Det umoglege presset

1 month ago 19



Andrea er i slutten av tenåra og akkurat ferdig på trening.

Ho er sveitt og sleta, men dagen er ikkje over enno.

Ho har framleis mykje ho må rekke før ho skal i seng.

Ho har ikkje eigen bil, så far hennar er den som brukar å hente ho etter trening.

Ho går ut av halllen, ser seg rundt. Han er ikkje der.

Plutseleg skimtar ho han, han er to minutt for sein. Blodet brusar.

Dette har ho ikkje tid til. No får ho mindre tid til det andre ho skal gjere.

No kunne ho berre gløyme den seksaren. No kunne ho berre gløyme å bli lege.

Kvar femmar var ein demon. Ho har ikkje råd til fleire.

Dette er krise.

andrea svett

Den nye kvardagen

Andrea Solberg møter NRK i sin «andre heim» - på trening i ei mørk boks på 850 kvadratmeter i Nydalen. Ho er andpusten og gjennomsveitt.

Ein øvelse gjenstår før ho kan ta seg tid til ein prat.

Ned på golvet set ho seg, tek tak i tauet og plasser det mellom beina. Plutseleg dreg ho ifrå, og klatrar av garde. Kun med hendene.

Det tek berre nokre sekund før ho er i toppen av tauet.

Fem dagar i veka er ho på senteret. Då har ho to til tre økter i løpet av dagen, altså mellom fire og seks timar med trening kvar av desse dagane.

– Det er det som er målet mitt, at eg kan gjere dette fram til alderen tek meg, heldt eg på å seie.

Det er dette ho synest er aller kjekkast - kvardagen på trening. At ho kan vere på eit CrossFit-senter og berre trene.

At det er jobben hennar.

«Eat. Sleep. Work out. Repeat.»

– For mange høyrest dette kjempekjedeleg ut, men for meg er det heilt perfekt, seier ho.

Så lett har det ikkje alltid vore.

– Kvar femmar var ein «demon»

– Eg sov ingenting. Eg las. Eg sat seriøst på oppe på loftet til mamma og pappa og las opptil åtte timar kvar dag.

Det fortel Andrea Solberg då NRK møter henne midt i utflytningsprosessen frå Oslo.

andrea flyttar

Osterøy-jenta var tidlegare ein aktiv turnar på høgt nasjonalt nivå, med eit konkurranseinstinkt og prestasjonsfokus utan like.

Men det kom ei tid for å legge toppidretten på hylla.

Elleve år med turn. Det fekk bli med det.

På vidaregåande fekk Andrea eit innfall - ho skulle bli lege.

Skuleflink var ho av natur, men for å klare det, var ho nøydd til å jobbe knallhardt.

Og ikkje minst - effektivt.

Sjølv om ho hadde seks i dei fleste fag, så kunne karakterane bli enda betre.

– Du må jo ha over seks i snitt for å komme inn. Då visste eg at kvar femmar var ein demon, for det drog ned snittet. Eg hadde ikkje råd til fleire femmarar dersom eg skulle komme inn.

I to år blei ho kontrollert av lista ho sjølv hadde lagt urimeleg høgt.

«Korleis kan eg få seksar på den prøva?»

«Korleis spis eg mest mogleg riktig mat?»

«Korleis blir eg best mogleg på trening?»

«Korleis skal eg sjå bra ut, og bli likt av alle vennane mine?»

Eit nytt prestasjonsfokus hadde blitt vekka til live.

Turn var ute av biletet, og tanken på medisinstudiet hadde gjort sin entré i livet hennar.

Ho innsåg at dersom ho verkeleg gjekk inn for det, så kunne ho unnga dei siste «demonane» i faga.

– Seksarane blei det einaste som stod i hovudet på meg.

Tenåringsjenta hadde bestemt seg.

– Det var tøft. Når eg seier tøff periode, så var det ikkje tøft i den forstand i at det var synd på meg. Det var meir at eg lagde livet mitt mykje verre enn det trengde å vere, på ein måte.

Den stramme timeplanen

– Viss eg ikkje var ferdig å ete innan klokka halv fem, var det krise, for då fekk eg fem minutt mindre til å lese. Altså, viss ikkje ting skjedde på minuttet, så var det krise.

Krise var det også når far hennar ikkje stod klar for å hente henne idet ho var ferdig på trening.

– Eg blei jo sint.

Ho var trass alt nøydd til å lese til prøva i bilen på veg heim.

Alt skulle vere etter hennar timeplan.

Ho hadde ikkje tid til noko anna.

Kvar eit minutt var teljande.

Det einaste som betydde noko, var: «Kva kan eg oppnå?»

Då ho kom inn døra heime, måtte ho lese enda meir, men på noko anna.

Ho kunne også finne på å rekne det same mattestykke om att.

Andrea på skulen

Om att, og om att. Fleire gongar.

Det måtte sitte til prøva.

Prøva som ho skulle få toppkarakter på.

– Det var eigentleg det som gjorde at det blei nokre tøffe år, min verdi låg i mine resultat.

Krise var det også når foreldra som berre ville hjelpe henne, ikkje hjalp henne på akkurat dei tidspunkta som var «riktig» etter hennar timeplan.

Den hektiske timeplanen tok over kontrollen.

– Då det kjendes ut som at det skulle rase, då trudde eg at det faktisk skulle rase.

Alle tankane blei spart til kvelden. Då ho skulle sove så kom dei.

– Eg utvikla søvnproblemer. Eg sleit med å sove fordi eg hadde mykje tankar og press. Det var jo spesielt desse sekserane då. Det sit igjen.

Andrea beskriv det som eit «flink pike-syndrom».

– Når eg ser tilbake på desse åra, så spør eg meg sjølv: «Kva heldt eg på med?»

«Pusha» seg til det ytterste

Sjølv om den elleve år lange turnkarriera var over, måtte ho framleis finne ein måte å halde seg i form på.

Andrea hadde jo konkurrert nesten heile livet.

Eit sakn etter noko var der.

Inne på YouTube kom ho over treningsforma CrossFit/Functional Fitness. Det vekka ei interesse, og ho bestemte seg for å teste det ut.

Den dåverande 19-åringen fann eit senter nære skulen. Det var trass alt viktig at ho fekk mest mogleg ut av tida si.

– Eg drog på ein prøvetime, og så var eg bitt av basillen. Og så gjekk det vel to månader før eg meldte meg på første konkurranse.

Konkurransemennesket begynte å snuse på toppidretten igjen.

Sidan det har det vore ingen veg tilbake.

Det var altså perfekt.

Det var effektivt.

Veldig hardt.

Mykje meistring.

No kunne ho kombinere trening og lesing - effektivt.

– Eg brukte kvart eit einaste tilgjengelege augneblink i døgnet til å sitte på loftet og lese når eg ikkje var på trening eller skule.

Slik kunne ho få samla sekserane sine.

Brått blei ho strengare med seg sjølv på treninga også. Like streng som med karakterane.

Kombinasjonen blei beinhard, og timeplanen kjempestram.

Hundrevis av timar med trening blei lagt ned.

Ho var nøydd til å klare ei spesifikk tid på øktene, slå seg sjølv, og klare visse mål ho hadde sett seg.

 Trene og lese.

– Eg hugsar eg skulle «pushe» meg selv ein gong eg skulle teste ei CrossFit Open-økt på nytt, og då var avtalen med meg sjølv at om eg ikkje gjorde det betre enn førre gong, fikk eg ikkje dra i bursdagen til ei venninne den kvelden.

– Eg enda opp med å gjere økta betre, men eg «pusha» meg så hardt at eg kasta opp og låg på sofaen resten av kvelden.

– Eg ville få til alt

I 2016 kom Andrea inn på medisinstudiet.

Det harde arbeidet og den ekstreme dedikasjonen hadde «lønt seg».

Men studiet var tøft.

Treninga var tøff.

Kombinasjonen var tøff.

– Eg ville få til alt, fortel ho.

Med tida blei fokuset meir og meir flytta mot Functional Fitness og vekk frå lesinga.

Fekk ho ikkje trene, var det meir krise enn om ho ikkje fekk lest.

I 2019, tre år inn i studiet, fekk ho ein realitetssjekk.

På medisinstudiet i Bergen er det nemleg slik at halve kullet har ein pause på seks månader etter det tredje året, fordi det ikkje er nok praksisplassar til heile kullet. Andrea var blant dei som enda opp med ein pause på eit halvt år.

– Eg skulle berre trene Functional Fitness i eit halvt år, men då skjønte eg at wow - dette er jo noko eg kan leve av. Eg fekk smaken på å kun trene og ikkje gjere det same lengre. Då skjønte eg at dette ville eg ha meir av.

Ho fekk eit halvår der ho berre skulle trene og konkurrere, og det gav henne mange moglegheiter for vegen vidare.

No hadde ho brått fleire timar i døgnet.

No kunne ho vere meir sosial.

No kunne slappe meir av og senke skuldrene.

– Det var då eg forstod kor viktig restitusjon var og skjønte at eg måtte spise meir for å prestere betre i Functional Fitness.

Treningsgleda, miljøet og konkurransane hadde blitt ein større del av livet hennar.

Andrea begynte å «leve meir», ifølgje ho sjølv, og gradvis slapp ho fokuset på å vere «flink pike».

Sidan det har medisinstudiet teke long tid.

– «Livets undergang»

Når NRK møter Andrea er Osterøy-jenta 28 år og har framleis eitt år igjen på medisinstudiet. Åtte år har det teke.

På grunn av toppidrettsatsinga har ho teke ut permisjon frå studiet fleire gonger.

Det er det som har vore rett for henne, fortel ho.

Ho vil halde fram med å satse på sporten som har teke ho så langt.

 Andrea Solberg noregsmeiser for andre gong i 2023.

KONGEPOKAL: Andrea Solberg blei noregsmeister i Functional Fitness for andre år på rad i 2023.

Foto: Privat

I skrivande stund er ho rangert som nummer éin av kvinner i sporten i Noreg, og nummer 16 i verda, ifølgje nettsidene til CrossFit Games.

– Eg drøymer ikkje om å vere på sjukehuset som lege akkurat no, men det er noko eg vil falle tilbake på om ti år. Kven veit når eg er ferdig med å konkurrere?

– Det er vanskelig å seie kvifor ein vil prestere på alt ein gjer. For no vil eg ikkje det.

Bilde av CrossFit Games

«Herregud, kvifor levde du slik på vidaregåande?»

«Kvirfor var du ikkje på CrossFit-senteret og bygde betre relasjonar frå start?»

«Eg kunne nytt det endå meir enn det eg gjorde. Eg kunne lest tre timar mindre kvar dag, og hatt mykje meir tid til å vere sosial»

Det er tankane som streifer henne i dag.

– Kva legg du i omgrepet «flink pike»?

– At alt må vere perfekt på alle områder. At ein må ete bra, sove bra, prestere bra på skulen eller jobb, ein må ha leilighet og karriere. Og så er det så urealistisk.

speilbilde og medaljar

– Når eg ser tilbake på desse åra, så føler eg kanskje at dei største konsekvensane er kor hardt eg har behandla dei rundt meg. Eg sit igjen med dårleg samvit for at eg har peika så mykje på folk at dei skal gjere slik og slik.

Spesielt føler ho at det gjekk utover foreldra hennar, både mamma og pappa.

– Det er kanskje det eg angrar aller mest på.

Ho trekk fram eksempelet med far sin som kunne vere eit par minutt over tida då han skulle hente henne etter trening.

– Eg blei jo sint. Det var jo ikkje pappa sin feil viss han måtte stå i kø. No tenker eg meir slik: «Dumt at han står i kø, men det går jo fint, for det er ikkje hans feil.»

– Kva er skilnaden på Andrea 18 år og Andrea 28 år?

– At eg gjer ting meir for å ha det bra. Viss eg har det bra, så blir eg ein betre person med dei rundt meg. Eg tror det er hovudskilnaden. At Andrea 18 år var resultat, medan Andrea 28 år er meir oppteken av kva som gir meg glede.

– Når ein er 18 år, så tenker ein at det er livets undergang. Det er det ikkje.

andrea smiler

Heisann!

Har du tips til andre liknande historier, eller har du noko på hjartet etter å ha lest saka mi? Då blir eg glad for ein e-post!

Publisert 09.09.2024, kl. 09.21

Read Entire Article