Den norske turistforening (DNT) har det siste året brukt mykje tid og krefter på å motarbeide Stortingsmeldinga for villrein som vart lagt fram den 13. juni 2024.
DNT tek imot store statlege subsidiar og påverkar friluftslivet til mange menneske. Med dette bør det følgje eit ansvar.
Villreinen står overfor mange truslar, og ein av dei mest komplekse er den menneskelege tilrettelegginga i villreinen sitt leveområde. På nasjonalt nivå har DNT fått løyve til å bygge, drive og utvikle turisme i fleire sentrale villreinområde. Eit konkret døme er Haukeliseter fjellstue, eigd av Stavanger Turistforening, der dei nå ynskjer å auke standarden. Standardhevinga vil kunna føre til auka ferdsel. Som eit slags «kompenserande» tiltak for villreinen, tilbyr DNT å rive ein gamal, falleferdig låve.
Haukeliseter fjellstue er Noregs største og mest besøkte turisthytte der ho ligg langs E-134 og er utgangspunkt for turar inn i DNT sin infrastruktur på Hardangervidda og Setesdal Vesthei. Denne infrastrukturen er ei stor utfordring for villreinen i båe villreinområda. Både Statsforvaltaren og Villreinnemnda er skeptiske til nybygget, av omsyn til villreinen.
Dei høgtliggjande områda kring Haukeliseter har store snømengder og låge temperaturar om sommaren, noko som kan bli enda viktigare for villreinen i eit varmare klima. I tillegg har desse områda gode beitetilhøve på seinsommaren, som er viktig for villreinens overleving. Likevel ser det ut til at DNT, trass i motstand frå både lokale og nasjonale aktørar, held fram med sine planar om utviding og auka kommersialisering.
Det ser ut til at prinsippet om nedvekst – å redusere kommersiell aktivitet til fordel for vern – ikkje har fått innpass i DNT sitt vokabular. Dette, trass i at det er avgjerande for å sikre villreinens framtid. Mange av DNT sine lokasjonar, som Haukeliseter, ser ut til å prioritere det kommersielle aspektet framfor omsynet til naturens behov. Dei fleste villreinområda har, dessverre, sin eigen versjon av «Haukeliseter», der turisme og tilrettelegging gjer villreinens eksistens stadig meir utfordrande.
Tiltak for villreinen er på veg, men skal ikkje vedtakast endeleg før i 2025. Tiltaksplanen for villrein skildrar tiltak og løysingar for å verne eller forbetre leveområda hans. 18. september heldt DNT eit eige møte med Klima- og miljødepartementet for å presentere sin eigen gjennomgang av tiltaksplanane for villreinområda.
Det blir spanande å sjå om DNT tar sitt ansvar, eller om dei, som mange andre, prioriterer kommersialisering framfor naturvern.
Vil dei verne villreinens sårbare leveområde, eller følge hyttebyggarnæringa, der økonomi trumfar naturens tålegrense?
Foreininga La villreinen leva! kjem til følgje DNT og reiselivet tett, og utfordre tilnærminga deira til natur, så lenge dei ikkje endrar kurs.