Donald kjem til Jotunheimen: – Skikkeleg artig

4 hours ago 4



– Dette synest eg er skikkeleg artig. Eg er så æra over å vere ein figur i Donald Duck.

Det seier Solbjørg Kvålshaugen, som er styrar ved DNT-hytta Fondsbu i Jotunheimen.

Ho har nemleg fått ein heilt eigen karakter i det nye Donald-bladet, som blir lansert i dag.

– Eg har vore Donald Duck-fan sidan eg var bitte liten. Så fort eg lærte å lese, byrja eg å lese Donald.

Solbjørg Kvålshaugen Donald Duck

Styrar på turisthytta Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen, synest det er stas med ein eigen karakter i det nyaste Donald-bladet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Songen er med

Kvålshaugen er mellom anna kjend for å synge for gjestene som kjem til Fondsbu.

Eller «Andsbu», som hytta heiter i bladet.

I Donald-historia syng karakteren hennar Solbjørg Skrålshaugen så høgt at heile staden blir gravlagd av eit snøskred.

– Det er skikkeleg artig å bli profilert på den måten, seier ho.

diagram

I utgåva syng Solbjørg Skrålshaugen for gjestene sine. Som originalen brukar å gjere.

Foto: Disney

La historia til Jotunheimen

Donald tek seg ein tur til Noreg omtrent ein gong i året, ifølgje Donald-redaktør Marius Horn Molhaug.

Men dette er første gang han er i «Fjontunheimen», seier han.

Det er Donald-forfattar Christian Kjelstrup som har skrive utgåva.

Det er ein god grunn til at historia er lagt til nettopp den norske fjellheimen.

Som gut hadde forfattaren nemleg to interesser, seier han:

Fjellturar og Donald.

No har han slått dei saman i si siste utgåve av bladet, som kjem ut kvar veke.

en person som holder en bok

Forfattar Christian Kjelstrup har lagt historia til Jotunheimen. Han debuterte som Donald-forfatter i 2023 med historia «Donald i Langtvekkistan».

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Noreg er eit så vakkert land, og for meg er Jotunheimen noko av det flottaste.

I 2023 var Donald på besøk i hovudstaden.

Då møtte han elg i sporet då han tok T-bana til Fjollenkollen i Fjonslo. Hovudstaden har òg B-gjengen besøkt i si tid, i eit forsøk på å rane Skunchmuseet for det verdenskjende maleriet «Snik».

I denne utgåva, som har fått namnet «Kappløp mot Kaldhøpiggen», skal Donald og nevøane ut på ein redningsaksjon i «Fjontunheimen» for å finne Solbjørg sin kjærast.

Teknisk tegning

Laurdag blir utgåva «Kappløp mot Kaldhøpiggen» lansert.

Foto: Disney

Og leiteaksjonen går gjennom stader som «Gjesseggen» og «Glattetind».

Bladet skal kome ut i fleire europeiske land.

– Då må ein ha andre ordspel som er tilpassa dei ulike språka, seier han.

– Det blir ein bonus for norske lesarar å forhåpentlegvis kjenne att norsk natur og litteratur.

Òg inspirert av Peer Gynt

Sjølv likar forfattaren godt å ta båten M/B Bitihorn over vatnet Bygdin og til Fondsbu.

Der brukar han å overnatte på DNT-hytta hos nettopp styrar Kvålshaugen.

– Difor er båtturen, Fondsbu og Solbjørg med i Donald-historia, seier han.

DNT Fondsbu

Historia i det nyaste Donald-bladet er lagt til Jotunheimen. Turisthytta Fondsbu (på bildet) har ei sentral rolle.

Foto: Stine Bækkelien

Kjelstrup har òg henta inspirasjon frå karakterar i Peer Gynt.

Peer Gynt si mor heiter mor Åse, medan ho i bladet får namnet mor Gåse. Vi møter òg karakteren Skravlegubben.

Sjølve bladet blir lansert laurdag på Fondsbu.

– Vi skal framføre historia som eit drama med Solbjørg i rolla som seg sjølv, seier forfattaren.

Publisert 13.09.2025, kl. 13.10 Oppdatert 13.09.2025, kl. 14.42

Read Entire Article