Drap kvinne med sverd – aktor vil ha forvaring

3 weeks ago 13



Mannen sa seg skuldig i drapet då rettssaka starta i Trøndelag tingrett tysdag.

Hogg kvinna fire gonger i hovudet

Tiltalte i 20-åra og den drepne kvinna var kjenningar. Dei budde i same blokka på Byåsen, opplyste aktor i innleiinga si for retten tysdag.

Kvinna var på besøk hos tiltalte då ho vart drepen.

Ifølgje tiltalen hogg mannen kvinna fire gonger i hovudet med eit sverd slik at ho døydde.

Detalj av en gjenstand etter sporsikring i en leilighet. En hånd holder rundt et lengre plasthylster, og inni hylsteret ser vi en ny beholder som er rød med svarte endestykker

Sverdet var i eit futteral då politiet tok det med seg ut frå åstaden.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Etter drapet la tiltalte ei dyne over kvinna, som låg på magen på golvet. Biletet vart vist i retten,

Slik vart ho funnen i leilegheita til tiltalte då politiet kom.

Tiltalte oppheldt seg i husværet ei stund før han drog.

Han vart pågripen kort tid etter.

Drapet skjedde i ei kommunal leilegheit som tiltalte disponerte.

Registrert i prosjekt om «særleg høg risiko»

Fem år før drapet vart den unge mannen oppført i eit prosjekt hos politiet som omfattar personar som har særleg høg risiko for å utføre vald.

Eit par år seinare er konklusjonen at mannen kan kome til å drepe.

Etter drapet vart historia til tiltalte i hjelpeapparatet gjennomgått av Trondheim kommune og St. Olavs hospital.

Konklusjonen var at ingen tiltak kunne ha minska risikoen for alvorleg vald.

Mora til tiltalte skal vitne i retten. Ho har tidlegare fortalt til media at ho fleire gonger varsla kommunen om at sonen trengde meir hjelp den han fekk.

Retten byåsendrapet

Aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne

Foto: Kari Sørbø / NRK

Aktor vil ha forvaring

Tiltalte har hatt problem med å fungere heilt sidan han var liten, opplyste aktor. 24-åringen har ikkje fullført grunnskulen.

Sidan 2018 har mannen budd i kommunal leilegheit og fått hjelp frå kommunen.

Aktor sa at påtalemakta går ut ifrå at tiltalte er tilrekneleg. Då kan han dømast til forvaring på grunn av fare for ny alvorleg vald.

Tiltalte er undersøkt av rettspsykiatrar. Dei følgjer også rettssaka for å sjå korleis tiltalte står fram her.

Dersom det viser seg at tiltalte ikkje er tilrekneleg og dermed ikkje kan dømast til fengsel, er det dom på psykisk helsevern som er aktuelt.

Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå, kvinnen som ble funnet drept på en adresse i Trondheim kvelden den 17. april 2023.

Elisabeth Karete Bjørkavåg Ravnå vart funnen drepen i Trondheim 17. april i fjor.

Foto: Politiet

Publisert 10.09.2024, kl. 09.43 Oppdatert 10.09.2024, kl. 09.53

Read Entire Article