Bodø/Glimt sitt arbeid med ny arena går framover, melder klubben i ei pressemelding på sine nettsider.
Onsdag 18. september sparka klubben, i samarbeid med Advansia, i gang ein pris- og designkonkurranse som engagjerer tre ulike entreprenørar som skal kome med forslag på pris og design på den nye stadionen.
Entreprenørane som er med i konkurransen er Consto, Econord og Hent.
Styreleiar i Bodø/Glimt, Inge Henning Andersen, er fornøgd med arbeidet så langt og gler seg til å sjå kva klubben mottat av dei ulike entreprenørane.
– Vi er veldig glade for at konkurransen endeleg er i gang. Når vi mottar forslag til design, skal vi ut i byen og sjå kva folk synest om utsjånaden på vår nye arena og opplevinga vi ønsker å skape, seier Andersen.
Dei har no sett i gang ein prosess med tre entreprenørar.