Den gjenstridige renta

1 month ago 21



LEIAR: Mens renta fell rundt oss, tyder alt på at den norske styringsrenta ligg fast til godt ut i 2025.

Når skal den norske styringsrenta begynna å gå nedover? Det skjer neppe i år, ifølgje sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconLeder

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Stavanger Aftenblads meninger og analyser.

Torsdag sette den europeiske sentralbanken (ESB) ned styringsrenta i eurosona med 0,25 prosentpoeng. Dette var tredje rentenedgang i år, frå eit toppnivå på 4 prosent. Fredag formiddag prisa marknaden inn rett over 50 prosent sjanse for eit nytt ESB-kutt på 0,5 prosent på årets siste rentemøte 12. desember.

I slutten av september kutta den amerikanske sentralbanken si styringsrente med 0,5 prosent. Sverige har kutta styringsrenta tre gonger så langt i år.

Men i Norge ligg styringsrenta framleis stabilt på 4,5 prosent. Ingen trur lenger på eit rentekutt i år. Spørsmålet er når og kor mange kutt det kjem neste år. Ifølgje DN kan Norge neste vår ha dobbelt så høg rente som eurosona og Sverige.

For dei aller fleste av oss er renta den viktigaste faktoren i vår eigen privatøkonomi. Folk flest har lån. Rentenivået er derfor avgjerande for kor mykje pengar me har å rutta med i månaden.

Dei fleste av oss kunne sikkert godt tenkt oss lågare rente. Akkurat som me godt kunne tenkt oss at prisane på varer og tenester ikkje gjekk så mykje opp som dei har gjort dei siste åra. Det som i økonomifaget heiter inflasjon.

Men desse to tinga heng saman. Den viktigaste grunnen til at den norske renta ligg der ho gjer, er at Noregs Bank styrer renta etter eit såkalla inflasjonsmål. Prisveksten skal ideelt sett liggja stabilt rundt 2 prosent. Dei siste inflasjonstala frå september viste 3 prosent inflasjon.

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache veit at om ho set renta ned, får folk meir pengar mellom hendene. Meir pengar betyr at dei kan kjøpa meir. Auka etterspørsel kan i sin tur gi høgare prisar, altså høgare inflasjon. Og det går altså godt i norsk økonomi.

Samtidig bremsar den stadig svakare krona nedgangen me har sett i prisveksten det siste året. Ei svak norsk krone fører til at varer me importerer frå utlandet blir dyrare. Inflasjonen kan dermed gå opp.

Den svake krona kan samtidig vera eit argument for å halda den norske styringsrenta høgare, sidan høg norsk rente kan vera eit incentiv for investorar til å putta pengane sine i norske kroner.

Kva du til slutt sit igjen med når lønningsdagen nærmar seg – etter at du både har betalt renter og avdrag, varer og tenester – er altså resultatet av ei rekke vurderingar og vektingar. Renter og inflasjon blir ikkje bestemt av regjeringa eller Stortinget – sjølv om politikken sjølvsagt også påverkar økonomien, til dømes gjennom statsbudsjettet.

Nei, dette blir bestemt av økonomar. Og frå onsdag av vil Stavanger fløyma over av økonomar når festivalen Kåkånomics inviterer til 90 arrangement.

Økonomi er eit fascinerande fag som angår oss alle. Vil du forstå meir av renter, inflasjon, privatøkonomi og makroøkonomi, har du sjansen den komande veka.

Publisert:

Publisert: 20. oktober 2024 20:00

Read Entire Article