Kortversjonen
- Venstre-politikar Grunde Almeland (34) deler for første gong frå si tøffe ungdomstid prega av mobbing og usikkerheit.
- Han opplevde homofobi og utestenging både på ungdomsskulen og vidaregåande.
- Ein ny start i USA og at han kom ut som homofil etter vidaregåande - hjalp Almeland til å bygge sjølvkjensle.
- Han er likevel tydeleg på at å oppleve mobbing i oppveksten ikkje er noko ein berre kan legge bak seg.
Tenk deg ein vellukka politikar på veg til jobben på Stortinget med ein tung ryggsekk i tillegg til skulderveska med laptop og mobil.
Grunde Almeland ber på ein slik ryggsekk. Den er usynleg. Men inneheld mykje vondskap og frykt.
I dette intervjuet fortel politikaren om ein hittil ukjend del av oppveksten. Fordi han er redd at dei titusenvis som blir mobba kvart år - kan miste truverd og eigarskap til sine opplevingar.
Meir om det seinare.
Først tek 34-åringen oss med til ungdomstida i fruktbygda Øystese i Hardanger. Mest kjend for frodig fruktbløming, perlande cider og bratte fjell som stig opp frå fjorden.
Ikkje så kjend for ein gjennomsiktig bygdekultur der det kunne vere krevande å stikke seg ut eller ikkje passe inn.
Unge Grunde opplevde at han ikkje passa inn.
– På ungdomsskolen sette det seg ein ny kultur. Folk kom frå andre delar av bygda. Nye grupper og klassar. Det vart eigentleg eit sjokk for meg. Eg vart plukka ut som anleis. Definert som ein som ikkje passa heilt inn.
– Og det er jo dette eg vart mobba for. At eg kanskje var litt meir feminin enn andre. Eg var jo homofil sjølv om eg ikkje hadde kome ut. Og denne ulikskapen i høve til andre - var utgangspunktet for å bli «plukka på», seier Grunde Almeland over kafebordet i Kvadraturen like ved Akershus festning.
Han minnast ingen av dei tre åra på ungdomsskulen med glede.
– Eg hadde stort sett ikkje lyst til å gå på skulen.
– Kva innebar det å bli «plukka på»?
– For meg innebar det at folk heile tida kom med små kommentarar. Ein konstant straum av slike små kommentarar som var med på å bygge meg ned, svarar Almeland.
Mobbinga heldt fram i første klasse på vidaregåande. Så var det enkelte opplevingar som har bite seg fast:
– Ein gong kom eg inn i klasserommet, opna laptopen min som eg hadde gløymt å logge av. Eg hugsar det var homseporno i alle kanalar på PC-en. Nokon hadde lasta ned masse porno. Då eg opna laptopen var det porno med full lyd på - over heile klasserommet. Og alle lo. Slike enkeltopplevingar hugsar eg veldig godt.
Grunde seier han har grunn til å tru kven som overtok pc-en hans. Og at det sjølvsagt var mange i klassen som ikkje var med på det.
– Men du opplever uansett at alle er mot deg.
Han har lese alle VG sine saker om Peder Angel som tok livet sitt etter mobbing. Og sakene etterpå om kvifor talet på barn og unge som blir mobba - ikkje går ned.
Almeland kjenner seg att i skildringane. Han trur det mest er ein grunn til at han sjølv ikkje nærma seg dei mørkaste tankane.
– Eg meiner grunnen til at eg ikkje hadde tankar om å gjere det slutt, er fordi eg hadde ein ven å vere saman med. Og eg hadde to lærar-foreldre som tok meg på alvor. Som eg kjende at eg kunne prate med. Sjølv om eg nok ikkje alltid fortalde akkurat det som hadde hendt.
Han legg til:
– Samtidig var eg redd for at dei skulle vite at eg var homo. Det var eigentleg ein heilt irrasjonell frykt. Men det gjorde nok at eg ikkje torde å bli for spesifikk då eg fortalde mor og far om hendingar eg vart utsett for, hugsar Grunde.
På skulen opplevde han å bli kalla ting han ikkje likte. Nokon etterlikna han. Han opplevde at heile klassen lo. Det oppfatta han som at klassen aksepterte at enkelte oppførte seg dårleg.
– Dette er nok ein del av grunnen til at eg er svært engasjert i korleis ein jobbar med skulemiljøet som ein heilskap. Fordi eg merka sjølv korleis dette er når ting ikkje blir teke tak i. Det er heilt sikkert mange som ikkje vil delta i dette. Men dei ønskjer liksom ikkje å utfordre dei som fører an. Då blir dei heller med på laget til dei som plagar, seier Almeland.
Vil ha kraftinnsats mot mobbing
- Venstre vedtok å setje inn ein kraftinnsats for å forebygge og hindre mobbing, vald og truslar i skulen - på sitt landsmøte sist helg.
- Barn og unge har rett til eit trygt og inkluderande læremiljø.
- Mobbing og utanforskap, skulevegring og fråfall forebyggast i eit førpliktande og tett samarbeid med heim og skule.
- Læraren har ansvar for at ein klasse fungerer både for læring og trivsel. Læraren sin autoritet i klasserommet må styrkast og administrasjonsbyrden må reduserast.
- Det er viktig at elevar og lærarane får god støtte fra andre profesjonar i
skulen, som miljøarbeidarar, minoritetsrådgivarar og helsepersonell.
(Kjelder: Venstre-landsmøtet 2025, Venstre sitt stortingsprogram 2025–2029)
Han fann seg ein fristad der det ikkje var så mange andre elevar. Likevel slapp ikkje frykta taket. Unge Grunde var mykje redd.
– Du går i den konstante frykta for om noko skjer neste gong. Denne redsla påvirkar alle aspekt av livet ditt. I periodar så hadde eg ikkje lyst til å gå for meg sjølv nede i bygda fordi eg berre var redd for å møte nokon.
Han fortel om å vere i ein spent kropp, ein slags beredskap.
– På ungdomsskulen var skulebiblioteket fristaden min. Storefri var farleg. Den halvtimen kunne du møte andre ungdommar, ofte utan at det var vaksne til stades.
Der var det jo ein vaksen skulebibliotekar. Og Grunde kunne sitje og lese bok. I fred.
– Det var kanskje ikkje så mange andre elevar enn deg der?
– Nei, det var ikkje så mange som syntest det var så kult å lese, svarar Almeland og flirer.
– Men eg kom meg igjennom mange bokseriar, legg han til.
Kvar var så lærarane? Kvifor vart det ikkje gripe inn?
Grunde Almeland hadde mange lærarar. Nokre freista å gripe inn. Andre ikkje. Og mykje av det han opplevde som mobbing og utestenging skjedde når vaksne ikkje var der.
Og litt spesielt: Han opplevde at mobbinga ikkje stoppa då han starta i vidaregåande heller.
– Kvifor ikkje?
– Det var nok mange av dei same folka der.
Begge foreldra til Grunde var lærarar på denne skulen. Dei forsto. Men kjende nok på avmakt slik mange foreldre gjer.
Han diskuterte med dei om han skulle skifte skule og dra til Bergen. Men det vart komplisert utan fritt skuleval og med ein kronglete reise til Vestlandets hovudstad. Og studiespesialisering, som han ville gå på, hadde dei jo i heimbygda.
– Min tanke var at dei som gjekk på studiespesialisering var interessert i faget. Men der tok eg nok veldig feil - om mange av elevane, reflekterer politikaren.
Han sette pris på mykje av det kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) sa om å gripe tak i den aukande mobbinga i eit intervju med VG i februar.
Men det var også noko han ikkje likte.
– Ho seier veldig mykje som er heilt rett og fint i det intervjuet med VG. Men eg reagerer på at ho meiner mobbelova har gått for langt i retning av eit forsvar for den som opplever mobbing. Då ser ho vekk i frå den delen av evalueringa som seier kor viktig det var at dei som opplever mobbing har definisjonsmakta.
– Det er rett at mobbetala ikkje har gått ned. Men det er også viktig at skulane grip inn så ikkje mobbinga blir langvarig. Og det er bra for elevane at statsforvaltarane gir pålegg og refs til skulane om at så mange ikkje føl opp plikta til å gripe inn og lage planar for å gripe inn, legg Almeland til.
Han er rykande usamd med dei som meiner omsynet til elevane sine rettar har gått for langt.
Miljøskiftet
Etter første året på vidaregåande drog han til kristne og konservative Saint Paul Lutheran High School i Missouri i USA som utvekslingselev.
Nytt miljø, nytt språk, nye folk. Mobbinga tok slutt. Men ikkje jobben med å framstå med ein maskulin fasade.
Likevel opplevde han USA som eit vendepunkt.
– Det var første gongen i ungdomstida eg kunne puste ut. Det var eit nytt miljø. Og eg gjorde verkeleg ein innsats for å få vener og etablert meg. Då eg kom heim til tredje klasse på vidaregåande var jo dei same folka der. Men eg fekk fleire vener. Det var lettare å stå i ting. Eg hadde bygd meg opp ei betre sjølvkjensle.
Først etter vidaregåande kom han ut som homofil.
– Sjølv om det går veldig fint med meg i dag, så er det slik at den kjensla du sit med - er at noko er litt øydelagt inni deg. Noko av det vanskelegaste med mobbing, er at det alltid sit litt i deg. For alltid.
Måtte forlenge Pride-ruta
Grunde har alltid unngått samlingar med gamle klassar og mimretreff i Øystese.
Samlivet med ektemannen, storbylivet i Gamlebyen og det politiske livet på Stortinget har liksom vore nok.
Men så fekk han ei oppleving i den vesle, gjennomsiktige heimbygda som nesten sette han ut.
– Eg vart invitert heim til Øystese for å tale i det første Pridetoget der nokonsinne. Då var det noko som losna i meg. Det var så mange som møtte opp at dei måtte utvide ruta der toget skulle gå for at folk ikkje berre skulle går rundt og rundt i parken, hugsar Grunde.
Han fekk auge på fleire i toget som han kjende att frå skulane der han vart mobba.
Det var eigentleg ei fin oppleving for han å sjå det, samtidig som det gjorde vondt.
– Nokre var eg jo redd for. Men folk kan endre seg. Det hadde skjedd ei utvikling.
For meg var det å stå der framme og halde ein appell for folk som eg følte for første gang aksepterte meg - det var ei vond og god oppleving på same tid.
34-åringen er eit følelsesmenneske. Han blir blank i augene fleire gonger under intervjuet med VG.
Har du vore vitne til mobbing, og kva har du i så fall gjort?aJa, men eg var nok blant dei som heldt meg passiv.bJa, og eg sa i frå at dette ikkje var akseptabelt.cNei, eg har aldri sjølv lagt merke til mobbing i mitt oppvekstmiljø.Men ikkje denne sommardagen i Øystese - framom regnbogeflagg, kjende ansikt og glade folk med solbriller heldt han talen sin.
– Då klarte eg å halde meg klokkeklar. Men etterpå var eg så sliten at eg nesten braut saman.
Hendinga betydde likevel mykje for både han og andre som har slite med å kjenne at dei høyrer til.
– Ein prideparade i ei slik lita bygd har så utruleg mykje å seie for at folk skal kjenne seg velkomne - at dei høyrer til, at det er plass til dei i lokalsamfunnet.
Rektorar i Øystese: Vondt og leit
Dei to rektorane ved høvesvis Kvam ungdomsskule og Kvam vidaregåande i Hardanger, beklagar at Grunde Almeland opplevde mobbing og utestenging då han var elev der.
Elisabet Aarekol er rektor på Kvam ungdomsskule (tidlegare Øystese ungdomsskule). Ho synes det er vondt å vite at Almeland hadde det så tøft på ungdomsskulen.
– Eg synest det er trist at han har hatt denne opplevinga då han var ung i Kvam. Ein veit at mobbing kan ha mange negative konsekvensar både medan det pågår, men og seinare i livet, som han sjølv også seier noko om. Sjølv om eg ikkje kan setja meg inn i korleis han har hatt det, er det vondt å høyra det han har vore utsett for, og eg har stor medkjensle med både han og andre som ikkje har hatt ei trygg ungdomstid, skriv Aarekol i ein epost til VG.
Ho legg til at hendingane Almeland fortel om ligg så langt tilbake i tid at ho ikkje vil prøve seg på noko forklaring frå skulen si side.
– Som skuleleiar vil eg likevel seie at eg er lei for at han opplevde det slik på Kvam ungdomsskule då han gjekk her, skriv Aarekol.
Hennar rektorkollega, Arild Matland på Kvam vgs, trur merksemda rundt å jobbe mot mobbing, er blitt sterkare dei siste åra.
– Det er alltid leit å høyre at elevar har kjend seg mobba. Gjennom dei seinare åra har opplæringssektoren hatt eit større fokus på å skape trygge og gode skulemiljø, mellom anna ved å arbeide for inkludering av alle elevar i fellesskapet. Synet på rom for mangfald både i skulen og elles i samfunnet har nok hatt ei positiv utvikling sidan Almeland var elev i vidaregåande skule, skriv rektor Arild Matland på Kvam vgs. i ein epost til VG.
Han beklagar at Grunde Almeland og andre som har kjend seg mobba - ikkje har opplevd eit trygt skulemiljø.
Matland skriv at dei har innført tiltak for å styrke elevmiljøet.
– Mellom anna har dei vidaregåande skulane fått løyvd midlar til miljøkoordinatorar. Ved Kvam vgs. gjer miljøkoordinatoren ein svært god jobb med inkludering av alle elevar i skulemiljøet. Miljøkoordinator jobbar og direkte inn mot enkeltsaker og driv også førebyggande samtaler med einskildelevar, ifølgje rektoren.