Dette veit me om offera i Örebro

1 month ago 29



Havet av blomar og gravlykt i Örebro har vakse jamt den siste veka.

Utanfor Campus Risbergska har både pårørande og ukjende samla seg for å minnast dei som vart drepne i det som vert kalla den verste masseskytinga i Sveriges historie.

Rickard Andersson (35) skaut og drap ti menneske, før han truleg tok sitt eige liv.

Politiet veit førebels ikkje kva motivet for skytinga var, men måndag stadfesta dei til SVT at dei mellom anna undersøker om motivet kan ha samanheng med etnisiteten til offera.

Dei fleste av offera har nemleg innvandrarbakgrunn, og fleire av dei studerte svensk som andrespråk ved vaksenopplæringa.

Svenske styresmakter har framleis ikkje gått ut med noko stadfesting på kven alle dei drepne er. Fleire familiemedlemmar har likevel stadfesta identiteten til sine kjære i svenske medium.

Dette veit me om dei drepne.

Bassam Al Sheleh (48)

Tobarnsfaren Bassam Al Sheleh var baker og kokk, skriv SVT.

Ved sidan av jobben var han elev ved vaksenopplæringa på Campus Risbergska. Målet var å verta betre i svensk.

– Kundane saknar han. Dei har vore inne og spurt etter han i går og i dag, fortalde kollegaen Pierre Al-hajj til SVT i førre veke.

Same morgon som han vart drepen, la Bassam Al Sheleh ut ein video på TikTok der han ønska følgarane sine ein god dag.

Bassam var innom jobben for å ta ein kaffi før han skulle på skulen, same dag som masseskytinga fann skjedde.

Det vart siste gongen kollegaene fekk sjå han.

Salim Karim Iskef (28)

Syriske Salim Iskef jobba som sjukepleiar og hadde nyleg forlova seg. Han og kjærasten Kareen Elia skulle gifta seg i juli.

Salim Iskef, mann med mørkt skjegg, glattbarbert hode og hvit t-skjorte, smiler og ser i kamera

Salim Iskef skulle ha fylt 29 år i april og gifta seg i juli.

Foto: Facebook / NRK

Planane for resten av livet endra seg då Iskef ringde Kareen på tysdag, midt under åtaket.

– Dei siste orda han sa til meg var «eg elskar deg så mykje, du er den beste jenta eg har møtt», har Kareen Elia sagt til Expressen.

Fleire hundre samla seg i den syrisk-ortodokse forsamlinga for å minnast Salim.

Niloofar (46)

Etter fleire dagar med uvisse, fekk Hossein beskjeden han hadde frykta. Kona Nilofaar var blant dei drepne i skytinga.

Då dei endeleg fekk vita for sikkert at ho var død, samla familien seg ved skulen, skriv Expressen.

Nilofaar jobba og studerte til å verta helsefagarbeidar ved vaksenopplæringa.

Mannen Hossein snakka sist med kona i lunsjpausen same dag som skytinga. Det vart den siste samtalen deira.

Elsa Teklay (32)

– Orda strekk ikkje til for å skildra henne. Ho er meir enn fantastisk, seier ektemannen Simret Tekie til SVT.

Han mista kona Elsa Teklay i åtaket. Elsa var firebarnsmor og hadde jobba på både skule og i eldreomsorga sidan familien kom til Sverige frå Eritrea.

Elsa studerte for å verta helsefagarbeidar.

Òg familien hennar måtte venta lenge på stadfestinga om at Elsa var blant dei drepne. Fyrst på torsdag fekk Simret Tekie den endelege beskjeden.

Ali Mohammed Jafari (31)

I tre dagar forsøkte Hamide Jafari å ringa ektemannen Ali. Samstundes forsøkte ho å få tak i styresmaktene, for å få svar. Var mannen hennar blant de drepne?

Ikkje før på fredag kom politiet på døra med dødsbodskapen, har ho fortalt til Expressen.

Ali studerte til å verta reinhaldar så han kunne forsørga familien sin. Han hadde to barn med kona, åtte og elleve år gamle.

Mennesker står i ring rundt blomster og gravlykter, lagt ned for å minnes ofrene for masseskytinga i Örebro

Eit blomsterhav har vakse fram utanfor Campus Risbergska dei siste dagane.

Foto: CHRISTINE OLSSON / TT/AFP/NTB

Aziza (68)

Familien til Aziza skildrar henne som sjølvstendig og full av kjærleik, skriv SVT. Den 68 år gamle matematikklæraren hadde jobba ved vaksenopplæringa dei siste sju åra.

Ho forlét heimen i Kurdistan på 90-talet på grunn av uro og håpte på eit tryggare liv i Sverige.

Mattelæreren Aziza, kvinne med brunt hår i sideskill, iført svart singlet.

Etter eit langt yrkesliv som lærar, skulle Aziza (68) pensjonera seg om få månader.

Foto: Privat

Eigentleg skulle ho pensjonera seg til sommaren, etter 20 år som lærar.

– Mottoet hennar var at menneske alltid kan forandra seg og verta betre. Ho trudde på at kunnskap var nøkkelen til alt i livet og i samfunnet, skriv syskena hennar i ei felles utsegn til kanalen.

Selma Hukic (55)

Den bosniske ambassadøren har tidlegare stadfesta at ein bosnisk statsborgar var blant dei drepne.

Selma Hukić, smilende kvinne med brunt hår og briller

Selma Hukić skal ha jobba som lærar ved vaksenopplæringa på Campus Risbergska.

Foto: Privat / NRK

Ifølge lokale medium i Bosnia var det 55-åringen Selma Hukić frå Tuzla som vart drepen.

Ho skal ha vore ein av dei tilsette ved vaksenopplæringa kor skytinga skjedde.

Fordi politiet ikkje har stadfesta kven alle dei drepne er, er det førebels nokre av offera me ikkje veit like mykje om.

I tillegg til personane over, veit me at desse vart drepne:

Eva-Lena (54)

Ho hadde vaksne barn og budde i Örebro, ifølge TV4.

Qamar (38)

Budde i Örebro og hadde barn, skriv lokalavisa Nerikes Allehanda (NA).

Camilla (52)

Hadde mann og barn, ifølge TV4. NA skriv at ho budde i tettstaden Glanshammar i Örebro kommune.

Publisert 10.02.2025, kl. 18.15

Read Entire Article