DNT tar over populær kartapp

6 hours ago 2



Kartappen «Hvor?» blir brukt av over 100.000 nordmenn som ikkje likar å gå seg vill i skog og fjell.

Dei hamna kanskje i villreie da det nyleg blei kjent at Kartverket skulle kutte vekk appen frå nyttår.

Men no er det håp på horisonten for dei som pleier å gå seg bort.

Dag Terje Klarp Solvang leder fellestur fra Hallingskeid til Osa, Historisk Vandrerute på vestlandet, august 2019.

Dette er ikkje eit eksempel på ein som pleier å gå seg bort, men leiaren av DNT, Dag Terje Klarp Solvang. Med papirkart rundt halsen.

Foto: André Marton Pedersen / Andre Marton Pedersen

Kart utan dekning

I dag blei det avtalt at DNT, Den Norske Turistforeininga, tar over kartløysninga frå «Hvor?» -appen.

– No har me fått ei gåvepakke, og det er me veldig glad for, seier DNT-sjef Dag Terje Solvang.

Han fortel at «UT»-kartappen til DNT no skal bli betydeleg betre.

– Altså, sjølv eg var veldig papirkartfyr, fortel Solvang.

– Men eg har blitt veldig digital etter at eg har vore seks år i DNT.

Kva kart-app foretrekk du?

«UT»-appen har vokse kraftig dei siste åra. I år har det vore 650.000 brukarar av appen, og nettsida UT.no har hatt over 5 millionar brukarar. Solvang fortel at det no særleg er ein funksjon som skal løftast.

– Fråkopla kart! «Hvor?» har hatt ein veldig god løysing på å laste ned kart som du kan bruke der det ikkje er dekning.

DNT jobbar med å finne ut kor lenge ein no skal kunne lagre karta.

– Me satsar på at dei skal halde minst ein sesong, fortel Solvang.

Direktør for Land divisjonen i Kartverket, Knut Bjørgaas, til venstre og generalsekretær i DNT, Dag Terje Solvang, til høyre.

Knut Karper Bjørgaas i Kartverket (til venstre) er nøgd med å ha gitt bort masse kartgull til DNT-sjef Dag Terje Klarp Solvang.

Foto: Oda Ruud Framstad

Mobil eller papir

DNT-sjefen er på veg til skredkveld når me intervjuar han om kart-varpet. Han fortel at også karta no vil bli betre, i det han omtaler som Noregs største turplanleggar.

– På elgjakt brukar eg veldig gode orienteringskart på papir. Dei visar skrentar og stup, som er vanskeleg å sjå på mobilkart. Kor mykje betre kan mobilkarta bli?

– Eg har alltid med meg papirkart i tillegg til telefonen. Både for å få eit større bilete, og i tilfelle eg går tom for straum. Men karta skal bli betre på telefonen, det lovar me, seier DNT-Solvang.

Kart på UT

UT-appen i dag. Kor er stup og skrentar?

Grafikk: Skjermbilete

Gir bort gullet gratis

I starten av november fann NRK ut at Kartverket skulle avvikle appen sin.

Grunnen var blant anna økonomiske prioriteringar, og at Kartverket skulle prioritere kart for slikt som forsvar, beredskap, klima og plan- og bygg.

– Det kostar å lage kart, og hugs at det norske fastlandsområdet er større enn Tyskland. Og det norske sjøområdet er fem-seks gonger det igjen. Så det er nok å kartlegge, sa Kartverket-direktør Knut Bjørgaas.

Gosia Dvořáková med kart og kompass

Det kan vere meir kronglete med papirkart, men dei går sjeldan tom for straum.

Foto: Privat

Likevel gir Kartverket no altså vekk kartløysinga si gratis til DNT.

– Kva trur du folk tenker om at vårt skattepengefinansierte kartverk gir vekk ein såpass gullgruveaktig sak gratis?

– Viss skattepengane kan bidra til at folket får ein best mogleg turapp, så må jo det vere ei god investering. Me er veldig glad for at det me har utvikla framleis kan komme turfolket til nytte og til glede, seier Bjørgaas i Kartverket.

Publisert 22.11.2024, kl. 12.21

Read Entire Article