Denne veka annonserte den svenske regjeringa at ho trekker i nødbremsen.
Avgjerda om å skrote 13 havvindprosjekt i Austersjøen blei karakterisert som «ei bombe» og kom brått på den norske vindkraftbransjen.
Avlysinga kom også bardus på NVE, som har lagt til grunn at nabolandet skulle bygge masse havvind (9 TWh) innan 2040.
Bakgrunnen for snuoperasjonen er åtvaringar frå det svenske forsvaret om at dei aktuelle felta vil redusere forsvarsevna og svekke radarovervakinga i Sverige.
Ifølge ein nye NVE-rapport (sjå under) må det skje ein «dramatisk teknologiutvikling» eller eit like dramatisk kostnadsfall om norsk havvind skal bli konkurransedyktig.
Med svenskane sitt nei endrar begge desse føresetnadene seg:
- Den norske havvindsatsinga får mindre draghjelp frå teknologiutviklinga på svensk side.
- Til gjengjeld kan straumprisen bli høgare med mindre havvind i miksen.
Og jo høgare straumpris, jo meir lønnsamt for utbyggarane.
Eller som skattebetalarane kan hende vil fokusere på: Jo mindre behov for statlege subsidiar.
Under følger ei oversikt over kva svenskane sitt havvind-nei kan bety for Noreg.
Høgare straumprisar
Med færre havvindprosjekt i Austersjøen, blir det mindre energikapasitet i den nordiske marknaden. Dette kan føre til høgare straumprisar, spesielt i periodar med høg etterspørsel.
Fri kapital
Kapital som var tiltenkt svenske havvindprosjekt kan bli omdirigert til Noreg. Auka interesse frå utlandet kan føre til større investeringar i teknologisk utvikling, som i sin tur kan redusere kostnadene og akselerere utviklinga av norsk havvindindustri.
Rimelegare innsatsfaktorar
Nedskalering i Sverige kan påverke leverandørkjedene som leverer teknologi og tenester til havvindindustrien. Nokre av desse leverandørane kan nå fokusere meir på Noreg, noko som kan føre til betre prisar og fleire tilgjengelege ressursar for norske prosjekt.
Auka press på andre energikjelder
Mindre havvindkapasitet i Austersjøen kan auke presset på andre energikjelder. For å sikre stabilitet kan det bli nødvendig å investere i batteri eller andre lagermetodar, som pumpekraftverk eller termisk lagring.
Nye planar
Den svenske avgjerda kan føre til at norske myndigheiter revurderer eigne planar og strategiar for havvind, både for å tiltrekke seg investeringar og for å sikre energisikkerheit.
Energipolitikk = sikkerheitspolitikk
Sikkerheitspolitiske omsyn ligg bak det svenske nei-et. Om tryggleik blir ein større faktor i havvind-satsinga, kan det gå utover lysta til å investere.
– Stor risiko for at Noreg hamnar bakpå
Totalt sett kan svenskane sitt nei skape bølger på norsk sokkel.
Optimistane meiner vi kan ta innpå danskane, som alt har transformert Odense hamn frå eit skipsverft til ei produksjonshamn for havvind.
Dagens Næringsliv har tidlegare fått tak i eit internt UD-notat som åtvara om at det er «stor risiko for at Noreg hamnar bakpå på havvind».
Bakgrunnen var eit toppmøte med regjeringsleiarar frå Tyskland, Nederland, Belgia og Danmark der Noreg ikkje var invitert.
«Når det vert snakka om Nordsjøen som Europa grøne kraftverk utan at Noreg er med, inneber det at Danmark er i ferd med å ta ein leiarposisjon som kan vere vanskeleg å ta att», åtvara UD-notatet.
Publisert 09.11.2024, kl. 09.50