Den nye abortlova er no vedtatt i Stortinget, og det er mange gode og sjølvsagte forslag i den nye lova. Det var på tide med nokre fornyingar av den førre lova, frå 1974.
Eg tenkjer på at legar blir gitt rett i lova til fritak for å delta i abort. Vidare at rådgiving er gitt som ein rettigheit for kvinna etter lova, uavhengig av nemnda. I ei mangfaldig og individualisert verd, er individuell rådgiving heilt avgjerande, og det er bra at rådgiving og vurdering i nemnd no er skilt ad. Alle desse endringane støttar vel dei fleste av oss. Utvidinga av kvinna sin sjølvråderett til 18 veker er vi nok fleire som er usamde om. I denne samanheng er poenget mitt at debatten i saka har vore svært smalspora langs ei linje om kvinnerettigheiter aleine, dette, sett i lys av både fosteret og mannen sine rettigheiter. Dette smale sporet for debatt vart sagt, veldig treffande, av leiar for Lytring, Anki Gerhardsen i Debatten for nokre veker sidan. Ho peika på at det offentlege ordskifte i debatten om abortspørsmålet har vore for trongt. Vi treng sjå abortsmålet i eit litt meir utvida perspektiv.
I og med utviding av abort frå 12 til 18 veker, og at tvillingabort vert likestilt med andre abortar kan vegen vere open for auke i seinabortar frå veke 12. Argumentasjon om at talet på seinabortar ikkje vil auke, er høgst hypotetisk, og det er eit reelt grunnlag for frykt for at det kan skje, sjølv om det ikkje treng bli slik. Det er opp til kvinna, og korleis dei som eventuelt prøver presse på i ein eller annan retning, opptrer. I oversikt over talet på avslag frå abortnemnder og klagenemnd, etter gamal lov er talet rett nok få, men det er likevel ein del enkelttilfelle, og kvart enkelt foster og liv er viktig.
Sjølv om kvinna i dei fleste tilfelle drøftar saka med mannen er det etter mi meining underleg at mannen ikkje er nemnd i lova i det heile. Det same gjeld rett til etisk rådgiving. Ei formulering om dette har også vore fråverande i debatten, slik eg har opplevd den. Dette trur eg er eit bomskot i ei tid der biologien får stadig høgre prioritet, er behovet for eksistensielle samtalar store. Når lova ikkje presiserer dette i paragrafen om rådgiving, kan ein ikkje ta for gitt at dette blir tatt tilstrekkeleg på alvor. Ei god sak i lova er ei presisering av at kvinna skal ikkje utsetjast for press. Dette er viktig for å demme opp mot dette, og som er allment kjent at enkelte kvinner kan oppleve frå helsepersonell. Når kvinner nå får utvida rett til 18 veker, betyr det at kvinner treng endå meir støtte for å stå mot dette presset.
Ei sak som blir spanande å følgje med på nå, etter at lova er trått i kraft, er korleis regjeringa vil prioritere kapasiteten på rådgiving i praksis ved sjukehusa, og denne skal skje gjennom samtalar med helsepersonell. Følgjer det med lova auka ressursar for dette, på sjukehusa?
Heldigvis sit det langt inne å ta abort for kvinner. Det kan vi vere glad for, men mange kan trenge betre økonomisk tilrettelegging, for å gjennomføre svangerskapet, samt støtte og vegleiing etisk for å verne om fosteret sitt rettsvern.
Eg trur vi alle kan støtte nobelprisvinnaren Albert Schweitzer sine ord om «ærefrykt for livet». Det er kva saka handlar om på tvers av ulike syn på sjølve lova. I og med at sjølvråderetten no gjeld for kvinna aleine til veke 18, vil dette ansvaret i endå større grad ligge på henne. Det er derfor bra at kvinna får rett til oppfølgingssamtale, men det er viktigare med slike eksistensielle samtaler i førekant. Derfor burde rett til rådgiving om medisinsk spørsmål og offentlege velferdstenester vore utvida til også å gjelde eksistensiell rådgiving. Det er bra at lova skal evaluerast etter 4 år.