Det siste skredet

4 days ago 9



Ingar Sægrov ligg framleis på botnen av Jølstravatnet i Sunnfjord.

Det var eigentleg ein forgløymeleg dag i juli 2019.

Ingar Sægrov skulle ingenting spesielt. Han stod opp, han drakk kaffi, og han såg ut på vêret.

Sommaren var uvanleg heit og tørr. Fleire gonger bikka grade­stokken 30. Men denne dagen kom eit skifte, og mørke skyer svevde snart inn over fjellandskapet Jølster.

Ingar sa han skulle komme heim igjen og ete middag med kona Sissel Gjesdal Sægrov i 18-tida. Så sa dei «ha det», og Ingar køyrde vestover.

Tett inntil vegen og Ingar låg det djupe og lange Jølstravatnet, den nest største innsjøen på Vestlandet.

Signalet

– Det var jo ein nydeleg dag, fortel Charlotte Sægrov, Ingar si dotter.

Charlotte Sægrov med Jølstravatnet i bakgrunnen, i Sunnfjord.

Charlotte Sægrov står ved Jølstravatnet i Sunnfjord, ikkje mange minutt frå heimplassen sin.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Derfor gjekk ho opp eit av favorittfjella sine. Med henne var dottera Tina og hunden Rusken.

Frå toppen såg dei ned på Jølstravatnet. Bratte tusenmeter­fjell låg rundt dei på alle kantar.

Framleis fin sommardag.

Så merka Rusken noko. Han pusta tungt og oppførte seg merkeleg. Dei tok ingen sjansar, sprang nedover, inn i bilen, inn i det trygge.

Hunden Rusken på tur

Rusken på tur, ikkje den same dagen som i 2019.

Foto: Privat

Så kom det som berre Rusken hadde kjent: Den djupe lyden av torebrak. Men enno eit stykke unna.

Ærendet

Nede ved Jølstravatnet trefte dei pappa og bestefar Ingar. Han og Charlotte ville til Sunnfjord-hovudstaden Førde for å kjøpe måling til Tina sitt rom. Åtteårsdagen til Tina var rett rundt hjørnet.

Ingar Sægrov var elektrikar, hyttefelt­byggar, gardbrukar, båthamn-drivar, sauesankar, familiemann.

– Han hadde alltid tid til å hjelpe meg, seier Charlotte.

Ingar Sægrov saman med dottera Charlotte Sægrov

Ingar og Charlotte Sægrov, turpartnarar og far og dotter.

Foto: Privat

Før dei køyrde, trefte regnet dei.

– Du berre høyrde korleis det dundra på glas og på taket. Det var som ein trommelyd, drrrr!

Sjølv på Vestlandet var dette uvanleg kraftig, men dei tenkte at det var ei regnbye som kom til å gå over.

Så dei heldt på Førde-planen sin, køyrde vestover i 20 minutt, ut av styrtregnet, ut av det utrygge.

I Førde kunne folk framleis klippe plenen og nyte sommardagen.

Charlotte gjekk for å kjøpe måling, og Ingar ville leite etter to stolpar han trong til hytta han bygde.

Dei ville skunde seg for å komme seg trygt heim igjen.

Ein svart vegg

Men rett over Vassenden hadde eit uvêr starta, som ikkje likna noko jølstringane hadde sett før.

Ingar og Charlotte køyrde frå Førde ...

... og austover, mot Jølstravatnet.

Charlotte budde på Vassenden, medan Ingar budde i andre enden av Jølstravatnet.

Mot uvêret køyrde Ingar og Charlotte no. Dei skulle berre heim. Charlotte til dottera si, Ingar til kona Sissel.

Etter ti minutt ut frå Førde møtte dei styrtregnet igjen.

Det er som å køyre inn i ei anna verd

(Trykk til venstre for sitatet for å høyre Charlotte fortelje.)

Charlotte spurde om det var forsvarleg å køyre vidare. Ingar sa «herregud», på ein sånn pappa-har-full-kontroll-måte. Han var optimisten, som meinte dottera kunne vere pessimistisk.

– Så sa eg at det er forskjell på å vere positiv og negativ. Eg er realistisk.

Til fots

Dei køyrde eit lite stykke til, før det blei for mykje vatn, både ovanfrå og i vegbanen. Dei fann ein utkøyrsel, stoppa, og så ringde Ingar heim. Den der middagen klokka 18 blei vanskeleg, trudde han.

Sissel Gjesdal Sægrov kunne ikkje forstå kva som var så ille.

Sissel Gjesdal Sægrov, ved Jølstravatnet i Sunnfjord kommune.

Ingar Sægrov budde saman med kona Sissel Gjesdal Sægrov i eine enden av Jølstravatnet, medan dottera Charlotte budde i andre enden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg ser ikkje dei mørke skyene, eg ser heilt vanleg gråvêr, sa ho til han.

Ho var no tre mil unna mannen og dottera.

– Siste gongen eg snakka med han, seier han at «no høyrer eg ikkje kva du seier lenger, eg trur dekninga forsvinn». Så fekk ikkje eg snakke meir med han.

Ingar og Charlotte fortalde ikkje at dei skulle ut og gå, til fots.

Begge var utolmodige sjeler. Dei ville heller tråkke uti det ukjende enn å stå fast i regnet. Dei hadde kvarandre.

Skred over E39 mellom Jølster og Førde, juli 2019.

Dette var eitt av skreda Charlotte Sægrov og Ingar Sægrov møtte på, frå andre sida.

Foto: NRK

I vegbanen var det strie straumar med vatn, jord og stein. Det kom både ned midt imot dei og frå sidene, der fjellterreng hadde sleppt tak og rast nedover.

Og sjå no føre deg ein fyr som går i crocs.

Vatnet reiv tak i føtene til Charlotte, og på sidene var det grøft utan rekkverk, og så ei elv. Dette var skrekken hennar. At ingenting skulle stoppe henne viss ho ramla.

Pappa Ingar var Charlotte si støtte, bokstavleg talt. Han gjekk først, ho gjekk etter. Over ras-utglidingar, over nye elver som nådde dei til knea.

– Så lenge eg var med pappa, var eg trygg.

Det var alltid sånn ho tenkte. Også denne dagen, også når han stod på andre sida av vatnet og ho var ustødig då ho tråkka uti neste hinder.

Pappa står og tar fram handa. Heilt klar for å ta meg imot, og dreg meg kjapt ut av det.

Heim

Han tok imot over kvart einaste ras. Charlotte var trygg med pappa.

På ein flate møtte dei ein bilkø. Dei var komme over det verste og fann ein kollega av Charlotte. Han kunne køyre dei til Vassenden, der Charlotte budde.

Då dei kom fram, såg dei skadane.

Raymond Lillemo på Vassenden filma dette rett før han måtte springe for livet.

Det store skredet gjekk rett gjennom byggefeltet.

Ingen blei skadde, og ingen bustadhus blei øydelagde.

166 små og store skred gjekk i området denne dagen, rekna Noregs geologiske undersøking (NGU) seg fram til.

Straumen hadde gått mange stader, mobildekninga var borte. Folk måtte evakuerast vekk frå rasfarlege stader i båt.

Folk blir evakuerte frå E39 i båtar, Jølster 30. juli 2019.

Mange måtte bergast frå E39, der dei stod fast mellom to skred. Evakueringa tok fleire timar.

Foto: Anders T. Sunde

Men fram til klokka 20.30 var ingen meldt omkomne eller skadde. Ingen hus hadde blitt tatt av naturkreftene.

Det var nesten ikkje til å tru.

Vegopninga

Charlotte og Ingar henta Tina, dottera til Charlotte, og kom seg opp til familiegarden over Vassenden. Heim til Charlotte.

Ingar og Tina prøvde å få fyr i vedomnen, Charlotte hoppa i dusjen, i mørkeret.

Vegen på nordsida av Jølstravatnet var stengd. Langs sørsida hadde det ikkje gått eit einaste ras, men politiet stengde likevel vegen, for sikkerheits skuld.

Klokka 20.30 byrja vêret å lette, så politiet opna sørside-vegen, i samråd med NVE.

Vegen er svingete og smal. Treffer du ein bil, er sjansen stor for at du må stoppe, rygge litt, og sleppe bilen som kjem imot, forbi på ein møteplass.

Jølstravatnet ligg heilt inntil vegen til venstre. Dei bratte fjellsidene til høgre.

I enden av vegen budde Ingar.

Så høyrer eg at pappa ropar at vegen er open.

Han stilte seg opp i døra. Han snudde seg mot dei, og så sa han «ha det» og «glad i dykk, jentene mine».

Han tok gardsbilen, svinga ned frå garden, til høgre ut på vegen. Så bar det heimover.

Akkurat då. Ikkje ti sekund før, ikkje ti sekund etter.

Skredet

Det finst ein video av skredet. Eit augevitne stod på andre sida av vatnet og filma. Det starta som ei sky høgt oppe, som så begynte å bevege seg. Dei som såg det, forstod ikkje at det var eit ras med ein gong.

Så forstod dei.

Inn frå høgre såg dei bilen til Ingar.

Stein og jordmassar rulla først sakte nedover, men over eit bratt heng blei skredet raskt breiare.

Ingar køyrde på ein plass der det ikkje var mogleg å få med seg det som skjedde i fjellsida over han. Skogen låg tett inntil vegbana og sperra for utsikta.

Då raset var nesten nede på vegen, var det rundt 90 meter breitt, og Ingar køyrde gjennom ein svak høgresving, rett inn i dødsfella.

Videoen blei eit viktig bevis for politiet.

Charlotte reiste til politistasjonen i Førde for å sjå filmen nokre dagar seinare. Ho såg bilen, med pappaen sin inni, gli inn i dei grå massane.

Og eg ser føre meg at det er då pappa ser opp. Altså bøyer seg fram i bilen, eg ser føre meg korleis han gjer det.

Fleire vitne filma skredet som tok Ingar Sægrov. Denne videoen viser dei første sekunda etter skredet hadde komme ned til vasskanten, og det går ikkje an å sjå bilen som blir tatt. Dette er ein annan video enn den som Charlotte Sægrov fekk sjå. NRK har ikkje tilgang til den videoen.

Leitinga

Søket som starta nesten med ein gong den same kvelden, hjelpte ikkje. Charlotte si desperate leiting morgonen etter hjelpte ikkje.

Ho fekk ei ut-av-kroppen-oppleving.

– Eg såg meg sjølv stå og leite, rope og skrike, og prøve å finne pappa.

Ho kjefta og skreik på politiet, og heller ikkje det hjelpte.

Båtar glei sakte fram og tilbake over vatnet, som var farga brunt av gjørme og jord, og menn hang over ripa med store oransje vass­kikkertar stikkande nedi vatnet.

I over to år leita dei etter mannen og bilen. Dei brukte kamera, miniubåt, og ein heilt spesiell sonar, som skanna den mørke sjøbotnen.

Familien laga seg eit minnesmerke, rett under der som skredet gjekk. Den nye vegen forbi rasstaden var brei nok til å parkere bilen uti sida.

– Det er heilt nydeleg der. Det finst ikkje noko finare gravminne enn Jølstravatnet, seier Sissel Gjesdal Sægrov.

Litt lenger ut, og cirka 200 meter ned, ligg framleis Ingar Sægrov.

Hadde han vore ti til femten sekund raskare, så hadde han ikkje vore treft.

Minnesmerke for Ingar Sægrov, ved Jølstravatnet i Sunnfjord.

Sissel Gjesdal Sægrov og familien har laga eit minnesmerke rett nedanfor der skredet gjekk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I etterkant fekk politiet kritikk for å ha opna fylkesvegen, og dei beklaga at Ingar Sægrov døydde som følge av avgjerda.

Publisert 17.11.2024, kl. 18.20

Read Entire Article