Det blir ei god blanding av kjente personar i den komande sesongen av 24-stjerners julekalender.
Og tradisjonen tru er det Markus Neby som er programleiar, og som skal utfordre deltakarane i forskjellige juleoppgåver.
24 personar skal altså kjempe om å bli årets julestjerne.
Og ein av dei er politikar Mímir Kristjánsson.
– Dette er noko av det villaste, raraste og gøyaste eg har vore med på av juleførebuingar. Eg har vore i julestemning helt sidan innspelinga, og enda er det over ein månad til julaftan, seier han til NRK.
Brent seg fast i pannebrasken
Ein annan som deltar, og som er spent på å sjå seg sjølv i den humoristiske reality-kalenderen, er trenar og føredragshaldar Sondre Sundby.
I ein av konkurransane er oppgåva å halde på merksemda til ei 13 år gammal jente.
Fleire av mennene tar av seg skjorta, deriblant Sondre Sundby.
– Det har brent seg fast i pannebrasken min. Det som skjedde var total overtenning. Konkurranseinstinktet «kicka» rett og slett inn, seier han og ler.
For Sundbys del låg det ingen klar tanke bak det han gjorde, anna enn at han måtte bruke dei verkemidla han hadde for å få merksemd.
I ettertid har Sundby innsett kor komisk det både høyrest og sikkert vil sjå ut:
– Det som er morosamt er at idet eg gjekk ut av konkurransen, innsåg eg at eg hadde strippa for ei 13 år gamal jente for å få merksemd, at det skal sjåast av ein million menneske, og at det skal bli sendt i juletider, konstaterer han.
Kan ikkje avsløre for mykje
Programleiar Markus Neby ser fram til fyrste desember, og seier dette om kva sjåarane kan vente seg:
– Det blir så klart 24 splitter nye konkurransar, men vilja og konkurranseinstinktet til deltakarane er like overveldande som alltid.
– Eg vil ikkje avsløre for mykje, men det blir spennande å gjenoppleve korleis deltakarane taklar utfordringar som «Gjem deg for onkel» og «Ri på Rudolf», seier Neby.
Desse er med i 24-stjerners julekalender:
Julie Marie Naglestad / NRK
Sondre Sundby
- Trenar og føredragshaldar
Julie Marie Naglestad / NRK
Karin Klouman
- Skodespelar
Julie Marie Naglestad / NRK
Ida Nysæter Rasch
- Programleiar og journalist
Julie Marie Naglestad / NRK
Mikkel Silseth
- Skodespelar
Julie Marie Naglestad / NRK
Tinashe Williamson
- Skodespelar og forfattar
Julie Marie Naglestad / NRK
Julie Marie Naglestad / NRK
Oliver Bergset
- Youtuber og Tiktoker
Julie Marie Naglestad / NRK
Julie Marie Naglestad / NRK
Hedvig Glestad
- TV-personlegdom og treningspåverkar
Julie Marie Naglestad / NRK
Einar Nilsson
- Programleiar og målar
Julie Marie Naglestad / NRK
Simon Nitsche
- Programleiar og journalist
Julie Marie Naglestad / NRK
Heidi Ruud Ellingsen
- Skodespelar og songar
Julie Marie Naglestad / NRK
Hallvard Flatland
- TV-legende
Julie Marie Naglestad / NRK
Mimir Kristijansson
- Politikar
Julie Marie Naglestad / NRK
Julie Marie Naglestad / NRK
Julie Marie Naglestad / NRK
Kristine Riis
- Skodespelar og komikar
Julie Marie Naglestad / NRK
Mimmi Lofwenius Veum
- Fotballspelar og sportskommentator
Julie Marie Naglestad / NRK
Ole Martin Årst
- Tidlegare fotballspelar, og nå sportskommentar
Julie Marie Naglestad / NRK
Hilde Skovdahl
- Coach, føredragshaldar, og forfattar
Julie Marie Naglestad / NRK
Julie Marie Naglestad / NRK
Herborg Kråkevik
- Songar og skodespelar
Julie Marie Naglestad / NRK
Kaveh Rashidi
- Lege og forfattar
Julie Marie Naglestad / NRK
Publisert 08.11.2024, kl. 12.06 Oppdatert 08.11.2024, kl. 12.18