBernd Werse

Professor ved Goethe-Universität i Frankfurt og ein del av Center for Drug Research

Han peikar på at prisen for medisinske reseptar på apoteket no er lågare enn på den ulovlege marknaden.

Likevel er det dei som meiner at legaliseringa også har gjort det enklare for kriminelle grupper å produsere og selje.

– Eg er sikker på at det er det motsette som er tilfellet. Marknadsdelen for ulovleg sal vil krympe enda meir når fleire cannabisklubbar blir godkjent, seier han.

SJÅ OGSÅ: I april stengde politiet ein ulovleg cannabiskafe i Oslo, like etter at den hadde opna:

Read Entire Article