Dette er truleg landets største squash

1 month ago 18



Til inntekt for TV-aksjonen i år har Nav i Stavanger samla inn 2380 kroner på ein heilt spesiell måte.

– Pengane er allereie sendt av garde til aksjonen, seier Lin Veronica Jacobsen, som er tilsett hos Nav Stavanger.

Jacobsen dyrkar grønsaker på heimplassen Tysvær. Då ho skulle hauste dei siste grønsakene i år, fekk ho ein squash på heile 8,4 kilo.

– Dei fleste har gjerne sett ein liten squash. Så viss vi gonger ein liten squash med ti, så nærmar vi oss noko.

Stor squash

Kollegaene til Lin Veronica Jacobsen (som har squashen på biletet) kjøpte lodd i håp om å vinne squashen.

Foto: Erik Waage

I staden for å selje til høgstbydande, valde ho å donere den enorme grønsaka til TV-aksjonen. I år samlar den inn pengar til Barnekreftforeningen.

Inntektene skal brukast for å etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira bu saman mens barnet får behandling.

– Gode kollegaer på Nav kjøpte lodd til 20 kroner per stykk for å gi deira støtte, seier Jacobsen.

Har vore heldig med forholda

Førsteamanuensis Anne-Berit Wold ved NMBU er blant anna ekspert på grønsaker. Ho beskriv squashen på nesten 10 kilo som uvanleg.

– Den må ha hatt veldig gode vekstforhold. Godt med næring, rett temperatur og rett vatn.

Sjølv på same åker kan dei ulike plantane leve i ulike mikroklima, forklarer Wold. Gigant-squashen frå Tysvær må ha hatt det svært godt.

– Vanlegvis er folk ferdige med haustinga nå. Om squashen får stå lenge og vekse i fred, kan dei bli ganske store.

Stor squash

Gode vekstforhold og sein hausting kan vere årsaka til at squashen har blitt så stor.

Foto: Erik Waage

Blir mykje squash til middag framover

Fem lodd var det som skulle til, og den heldige vinnaren blei Thea Løwen. Ho har no sikra seg fleire middagar med squash framover.

Thea Løwen ble den heldige vinner av gigant-squashen

Thea Løwen blei den heldige vinnaren.

Foto: Erik Waage

– Det blir å prøve å lage litt god mat, og donere bort. For eg trur ikkje vi klarer å ete så mykje squash, seier ho.

Størrelse på squash har vore omtalt i media fleire gonger før. Seinast av avisa Nordlys tidlegare i haust, med ein squash på rundt 4,1 kilo.

Den største som har blitt omtalt til no er frå ei sak av Eidsvoll Ullensaker Blad. Squashen var på 7,2 kilo, men det var truleg to squash som hadde vakse saman.

Publisert 17.10.2024, kl. 19.10

Read Entire Article