Du har sikkert høyrt denne før!

4 days ago 12



Har du nokon gong høyrt ein låt – kanskje på radioen eller dundrande over høgtalaren på ein utestad og tenkt:

«Kor i alle dagar har eg høyrt denne før?».

Da kan det hende du høyrer ein låt som er «sampla».

Gjenbruk er jo trendy, også i musikken.

Ifølge Tracklib, ei teneste som tilbyr lisensiering av musikk for sampling og gjenbruk, inneheldt mellom 15 og 20 prosent av dei mest populære songane i verda sidan 2009, samplar.

Kanskje har du høyrt sampling i Vanilla Ices «Ice Ice Baby», som er sampla frå Queen og David Bowies klassikar «Under Pressure».

Måtte betale 50.000 dollar

For musikkindustristrateg Stein Bjelland blei møtet med sampling ein dyr affære.

Bandet Getaway People spelte inn eit album i 1997, der dei sampla heile elleve låtar.

Og det skulle vise seg å bli dyrt.

Stein Bjelland

Musikkindustristrateg Stein Bjelland.

Foto: Hanne Tveit

– Vi skjønte ikkje at vi måtte klarere dei. Så for å få gitt ut plata, enda vi opp med å betale fem gonger så mykje enn det det kosta å spele inn plata. Så vi betalte ei solid norsk årslønn for å få lov til å bruke elleve små lydsnuttar.

– Kor mykje snakkar vi?

– Vi betalte den gongen 50.000 dollar. Så det var ein veldig dyr lærepenge for oss, og noko vi ikkje gjorde igjen.

Han fortel at sampling strekker seg så langt tilbake som til 70-talet. Men at det da var andre rutinar.

Getaway People

Bandet Getaway People måtte betale store summar for samplinga dei gjorde i 1997.

Foto: Patrick Demarchelier / Sony

– I begynninga var det fritt for alle. Det var heilt texas. Ein brukte det ein hadde, og ingen tenkte på det. Så skjønte ein at her er det nokon som tener mykje pengar på andre sine åndsverk, så det måtte ein få regulert.

Kanye West er kjent for å sample. Høyr da han sampla Ray Charles.

– Ei hyllest

– Eg tenker at det er ein veldig kreativ måte å utfalde seg musikalsk på. Det blir litt som dei som syr gamle gardiner om til lekre kjolar.

Det seier Anna Nor Sørensen, journalist i NRK P3 og programleiar i podkasten Musikkrommet.

– Det er også ein måte å hylle inspirasjonskjeldene sine på, og sitere verka ein sjølv er inspirert av.

Medprogramleiar Jakob Naustdal i Musikkrommet er einig.

– Eg synest det er ein fantastisk måte å lage musikk på. Det er kreativt, spennande og ein flott måte å vise respekt til inspirasjonskjeldene på, samtidig som ein formar noko heilt nytt.

– Er det ei hyllest eller er det latskap?

– Eg meiner det er ei hyllest. Men eg trur det er eit spørsmål du vil få ulikt svar på avhengig av kven du spør, seier Naustdal.

Fekk du med deg da Madonna sampla ein låt av Abba?

Interpolering – billigare å sleppe unna med?

Sampling er altså ein ting, men interpolering er også noko som blir brukt hyppig i musikken.

– Det er ikkje uvanleg å blande sampling og interpolering. Sampling er å bruke noko som allereie eksisterer og bruke opptaket i eige verk. Men med interpolering så speler du det inn på nytt. Du kan ta melodien, men du lagar han på nytt, seier Sørensen.

Høyr Arif og Ballinciaga sin låt som er interpolert av Modjo.

– Er det lettare å komme unna med interpolering enn sampling?

– Det er i alle fall billigare. Det er ikkje like mange som skal betalast eller som skal klarerast rettane med. Men det spørst jo heilt kven ein interpolerer, seier Sørensen.

For det er ikkje alltid det går etter planen.

Musikkgruppa Beathoven sleppte låten «Primadonna» hausten 2022, som tok Noreg med storm.

Låten var interpolert av Marina and the Diamonds sin låt med same namn. Låten fekk ikkje leve lenge.

Beathoven på P3aksjonen 2022

Beathoven på P3aksjonen 2022.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

Gruppa var nemleg nøydd til å endre songen to gonger på grunn av opphavsrett.

– Det synest eg er skikkeleg kjipt. Eg elska originalen av Primadonna, og synest dei hadde tatt Marina-låten og hylla han. Men det er klart at det skal litt til at ein trio frå Noreg skal få svar frå ein stor internasjonal artist, seier Sørensen.

– Det går gale om du ikkje er heilt trygg på jussen i det. Du må klarere sampla, og det må du gjere med alle som har rettane. Og det kan vere ganske mange menneske, seier Naustdal.

Kva synest du om sampling? 🎶

Publisert 17.11.2024, kl. 08.00

Read Entire Article