Dette er dommen mot foreldrepar, storebror og nabo

1 month ago 27



Overgrepssakene i Ullensvang

Fredag klokka 13.00 kjem dommen i Gulating lagmannsrett i Bergen.

 Ane Hem / TV 2
ANKESAK: Fire tiltalte har saman med forsvararane sine kjempa for å bli reinvaska for skuldingane om valdtekter av barn. Rettsteikning frå tingretten: Ane Hem / TV 2

Publisert 07.02.2025 12:56

Denne saka blir oppdatert undervegs i domsopplesinga.

Klokka 13.00 startar opplesinga av Gulating lagmannsrett sin dom i den store overgrepssaka frå eit nabolag i Ullensvang kommune.

I tingrettsrunden vart eit foreldrepar, ein storebror og ein nabomann dømde til lange fengselsstraffer for grove valdtekter av totalt tre barn.

Gulating lagmannsrett har avsagt følgjande slutning mot dei fire tiltale etter ei over 15 veker lang ankesak i haust:

 Nabomann i 30-åra – tiltalt for grov valdtekt av eigen son (12) og nabojente (12):

Far i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12):

Mor i 50-åra – tiltalt for grove valdtekter av son (17) og dotter (12):

Storebror i 30-åra – tiltalt for grove valdtekter av bror (17) og søster (12):

Etter slutninga les lagdommar Carl Petter Martinsen opp bakgrunnen for lagmannsrettens dom. TV 2 oppdaterer saka undervegs. Presseoppbodet er stort i Gulating lagmannsretts hovedsal.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
DOMSAVSIGELSE: Lagdommar Carl Petter Martinsen (t.h) i Gulating lagmannsrett. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Bakgrunn: Tre barn i same nabolag skal ha blitt valdtekne av foreldre og bror

Slik vart saka rulla opp

Det begynte som uromeldingar til barnevernet. Så eskalerte det til det som er skildra som ein av dei grovaste overgrepssakene i nyare tid i Norge.

Dette er overgrepssakene i Ullensvang

Ein far, ei mor og ein storebror skal ha etablert eit regime der dei grovt valdtok dei to yngste barna i familien gjennom fleire år. Jenta og guten er høvesvis 12 og 17 år i dag.

Den fjerde tiltalte i saka er ein nabomann i 30-åra som er skulda for å ha valdteke sin eigen son (11) og den jamngamle dottera til dei medtiltalte.

Det er ikkje funne bevis for at nabomannen og familien samarbeida eller visste om kvarandre sine påståtte overgrep.

Alle nektar straffskuld. Dei meiner barna er utsett for påverknad av tilsette i barnevernet og politiet, slik at barna kan ha fått falske minner om overgrep.

Dei skuldar også på kvarandre:

Nabomannen meiner jenta fortel om overgrep ho eigentleg har opplevd heime.

Foreldreparet trur på dottera når ho fortel at nabomannen har forgripe seg på henne.

Nabomannen i 30-åra var den første som vart pågripen av politiet. Då hadde dottera til dei medtiltalte fortald politiet om kva mannen hadde utsett ho og sonen hans for.

Under etterforskinga oppdaga politiet at det også var mykje digital kontakt mellom dei to. Det vart difor tatt beslag i faren hennar sin telefon som vart nytta til dette.

Der fann dei urovekkande søkehistorikk. Trebarnsfaren hadde nyleg sona dom for nedlasting av grovt overgrepsmateriale. Difor vart han pågripen på nytt.

Og då begynte den yngste sonen hans å fortelje. Det byrja med skildringar av overgrep frå far under dusjing om morgonen. 

Fleire tilrettelagde avhøyr seinare hadde det utvikla seg til skildringar av overgrep der heile familien var involvert.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
ANKA: Dette var dommane mot dei tiltalte i Hordaland tingrett. Dette vart altså anka til Gulating lagmannsrett. Foto: Helge Birk Knudsen / TV 2

Vart dei påverka?

Heilt sentralt i saka har spørsmålet om mogleg vitnepåverknad stått. 

Dei tiltalte meiner barnevernstilsette har påverka barna til å forklare seg usant om overgrep og gitt dei falske minner.

Påtalemakta har erkjent at dei mange samtalane har vore eigna til å påverka. Dei meiner likevel at barna uoppfordra har fortalt detaljert om grove overgrep.

Tekniske bevis og forklaringane til barna

Dette er bevisbildet statsadvokaten presenterte i tingretten. Det består av indisiar, tekniske bevis, vitneforklaringar og avhøyr av vitne.

I straffesakene mot foreldra og storebroren:

Barna sine forklaringar, som påtalemakta meiner er truverdige. Overgrepa har skjedd mange stader, også på ferieturar utanfor kommunen. Nokre gongar skal heile familien ha vore involvert i overgrepa. Andre gonger skal far eller mor ha vore aleine om overgrepa. Det skal ha skjedd fleire stader i huset, både i dusjen og på soveromma.

Faren i 50-åra er tidlegare dømd for å ha lasta ned og delt overgrepsmateriale av barn. På nettet gjekk han under kallenamnet «Blondpus» og chatta med andre om overgrep mot barn. Mykje av det beslaglagde materialet er svært grovt. Påtalemakta meiner det er påfallande at mykje av det speglar det barna fortel dei er utsette for.

Det er funne sæd frå faren i madrassa i senga til dottera.

Då faren hadde sona ferdig i fengsel, slapp mora han inn igjen i heimen med barna. Sjølv om mannen i retten erkjente det han hadde gjort, har ho gitt uttrykk for at han blei utsett for justismord. Etter få dagar utanfor fengsel var faren i gang igjen med å søke etter overgrepsmateriale på nettet.

Søk på Google-kontoen til storebroren indikerer seksuell interesse for søster, meiner statsadvokaten. Det er gjort funn av søkeord som «jeg tenner på søstera mi» og andre detaljerte søk som omhandlar seksuelle handlingar med søster.

I straffesaka mot nabomannen:

Barna sine overgrepsskildringar, som statsadvokaten meiner er truverdige. Dei skildrar mellom anna overgrep i dusjen, ei kjellarstove, på soverommet og i eit telt i hagen.

Nakenbilete av nabojenta (11), som naboen lagra i ei kryptert mappe på mobilen kalla «intern info jobb». Han har sjølv forklart at det var sonen som tok bileta. I ein bildeserie er mannen avbilda kun iført undertøy, med jenta på fanget, også ho i berre trusa.

DNA-funn av same jenta på fleire sexleiketøy. I avhøyr teikna ho eit sexleiketøy med samme form og farge som politiet fann DNA-et hennar på.

Varsel til barnevernet frå andre i lokalsamfunnet. Dei reagerte på den fysiske kontakten mellom mannen og jenta på leikeplassar og i symjehallen. Det skal ha vore kyssing og klemming.

Enormt mykje kontakt mellom jenta, som då var sju år, og nabomannen på chatteprogrammet «Duo». Statsadvokaten omtala den hyppige kontakten som «ellevill».

Read Entire Article